Troms og Tromsø

Bodø er den største tettstaden i Nord-Noreg

Armageddon er her. Bodø er blitt større enn Tromsø! Etter revideringa av korleis SSB definerer ein tettstad er Bodø blitt større enn Tromsø.

Det skjer fordi Tromsø er blitt delt i fire. Tromsdalen, Hamna og Kvaløysletta er skilt ut som eigne tettstader. Oslo er den suverent største tettstaden i Noreg med 925 tusen innbyggarar. Det er rett før Oslo med rette kan kalle seg ein millionby. Bergen er så vidt større enn Stavanger/Sandnes med 247 tusen kontra 203 tusen innbyggarar. Trondheim kjem på fjerdeplass med 169 tusen innbyggarar.

Her er lista over dei 30 største tettstadene i Nord-Noreg:

7501 Bodø 38973
8011 Tromsø 32774
8003 Harstad 20429
7631 Mo i Rana 18358
8261 Tromsdalen 16071
8542 Alta 14272
7512 Narvik 14094
7581 Mosjøen 9665
8262 Kvaløysletta 7976
8501 Hammerfest 7568
7692 Fauske 6061
7572 Sandnessjøen 5930
8521 Vadsø 5116
7851 Sortland 5101
7542 Brønnøysund 4924
7814 Svolvær 4487
8121 Finnsnes 4371
8020 Hamna 3938
8684 Kirkenes 3498
7821 Stokmarknes 3286
7802 Leknes 3176
7502 Løding 2992
7861 Andenes 2694
7681 Rognan 2603
8683 Bjørnevatn 2503
8602 Honningsvåg 2415
8061 Setermoen 2393
8171 Skjervøy 2341
8611 Lakselv 2258
7503 Løpsmarka 2223

Foto: Trond Henningsen/Wikimedia Commons

Standard
Økonomi

Kor ille er krisa?

Vi er midt inne i ei finanskrise – kan det sjå ut som. Bankar kollapsar, renta stig og vi kjenner oss alle meir utrygge. Denne typen kriser kjem med jamne mellomrom. Det eg trur er viktig å merke seg er at det ikkje blir færre fabrikkar av at aksjene stuper. Det blir ikkje færre hus av at bankar går konkurs. Kort sagt, realøkonomien er ikkje forandra. Vi kan framleis bu, vi kan framleis produsere. Korfor skjer då denne krisa, for krisa om ho fortset vil få konsekvensar og for realøkonomien. Det vil bli bygd færre nye hus, det vil bli investert i færre nye fabrikkar. Altså, ei krise som ikkje har noko med realøkonomien å gjere, vil få konsekvensar for realøkonomien.

The economist skriv:

Of the 129m housing units in America, 18.6m stand empty. At 2.9%, the home-owner vacancy rate, which measures the share of vacant homes for sale, has reached its highest point since measurement began in 1956. At the end of the first quarter there were 2.3m empty homes on the market, an increase of more than 160,000 from the end of 2007. There is a vicious circle: the huge number of houses on the market pushes home prices down, and as prices decrease, mortgages become harder to refinance, leading to more foreclosures, vacancies and so on. The more homes are on the market, the less chance that prices will stabilise.

Med andre ord meiner dei at færre må få hus om dette skal gå over. Det er snakk om store summar for ein eller annan her. Dagbladet skriv:

Før helga vurderte myndighetene også å sette under administrasjon boliglånskjempene Fannie Mae og Freddie Mac. De to selskapene er långiver eller garantist for ufattelige 5,2 billoner dollar, nesten halvparten av alle boliglån i USA, og spiller en nøkkelrolle i amerikansk boligfinansiering.

Eg kjenner at eg ikkje klarer å hisse meg opp over at bankane taper store pengar. Pengar er i denne samanhengen berre tal, som ikkje direkte gjenspeglar verdiar i samfunnet. Verdien av eit hus er jo heilt konkret og ikkje ein imaginær sum. Eg vil seie at huset mitt eller ditt er verd det same for oss om pengeverdien er to eller fire millionar. Likevel er det jo slik at at pengeverdien er heilt konkret for meg og deg, medan han er virtuell for dei store bankane. Eit mykje verre problem enn at bankane taper pengar er dei siste tala som SSB publiserte her om dagen. SSB skriv:

Ser vi på tiårsperioden 1997-2007 under ett har boutgiftene økt sterkt for alle typer husholdninger. Størst har økningen vært for småbarnsfamilier og aleneboende 45-66 år, som har opplevd omtrent en fordobling. Gjennomsnittlige boutgifter for alle typer husholdninger var om lag 55 000 kroner i 2007. De som er i etableringsfasen har de høyeste boutgiftene. I 2007 var utgiftene for småbarnsfamilier om lag 110 000 kroner. Deretter følger par med barn i alderen 7-19 år og yngre par uten barn, begge med om lag 85 000 kroner, og enslige forsørgere med snaut 80 000 kroner. Lavest boutgifter hadde eldre par og eldre aleneboende.

Eg trur dette kjem av at vi ikkje lenger har ein sosial bustadpolitikk i dette landet. Når det ikkje lenger er råd å få leigd ein bustad til ein OK pris.Det er på tide at politikere igjen tar styringen over et marked ute av kontroll. Kanskje går det an å håpe på at burettslag kan bli rehabilitert – og ikkje berre vere eit spekulasjonsobjekt. Husbanken må igjen få rammer som gjer at kommunane kan bygge billige utleigebustader. Dersom ein tidel av bustadene var offentlege utleigebustader ville det og skape eit tak i marknadene som gjer at andre priser ikkje igjen kan ta av.

Vi må og styrke ordninga med billige etableringslån, men kanskje sette tak på talet på kvadratmeter slik at dett eikkje bidrar til enno større og dyrare bustader. Dersom vi gjer dette kan vi kanskje riste litt på hovudet over den store finansielle krisa «over there»<

Standard
Olje, Sosialisme

Store forskjeller på folk

I går la SSB ut nok ein av mange spanande statistikkar. Denne gongen handlar det om fordelinga av rikdomen og inntekta i landet. Statistikken viser at det er svært stor skilnad mellom fylka i landet. I følgje denne statistikken er BNP per innbyggjar i Oslo 600 959 kroner, medan det i Nord-Trøndelag er 217 471 kroner. Kan det verkeleg vere sånn att innbyggjarane i Oslo er tre gonger meir effektive enn innbyggjarane i Nord-Trøndelag? Eg tviler.

Det denne statistikken viser er at Noreg er eit svært sentralisert land. Der resultata av arbeid i resten av landet blir inntektsført i Oslo. Den største verdiskapinga i landet (i alle fall slik det blir rekna i BNP) skjer innafor olje og gass. Då kan det ikkje vere rett at BNP per innbyggjar er dobbelt så høgt i Oslo som i Rogaland. Dette viser at vi som bur utanfor Oslo alt for lenge har akseptert å stå med hovudet i olja og fisken, medan profitten har hamna andre stader. Dette gjev seg og utslag i lønningar og disponibel inntekt for folk. Den disponible inntekta per innbyggjar i Oslo er 243 752 kroner, medan inntekta i Sogn og Fjordane er 161 849 kroner. Sjølv om det er store skilnader innad i Oslo viser dette tydeleg at den regionale dimmensjone får alt for liten plass i norsk politikk.

Dette landet treng ein politikk for å redusere skilnader mellom klasser, men i like stor grad for å utlikne skilnadene mellom fylka i landet. Kanskje på tide at vi tar til å prate om distriktspolitikk igjen i dette landet vårt?

Standard