Kommunepolitikk,Politikk

Utviklinga langs Stakkevollvegen

Det har vore litt travelt i det siste. Vi skal arrangere felles fylkesårsmøte mellom Troms og Finnmark SV, det foregår mykje i kommunepolitikken, så denne førbloggen før møte i byutviklingskomiteen kjem litt seint. Det blir heller ikkje så fyldig omtale av sakene. Men eg tar uansett gjerne mot innspel, her på bloggen, på facebook og i kommentarfeltet. Heile sakslista finn du litt lenger nede.

Det som er den aller viktigaste saka i dette komitemøtet er kommunedelplanen for Stakkevollvegen. Området mellom Hansjordnesbukta og Erling Kjeldesens veg (Tverrforbindelsen). Dette er altså ikkje om vegen om om korleis dette området skal bli transformert frå sliten industri til bustader og nye næringar. Det er ein to tre ting som er viktige. 1. Vi må sørge for at det blir ein god og miljøvenleg bydel å bu i, 2. Vi må sørge for at vi utnytter arealet på ein god måte, 3. og vi må sørge for framdrift i endringa av området. Skal vi bygge ein by der folk kan bu nært store arbeidsplassar og sentrum og kunne komme seg i mellom utan å bruke bilen dagleg så er dette området sjølve nøkkelen. Planen er god, men eg er litt bekymra for framdrifta den skaper i nokre av områda. Også må vi sikre rask sykkelveg gjennom området når det no ikkje vart plass til det langs sjølve Stakkevollvegen.

Prostneset park kan bli flott! Bilde frå forprosjektet

Prostneset park synst eg er eit kjempespennande prosjekt. Dokker har sikkert lest om det i avisa. Eg trur det kan bli fantastisk fint for byen, men eg kjenner på at å sette i gang eit prosjekt til 85 millionar er litt vanskeleg. Men kanskje er det naudsynt for å utvikle sentrum.

Så er det to viktige saker om skolane våre. Handlingsplan for uterom og grunnlagsdokument for skolebygg. Begge sakene har vore oppe før, men vart sendt attende for å sikre betre drøftingar med mellom andre fagforeiningane før vedtak. Så kva synst du, kan vi vedta dei slik dei er no?

Så kunne eg sjølvsagt skrive mykje om Tromsømarka, og sluttraporten frå det prosjektet. Men eg tenkjer at det viktigaste er at vi no ikkje glømmer vedlikehald og vidare utvikling av marka. Det ville vore trist for alt det flotte som er gjort.

 

Saksnr Tittel Saksdok
0008/18 SLUTTRAPPORT FOR TROMSØMARKAPROSJEKTET  

Fremlegg
0009/18 PLAN 253 – KOMMUNEDELPLAN BYUTVIKLINGSOMRÅDE STAKKEVOLLVEGEN – ENDELIG VEDTAK  

Fremlegg
0010/18 BYUTREDNING FOR TROMSØ  

Fremlegg
0011/18 HANDLINGSPLAN FOR UTEROM VED SKOLER I TROMSØ KOMMUNE 2018-2021  

Fremlegg
0012/18 PROSTNESET PARK – FORPROSJEKT OG FINANSIERING  

Fremlegg
0013/18 KVITFJELL OG RAUDFJELL VINDKRAFTVERK – MILJØ-, TRANSPORT- OG ANLEGGSPLAN. ORIENTERING.  

Fremlegg
0014/18 SJØFRONTEN, TROMSØ SENTRUM – INTENSJONSAVTALE MED KORO  

Fremlegg
0015/18 KUNNSKAPSSKOLEN – GRUNNLAGSDOKUMENT FOR SKOLEANLEGG I TROMSØ KOMMUNE 2017-2027  

Fremlegg
0016/18 KLAGE PÅ VEDTAK: PLAN 1869 – REGULERINGSPLAN FOR KVARTALET STORGATA 164-168  

Fremlegg
0017/18 TURRELVA I – SØKNAD OM KONSESJON FOR VANNKRAFTUTBYGGING. KOMMUNENS UTTALELSE  

Fremlegg
0018/18 ORIENTERING STATUS NØDALARMSENTRALEN OG FRAMTIDIG SAMLOKALISERING MED 112  

Fremlegg
0019/18 MINSAK – NY LEKEPLASS I TROMSØ SENTRUM  

Fremlegg
0020/18 BYUTVIKLING- MILJØ- OG TRANSPORTKOMITEEN 2017 – ORIENTERING OM REGULERINGSSAKER LAGT UT AV FORMANNSKAPET – OFFENTLIG ETTERSYN  

Fremlegg

Få ein epost neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Standard