Feature, Politikk, Troms og Tromsø

Stemmerett for 16-åringane

I dag vedtok fylkestinget framlegget mitt om å søke om å vere med på eit forsøk med stemmerett for 16-åringar i Troms. Høgresida (Frp, Høgre og Krf) gjekk også denne gongen mot å utvide stemmeretten, slik dei var mot røysterett for kvinner eller var mot å senke stemmealderen til både 21 og 18 år.

Kanskje kan 16-åringane i Troms få bruke denne urna i framtida

Kanskje kan 16-åringane i Troms få bruke denne urna i framtida

I Stortingsmelding nr 33 (2007-2008) skriv kommunaldepartementet:

Eit av hovudpoenga i rapporten er at dei unge må få reelle moglegheiter for påverknad på dei arenaene der dei deltek. Gruppa meiner det er naudsynt at ein ikkje «leikar demokrati». Dersom unge opplever at dei ikkje vert tekne på alvor, trur gruppa at dette svekkjer vona om at unge ønskjer å delta og å påverka samfunnet. Kunnskap om politisk arbeid vert også framheva av gruppa, og dei la sterk vekt på at skulen spelar ei avgjerande rolle for å auka den demokratiske deltakinga mellom ungdom.

Dette skal vi legge oss på minne. Eg er glad for dette forsøket som fylkestinget no opnar for. Eg trur det vil inkludere fleir i demokratiske prosessar. Eg håper no at Stortinget vil opne for forsøksordning ved fylkestingsvalet i 2011 og at vi Troms får vere med på å prøve dette.

Kva meiner du om denne saka?

Standard
Fylkesting, Politikk, Troms og Tromsø, Val

Stemmerett for 16-åringar i Troms

Fylkesrådet i Troms gjekk i dag inn for at 16-åringar skal få stemmerett ved fylkestingsvalet i Troms. Regjeringa har foreslått ei prøveordning med stemmerett for 16-åringar ved kommunevalet i 2011, no meiner vi at dette bør prøvast òg ved fylkestingsvalet.

Fylkeskommunen har ansvaret for vidaregåande skolar og kollektivtrafikken. Dette er ting vi veit ungdom er opptatt av og har kunnskap om. Det er vel så naturleg å gjennomføre eit forsøk ved fylkestingsvalet som ved kommunevalet. Det er ikkje unaturleg å tru at ein 16-åring er meir opptatt av vidaregåande skole enn grunnskolen.

I Stortingsmelding nr. 33 (2007-2008) opnar regjeringa for forsøk med stemmerett for 16-åringar. I Stortingsmeldinga tilrår regjeringaforsøk berre i kommunane. Vi vil no ta kontakt med partia på Stortinget og be dei vurdere dette òg ved fylkestingsval. Departementet skriv i Stortingsmeldinga:

Å utvida veljargruppa er ein måte å få fleire unge inn i rolla som aktive innbyggjarar i lokalsamfunna sine. På den andre sida er det uvisst i kor stor grad 16 – 17-åringar vil nytta røysteretten sin. Det vil òg vera spørsmål om korleis ein best kan leggja til rette for informasjon til denne nye gruppa. Det kan til dømes skje i samarbeid med skuleverket. Departementet tilrår derfor at dette i første omgang vert prøvd ut som forsøk i nokre få, einskilde kommunar. På den måten vil ein kunna få kunnskap om nivået på deltakinga. Ein vil òg kunna sjå på i kor stor grad forsøket har gjort at denne nye gruppa med røysterett, og også ungdom som i dag har røysterett, er vortne meir medvitne om si rolle i det lokale samfunnslivet og moglegheita for å vera med på å påverka dei lokale høva rundt seg.

Forslaget frå fylkesrådet kjem i ei større sak om ungdomsmedverknad på regionalpolitisk nivå som skal opp på fylkestinget i oktober. I denne meldinga foreslår fylkesrådet å opprette Troms fylkeskommunes ungdomsråd som skal veljast av ungdomskonferansen/Ungdomens fylkesting. Dette er ein del av arbeidet frå fylkeskommunen med å gje ungdom ei sterkare stemme i arbeidet i fylkeskommunen.

Fylkesrådet vil òg ta kontakt med Finnmark for å undersøkje moglegheita for å samarbeide om eit elevombod i dei to fylka.

Standard