Klima, Olje, Økonomi, Politikk, SV

Betre å spare på botn av havet?

Verda er inne i ei stor finanskrise. Verdiane av aksjer og obligasjonar er i fritt fall. Med det fell og verdien av det norske oljefondet. Då er det verd å spørre seg; ville det ikkje vore betre å spare olja på botn av havet enn i aksjar? Dette har SV hevda i mange år. Eit døme kan vere B.innst.S.nr.8 (1996-1997). Der skreiv SV sin representant: «Etter dette medlems oppfatning vil det være samfunnsøkonomisk mest korrekt å spare ved å la større deler av vår olje- og gassformue ligge igjen til framtidige generasjoner.»

Treng vi dette når vi ikkje treng pengane?

Treng vi dette når vi ikkje treng pengane?

Det er no på tide at vi tar lærdom av det som skjer på børsane i verda og sparer olja og gassen – ikkje som pengar, aksjer og obligasjonar, men som hydrokarbonar på botn av havet. Der ligg ressursane trygt. Det er lenge sidan det var krakk i Nordsjøen eller Barentshavet.

Det som i alle fall no er heilt tydeleg er at det ikkje hastar med å pumpe opp eventuell olje og gass utanfor kysten av Nord-Noreg. Det kan kanskje komme ei tid når dette er lurt, den tida er ikkje no. La oss nytte lærdomane frå finanskrisa til å varig verne havet utanfor Lofoten, Vesterålen og Troms mot oljeutvinning og bremse kraftig opp i Barentshavet. Goliat treng vi ikkje bygge ut no, Nucula kan godt vente!

SV meiner at vi må satse aktivt på å bygge opp andre næringar og auke lønsemda i tradisjonelle næringar som fiske og havbruk. Då bygger vi framtida utan å gjere oss avhengige av å øydelegge miljøet eller børsprisane i New York.

Du må gjerne bli medlem i SV for å styrke oss i kampen mot oljeutvinning

Eg har tidlegare skrive eit innlegg som heiter «Treng vi olja». Ta ein titt då vel.

Standard