Betre sykkelforhold i Tromsø – verda går framover

I dag har eg lyst til å komme med ros til både til det forrige raud-grønne styret i Tromsø som sette i gang tromsømarkaprosjektet, og til det borgarlege byrådet som har halde fram og støtta opp.

I 2008 skreiv eg eit brev til kommunen om at det mangla 100 meter med grus for å binde saman øvre Stakkevollan med sentrum på ein enkel måte for syklistar. Den gongen såg det ut som dette:

Vegen nedafor Arktisk-biologisk
Vegen nedafor Arktisk-biologisk

No er det på grunn av tromsømarkaprosjektet (i samarbeid med sykkelbyen Tromsø, trur eg) skjedd store framsteg. Då eg i dag sykla ein tur oppom Stakkevollan for å besøke nokon såg same strekka ut som dette:

2013-08-24 12.31.25

Det er ikkje heilt ferdig enno, men vi kan slå fast at verda går framover

Vatn i bassenga

Dette får ikkje lenger elevane i Kroken oppleve i skoletida. Foto: Patrick/adwriter

Det nyttar ikkje at det er vatn i bassenga dersom skolane ikkje har råd til å bruke bassenga. iTromsø  og Nordlys kan i dag melde om at rektoren på Kroken skole har avslutta svømmeundervisninga fordi skolen ikkje lenger har råd til busstransport til svømmehallen på Stakkevollan.

Konsekvensane av det borgarlege byrådet sin politikk og prioriteringar blir tydelegare og tydelegare. Først vart det avgjort at elevane i Tromsø ikkje skulle få leirskole, så stengte skolane tilgang til skolebygningane på kveldstid fordi det vart for dyrt, så blir det no slutt på svømmeundervisninga. Byrådet frå Høgre har heldigvis snudd på dei to første områda. La oss håpe dei snur på det siste og.

Det borgarlege fleirtalet i kommunestyret kutta 16 millionar frå skolane då dei vedtok budsjettet i haust. Det mangla heller ikkje på advarslar og alternative forslag den gongen. 16 millionar er ganske likt den summen det kostar at Høgre saman med Ap og Frp innførte parlamentarisk styresett. Eg skreiv om det her “Feitare politikarar og slankare elevar”.

Kvart år døyr mange menneske i Noreg i drukningsulukker. Nokre av desse kunen vore redde om svømmeopplæringa hadde vore betre. Eg trur vi kan vere ganske sikre på at å kutte svømmeopplæringa ikkje vil vere ein fordel.

Ansvaret har Høgre, Frp og Venstre i kommunestyret i Tromsø.

Kjære Kommunen – sykkelveg

Det er litt leit å plage deg med eit brev akkurat no. Eg veit du har mykje å tenkje på. Du må skjere ned på helse og omsorg og når det er gjennomført så må du finne mange pengar til å planlegge OL. Men, det eg skal spørre om tar berre ein ettermiddag. Det har du kanskje ledig i sommar om det blir overskya og surt – og det blir det jo gjerne. Eg veit det eg lurer på blir prioritert etter dei andre store tinga, men eg trur det eg skal spørre om er noko du kan gjere med venstrehanda medan høgrehanda er opptatt med viktigare ting.

Eg og du Kommunen har minst to ting felles. Vi er begge opptatt av å gjere noko med den menneskeskapte klimaendringane gjennom å redusere utsleppa våre, og vi er interessert i folkehelse. Det vil seie du er opptatt av folkehelse, medan eg er opptatt av mi eiga helse. I dette tilfellet blir det likevel det same.

Sykkelvegar frå Stakkevollan til sentrumEg liker å sykle til jobb og barnehage, du liker at mange syklar. Det gjev meg betre helse, og eg bruker bilen mindre slik at klimapåverknaden blir mindre. Her ha vi vel felles mål? I alle fall, viss eg og andre skal sykle må det leggast til rette for sykling. Eg og mange andre bur langt oppe på Stakkevollan (Det som kjem no gjeld i alle fall delvis dei som kjem frå Hamna og). Vi har tre alternative vegar om vi skal sykle til sentrum. Eg har illustrert dette for deg på eit kart. Du ser det til høgre her.

Den blå følgjer Stakkevollvegen. Der er det mykje trafikk, støvete, og det er langt og bratt opp Nordøyavegen på veg heim. Det er ikkje eit spesielt godt alternativ.

Sykkelvegen ved arktisk-biologiskDen raude er på mange ein god sykkelveg. Den følgjer Hansine Hansens veg, forbi Universitetet opp på Dramsvegen og til sentrum. Det er ganske lite trafikk, med mindre ein vel avstikkaren langs det grønne for å sleppe å sykle oppover ved Universitetet. Abret med desse vegane er at det er mykje opp og ned. Det kan bli tungt og er ei barriere mot sykling.

Den svarte er min favoritt. Den går gjennom skogen ved Rundvatnet på den flotte kulturstien. Vegen nedafor Arktisk-biologiskForbi Barne og ungdomspsykiatrisk poliklinikk, rett nedfor Arkisk-biologisk stasjon, forbi Kraft og opp til Dramsvegen forbi Gjennomgangsbygget. Vegen er nesten utan trafikk. Det er ingen lange bratte oppoverbakkar. Ein god sykkelveg – hadde det ikkje vore for ein kort liten bit. Og her kjem vi til spørsmålet mitt kjære kommune.

Stien nedfor Arktisk-biologisk stasjon er ein gjørmete krøttersti. Humpete og vanskeleg å sykle, spesielt om du har barn med deg. Det burde vel desse to bileta tydeleg vise.

Kart nedafor Arktisk-biologiskKartet viser og tydeleg at det ikkje er lange biten det står på. 225 meter for å vere eksakt. Litt grus det er alt eg ber. Eg trur ikkje det blir så dyrt. Du har kanskje litt grus liggande etter større og viktigare prosjekt som kan passe til dette.

Dersom stien skal vere 1,2 meter brei, og vi i snitt treng 0,3 meter masse fylt på stien og lengda er 225 meter skulle dette bety ca 81 kubikk grus. Eg veit ikkje nøyaktig kostnad. Men noko særleg over 20 000,- kroner kan det ikkje koste. Då har du sikkert råd til tre små røyr til stikkrenner og.

Kjære kommune. Dette er eg sikker på at du kan gjere med venstrehanda og i forbifarten når du ikkje er opptatt med viktigare ting. Då vil du ordne ein viktig flaskehals i sykkelvegnettet i Tromsø, og mange vil bli glade. Nokre glade innbyggarar er vel ein god ide, i alle fall ein gong i blant. Eg ser fram til å høyre frå deg om denne saka, og lykke til med alle dei store og viktige oppgåvene dine.

Din gode ven
Pål Julius Skogholt