Feature, Økonomi

Moms på elektroniske tenester

I Twittersfæren er ein av dei store debattane i etterkant av framlegginga av statsbudsjettet blitt om moms på elektroniske tenester frå utlandet. Eg har hatt ei utveksling med @dagbnor om denne saka, og fann ut at eg hadde trong til å bruke litt meir enn 140 teikn på denne diskusjonen. På 140 teikn (som er grensa for ei twittermelding) vart eg alt for bastant kjente eg.

I denne saka har vi minst to motstridande behov. På den eine sida har vi eit behov og ønske om fri informasjons- og  kunnskapsutveksling. På den andre sida finn vi behovet for å finansiere den norske velferdsstaten og å likebehandle næringar.

Eg legg stor vekt på at vi i Noreg og i verda må ha størst muleg grad av informasjons- og kunnskapsutveksling. Det veks vi på som menneske, samfunn og økonomi. Kunnskap og informasjon er grunnlaget for den menneskelege sivilisasjonen.  For eigen del prøver eg å gjere mitt blant anna ved å vere aktiv på Wikipedia og eg har lagt ut ei av bøkene til far min til gratis nedlasting her på bloggen. Viktigare enn dette, er det likevel at vi har tilgang til internasjonal forsking, politiske idear, filosofi, musikk og litteratur.

Dersom eg skulle ta denne fråsegna på alvor ville det vel vore naturleg at eg og gjekk inn for at det ikkje burde vere skatt/moms på informasjon og kunnskap?

Eg er ikkje så heilt sikker på det.

Det er to grunnar til det. Sjølv om informasjon og kunnskap i vid forstand er ein viktig innsatsfaktor for næringslivet er den ikkje viktigare enn andre innsatsfaktorar. Vi har moms på papir, sjølv om det er ein viktig innsatsfaktor for å lage bøker. Vi skattlegg olje, sjølv om det er ein viktig innsatsfaktor. I tillegg er informasjon og kunnskap ein stadig større del av norsk og internasjonal økonomi. Produksjon av symbol (alt frå konsulentrapportar til musikk) er i ulik forstand er ein veksande del av økonomien. Dersom denne delen av økonomien skal vere unntatt skatt blir byrda på resten av økonomien desto større.

Eg meiner det er rett å dele byrda med å bere velferdsstaten – rekninga for skolen, sjukehusa og eldreomsorgen – på heile økonomien. Det har vi gjort i Noreg sidan momsen på tenester vart innført i 2001. Då er det vel naturleg at slike tenester – slike symbol – kjøpt frå utlandet skal ha det same skatetregime. Importerer du ein bruktbil frå Tyskland må du betale moms ved innførsel. Dersom vi ikkje gjer det slik vil det vere umuleg å leve av å produsere symbol i Noreg.

Så er eg sjølvsagt – reint personleg – ikkje glad for at e-bøkene eg kjøper frå Amazon eller elib.se blir dyrare, like lite som eg personleg liker at snusen blir dyrare.

Så er det ein annan diskusjon om det reint praktisk er muleg å få dette til, men det reknar eg med at finansdepartementet har tenkt på. Det vil sjølvsagt alltid vere muleg å omgå systemet – slik du i dag kan smugle både kjøtt og alkohol frå Sverige om du vil.

Eg tenkje og at dette er ein annan diskusjon, enn diskusjonen om moms på e-bøker. Det kan det vere ulike syn på, men skal det vere på norske må det og vere på utanlandske.

Eg klarer ikkje å sjå at momsen vil hindre fri utveksling av idear, informasjon og kunnskap.

VG skriv om saka her, og lenker til mange blogginnlegg.

Eirik Newth er som så ofte verd å lese. Det er og ein livleg debatt over hos Bekkelund.

Standard
Sigbjørn Johnsen
Arbeid og trygd, Feature, Økonomi, Politikk

Eit budsjett for miljøteknologi og innovasjon

Sigbjørn Johnsen

Finansminister Sigbjørn Johnsen la i dag fram eit godt statsbudsjett for landet. Satsing på miljø og innovasjon, samt barn og unge peikar framover. Foto: Wikipedia

I Næringsdepartementet har hovudfokus i dette budsjettet vore på det vi skal leve av i framtida.  Det er ei stor satsing på dei teknologiane vi skal leve av framover. Det tyder at forsking og miljø får ein auke i eit stramt budsjett. Dette vil vere med på å legge til rette for eit grønare næringsliv og vil legge grunnlaget for dei bedriftene som skal bere velferdsstaten i framtida.

Miljøteknologi

På næringsdepartementet sitt budsjett vil det i 2011 blir brukt 267 millionar kroner direkte mot miljøteknologi for å få på plass pilot- og demonstrasjonsprosjekt. Det er likevel slik at dei fleste miljøprosjekta får stønad gjennom dei ordinære verkemidla der dei konkurrerer med andre prosjekt. Det betyr at den samla summen brukt på utvikling av miljøteknologi, vil vere ein god del høgare enn 267 millionar.

Regjeringa varsla i samanheng med revidert budsjett for 2010 eit nytt program for kommersialisering av miljøteknologi, med ei ramme på 500 millionar kroner i perioden 2011-13. Programmet skal utnytte og supplere gjeldande verkemiddel. Ein hovuddel av fyrste løyvinga til året, på 117 mill. kroner, blir derfor tilført den etablerte foreslåtte ordninga for miljøteknologi i Innovasjon Noreg. Vidare blir det foreslått å setje av 10 mill. kroner til etablering av eit Senter for forskingsdriven innovasjon for miljøteknologi. Olje – og satsinga til energidepartementet innanfor havvind –  blir foreslått auka med 20 mill. kroner, og 20 mill. kroner blir løyvd foreslått til Transnova over Samferdselsdepartementets budsjett. I tillegg foreslår vi å vidareføre 140 mill. kroner til ordninga for miljøteknologi som blei etablert i 2010 på Innovasjon Noregs budsjett.

Meir til forsking over budsjettet til NHD

Investeringar i forsking og utvikling er avgjerande for å sikre den framtidige konkurranseevna og dermed trygge arbeidsplassar. Over Nærings- og budsjettet til handelsdepartementet foreslår regjeringa å bruke 2,18 milliardar kroner til næringsrelevant forsking og utvikling (FOU) i 2011.  FoU-kontrakter over Innovasjon Noregs budsjett blir styrkt med 20 millionar kroner til 285 millionar kronar. Brukarstyrd innovasjonsarena (BIA) blir foreslått styrkt med 10 millionar kroner, til 352,2 millionar kroner. Auka løyvingar til BIA under Forskningsrådet og FOU-kontraktar under Innovasjon Noreg skal hjelpe til å utløyse fleire gode FOU-prosjekt i bredda av norsk næringsliv. Når det gjeld dei tematiske satsingane, styrker regjeringa med dette budsjettforslaget FOU-løyvingane til miljøteknologi og marin bioprospektering.

Gulljakt i nord

Verda skrik etter råvarer, til mellom anna batteri, mobiltelefonar og vindkraftgeneratorar. Kina er den største produsenten av mange viktige mineralar, men har no innført eksporttoll på mange av desse minerala. Det betyr at det er ein stor marknad for viktige mineral, og ikkje minst er dette mineral vi treng for å kunne legge om i meir miljø vennleg retning. Derfor foreslår vi å løyve 25 millionar til leiting etter mineral i Nord-Noreg. Dette er for å starte eit fireårig prosjekt som totalt vil koste 100 millionar.

Du kan lese heile statsbudsjettet på regjeringa.no og på NHD sine nettsider.

Teknisk Ukeblad nemner miljøsatsinga her.

Alf Holmlid bloggar om saka her.

Standard
Politikk, Skole, Vidaregåande

Statsbudsjettet 2009 – Utdanning i Troms

Fagskoleutdanning innanfor helse og sosialfag blir statsfinansiert! Dette er noko av det som Troms vil merke av Statsbudsjettet 2009. Budsjettet legg og opp til satsing på betre kvalitet i grunnopplæringa og meir midlar til forsking og høgre utdanning i nordområda.

Ein foreslått vekst i dei frie inntektene til Troms fylkeskommune på 8,8 prosent vil komme den vidaregåande opplæringa i fylket til gode.

Fagskoleutdanning innanfor helse og sosialfag blir statsfinansiert
Fagskoleutdanning innanfor helse og sosialfag har ikkje gitt tilskot frå staten til no. Troms fylkeskommune har med eit naudrop klart å prioritere midlar til eit slikt tilbod på trass av manglande statsstøtte. For 2009 foreslår Regjeringa å etablere ei eiga tilskotsordning til fagskoleutdanning innanfor helse og sosialfag. Dette sikrar at vi kan gje slike tilbod i framtida, og er viktig for den generelle rekrutteringa til helse og sosialfaga.

Gode lærarar og leiarar i skolen
Lærarane er nøkkelpersonar for å betre kvaliteten i opplæringa. Regjeringa vil løyve 400 mill til etter og vidareutdanning for lærarar og rektorar. Kompetansesatsinga som byrja som eit treårig prosjekt med Kunnskapsløftet i 2006, kan no halde fram med like stor kraft i åra som kjem. Regjeringa foreslår også ei ordning for å rekruttere lærarar i språk og realfag til vidaregåande opplæring. Ordninga inneber ei avskriving av utdanningsgjeld for dei ordninga skal gjelde.
Gratis læremidlar for alle elevar i vidaregåande skole blir ein realitet når regjeringa i 2009 fullfører finansieringa av læremidlar i vidaregåande skole.

Tidleg innsats og betre tilpassa opplæring
Undersøkingar viser at grunnleggande kunnskapar frå barne og ungdomstrinna er svært viktig for å klare å fullføre vidaregåande opplæring. Det ligg ei rekke tiltak i statsbudsjettet for meir tilpassa opplæring. Kartleggingssystem som gir godt grunnlag for tidleg innsats er eit av forslaga. Dersom ein lukkast med tidleg innsats for grunnleggande kunnskapar, vil dette truleg bety mykje for resultat og gjennomføring i vidaregåande skole.

Gode meldingar til høgre utdanning og forsking i Troms
Nordområdesatsinga på forsking og høgre utdanning aukar med meir enn 100 millionar kroner. Sjølv om det ikkje ligg konkrete satsingar mot vidaregåande opplæring, er dette gledeleg for kompetanse-Troms.

  • Regjeringa vil bidra med 5 millionar til finansiering av bachelor i luftsfartsfag ved Universitetet i Tromsø.
  • Regjeringa vil løyve 22 mill kroner til oppretting av eit kompetansesenter for is og klima ved Norsk Polarinstitutt. Dette vil vere viktig for oppbygging av slik kompetanse i vidaregåande opplæring.
  • Arbeidet med marin bioprospektering i Tromsø blir styrka med 10 mill kroner. Ein million av dette skal brukast til å styrke bioteknologiforskninga (MABIT).
  • Det blir oppretta fleire nye rekrutteringsstillingar ved universitet og høgskolar.

Dagen for statsbudsjettet er den store pressemeldingsdagen i norsk politikk. Dette var mitt bidrag i dag.

    Standard
    Arbeid og trygd, Økonomi, Politikk, Sosialisme

    Eit fattigdomsløft

    Skattelette for dei med lågast inntekt. Auking av sosialhjelpsatsane. Dette er SVs hovudkrav i Statsbudsjettet for 2009 i følgje Heikki Holmås. Han er SVs finanspolitiske talsmann på Stortinget. Dette er svært godt nytt. I dette landet som flommar over av mjølk og honning, treng vi eit løft for dei som har minst. Eg er svært glad for dette løftet frå Holmås.

    Til Dagsavisen seier Holmås: Lavlønte som tjener under 200.000 kroner må få flere milliarder kroner i skattelette. Det må bli flere tusen kroner til hver. Vi må bruke skattesystemet til å ta fra de med høye inntekter, og omfordele til folk med lave inntekter.

    Når dette blir kombinert med eit løft i sosialhjelpsatsane så er vi på rett veg, på veg mot målet om å avskaffe fattigdomen.

    Standard