Streik

I dag vart eg utsett for streik. Spontan arbeidsnedlegging var det. Kravet frå dei streikande var krystallklårt: Innkjøp av snøfresar og auka vekepengar. Som du skjønnar så hadde eg ikkje noko val. Eg måtte sette inn statspolitiet sin snøballbrigade, dei streikande skulle tvingast tilbake på jobb.

image
Prototypen på ein streikeborg

 

Snøballkrig er artig og etter som konflikta utvikla seg var det og ein kjempesjanse til å snakke med ungane om streik, samhald og solidaritet. Det var ein sjanse til å fortelle om tidlegare arbeidskampar og fagorganisering. Det var ein sjanse til å fortelle at så seint som i fjor arresterte norsk politi streikande hamnearbeidarar her i Tromsø når dei var i konflikt.

Det aller artigaste var å sjå korleis krava til dei streikande utvikla seg. Snøfresar var ikkje det viktigaste. Før snøballkrigen var over hadde dei utvikla grunnlaget for ein leksestreik. Kravet var ein halv time meir skole kvar dag mot at det ikkje skulle vere lekser. Dei hadde og ein diskusjon om at dei kunne godta ein times lenger skoledag om det var det som skulle til for å bli kvitt leksene. Kampmidla dei valte var kanskje litt uortodokse. Ein streikesnøborg var det første som måtte på plass. Kanskke det er noko å tenkje på for LO neste gong det er streik?

Vart det noko snømåking på dei? Nei, solidariteten blant dei streikande forblei ubroten og arbeidsgjevaren måtte måkke åleine.

Kanskje kravet om snøfresar ikkje var så dumt likevel?

Snøfresar

Så er eg komen til det stadiet i livet, ein plass eg ikkje trudde eg skulle komme til. Eg sit her og tenkjer på snøfresarar. Eg tenkjer på kva kriteria ein vel snøfresarar etter. Er det hestekrefter? Er det kor høgt dei kastar snøen? Eller er det valet mellom belte og hjul som er det  avgjerande?

Sanneleg om eg veit, men eg merkar at interessen aukar i takt med at snøen lavar ned. Er det forresten stor kvalitetsskilnad på snøfresarar? Og, lagar Massey Fergusson snøfresarar?

Eller kanskje dette er artigare: