Siste dag på stand – god måling i Troms

sjovegan
Magnar Åmo og Jarle Adolfsen bemanna standen på Sjøvegan i dag. Olje var det temaet flest ville diskutere. Foto: Pål Julius Skogholt

Så var denne valkampen nesten over. Det gjenstår enno å ta nokre telefonar, sende nokre SMSar, men i hovudsak er det no slutt. I dag var eg på stand på Sjøvegan. det var hyggeleg. Det vart nye medlemmar i partiet og god stemning. God stemning blir det og av gode målingar. I dagens meiningsmåling i Nordlys var SV inne i Troms med eit direktemandat. 10,7% for SV. Det gjev ein liten opptur på slutten. Vi kan likevel ikkje vere trygge, det er små marginar.

Eg vil oppfordre alle til å ta telefonen fatt i ettermiddag og kveld. Fem telefonar til vennar og kjente som kan tenke seg å stemme SV kan vere det som skal til for å trygge mandatet.

Her er tre god argument du kan bruke:

1. SV sikrar ein god offentleg skole. Høgresida vil opne for private skolar. 1200 elevplassar i vidaregåande skole i Troms ønskte dei å privatisere ved forrige val. Det fekk SV stoppa den gongen, det skal vi gjere igjen. Vi såg nettopp ein konkurs i Tromsø av ein privat skole. No står elevane utan vitnemål. SV er tryggheit, høgrsida er utryggheit.

2. Ein stemme til SV er den beste oljevernberedskapen vi har. SV vil kjempe beinhardt mot oljeboring utanfor den vêrharde kysten vår. Det er berre SV som kan hindre oljeboring. Ap og Frp vil ha fleirtal på tinget. Utan at SV klarere å binde AP til maste i ei regjeringserklæring blir det fleirtal for oljeboring utanfor Loftoen, Vesterålen og Senja uavhengig av kva Venstre og Krf gjer.

3. Ein stemme til SV er ein stemme for at Noreg skal ta eit ansvar internasjonalt gjennom bistand og gjennom aktivt arbeid for ein god klimaavtale.