Erna Solberg
Politikk, Troms og Tromsø

Tromsø – det blåblå utstillingsvindauget

Erna Solberg

Erna Solberg er ikkje sosialdemokrat. Foto: Høgre (dei har copyright på biletet, og derfor gjeld ikkje den generelle CC-lisensen for bloggen min på dette biletet)

Det er no litt over eit år til neste stortingsval. Meiningsmålingane tyder på at det er ein stor fare for at dei blå vinn makta i riket. Kva kan det føre til?

I den samanhengen kan det vere verd å ta ein titt på kva som skjer i Tromsø. Høgre, Venstre og Frp vann kommunevalet i Tromsø i fjor haust etter 12 år med raud-grønt styre. Dei innførte parlamentarisme i kommunen, noko som kostar oss 16 millionar i året. Og, dei starta med borgarleg politikk, naturleg nok.

Kva er situasjonen i Tromsø. To av parti som samarbeider har folk i leiinga som er sterkt ideologiske. Dei trur ærleg og oppriktig at marknaden løyser dei aller fleste oppgåver betre enn kva vi kan klare i fellesskap. Det siste partiet er mindre ideologisk opptatt av marknadsløysningar, men har ein allergi mot alt av bilavgifter.

Kva har vi sett frå dette byrådet det drøye halve året sidan dei kom til makta?

  • Dei har stoppa bygging av ny innfartsveg til Tromsø på grunn av den patologiske motstanden mot bompengar
  • Dei har kutta pengar til skolane og barnehagane
  • Dei ønskjer å gjere om alle barnehagane til as
  • Dei har lagt opp til ei valdsam utviding av skjenketidene
  • Nordlys har fått tilgang til et notat som viser at byrådet jobber med å åpne anbud på all kommunal drift.
  • Kutt i vedlikahald av offentlege fellesareal
  • Reklamefinasiering av bussskur
  • Innført såkalla «fritt» skoleval i grunnskolen

Vi skal sjølvsagt ikkje vere overraska over at høgrepartia fører høgrepolitikk. Det skulle vel eigentleg berre mangle. Men, dette viser med all tydelegheit at utsagnet “vi er alle sosialdemokratar” ikkje er sant. Dei politiske skiljelinene er der og i Tromsø har dei blitt tydelege. Dette viser og at snakket om at i kommunepolitikken betyr ikkje partia så mykje – det viktigaste er flinke folk er feil. Det er sjølvsagt bra med flinke folk, men hovudspørsmålet er kva dei er flinke til. Er dei flinke til å bygge fellesskap og velferd, eller flinke til å privatisere og konkurranseutsette?

Den lærdomen vi kan trekke frå det som no skjer i Tromsø er at Erna Solberg, Siv Jensen og Trine Skei Grande ikkje er sosialdemokratar. Dei meiner alvor med å konkurranseutsette, kutte i sjukeløn, innføre private skolar og gje arbeidsgjevaren meir makt over arbeidstakarane.

Så, bruk det blåblå utstillingsvindauget for kva det er verd framover. For underleg nok, gjev du høgrepartia makta så får du høgrepolitikk.

 

 

Standard