10 tips for behagleg vintersykling

Det er overraskande greitt å sykle heile året – sjølv her i Tromsø.

Eg har sykla vinterstid i Tromsø i rundt 20 år, det er godt for kropp og miljø. Eg tenkte eg skulle dele nokre tips for korleis du kan sykle vinterstid på ein så trygg og behageleg måte som mogleg.

  1. Det aller viktigaste er å sette piggdekk på sykkelen. Det er stor skilnad på piggdekk. Valet er ei avveging mellom rullemotstand og feste. Desto fleire piggar, desto betre feste, men og desto høgare rullemotstand. Høg rullemotstand gjer det litt tyngre å sykle. I Tromsø og andre stader med varierande vinterklima så vil eg anbefale at du vel eit dekk med meir enn 200 piggar (på ein hybridsykkel). Bur du ein stad med stabilt kaldt vinterklima kan du kanskje gå ned på talet piggar. Har du terrengsykkel kan du godt gå enno høgare.Det som er heilt sikkerter at du vil bli overraska over kor godt feste du faktisk får med gode piggdekk på sykkelen. Men uansett er det lurt å sykle litt meir defensivt vinterstid enn det du gjer om sommaren. Spesielt i høgfartssituasjonar ned bakkar og liknande.
  2. Det fører til neste punkt. Bremser og gir. Det aller farlegaste som kan skje dersom du syklar om vinteren er at bremsene frys. Dersom du har råd til ein sykkel med hydrauliske bremser så er mi erfaring at det er det aller beste. Det er nokre rapportar om at hydrauliske bremser kan fryse dersom det blir ordentleg kaldt, kaldare enn minus 20 grader. For dei fleste av oss er ikkje det aktuelt å sykle når det er så kaldt. Dersom du har ein gamal sykkel med slitte kablar til gir og bremser så ville eg bytta kablane og kabelslangane. Slangane kan bli slitt. Det er ikkje så farleg så lenge det er varmegrader, men når det blir kuldegrader aukar det faren for at kablane dine frys fast. Det kan bli litt ubehageleg, anten det betyr at du ikkje får bremsa eller gira, eller om du du ikkje får sykla fordi bremsene er låst og stoppar hjulet. Dersom du har felgbremser er det viktige at det ikkje er is eller snø på felgen som gjer at du får dårlegare bremseeffekt.
  3. Kle deg godt, men ikkje så godt som du trur. Når du syklar produserer du ganske mykje varme. Det er likevel nokre punktar du må ta på alvor. Hender, øyre og føtter. Styrevottar kan vere ein god ide. Styrevottar er ein slags muffer som du monterer på styret. Dei beskytter godt mot kulde og vind. Det finst og mange fine sykkelluer/balaklavaer som passar godt under hjelmen. For hjelm må du jo ha. Det er ofte kaldast på nullføre. Fartsvind og våte klede er ein dårleg kombinasjon. Vasstett bukse er eit must på slikt føre. Eg synst påkledinga er det vanskelegaste. Eg foretrekk å sykle i vanlege klede for å sleppe all skiftinga. Det er ikkje alltid mogleg vinterstid.
  4. Vask sykkelen. Vinteren kan vere utfordrande for drivverket på sykkelen. Kjede og gir utsettes for vatn og salt. Det å ha moglegheit til å skylle vekk skit og salt med jamne mellomrom gjev deg ein sykkel som er betre å sykle på. Men la sykkelen tørke før du tar han ut i kuldegrader!
  5. Beskytt setet ditt! Eit vått og frossent sete er direkte ubehageleg. Det aller beste er jo om du kan sette sykkelen inn ein plass der det er litt varme, men viss ikkje er eit setetrekk ein god ide.
  6. Husk på at du bruker litt lengre tid om vinteren enn om sommaren, spesielt om ikkje vegen er heilt nybrøyta.
  7. Husk at også bilane er ute på glatta og bruker lengre tid på å stoppe om vinteren. Ta omsyn, husk at du som syklist er mest utsett i ein kollisjon mellom sykkel og bil. Vidare, ta omsyn til dei som går. I likheit med bilane vil du trenge litt meir tid til å stoppe, og i kollisjon mellom syklist og fotgjengar er det fotgjengaren som taper.
  8. Dersom det ikkje er tilrettlag med sykkelveg der du skal, og du skal sykle i vegen så sørg for å ta plass. Det eg meiner er at du må sykle så langt ut i vegen at bilane må køyre forbi og ikkje kan snitte deg. Men, slepp bilane forbi når det er trygt å gjere det.
  9. Motvind eller fartsvind blanda med snø eller hagl er direkte ubehagleg for auga. Briller av noko slag er fornuftig. Eg har god erfaring med skjermar laga for langrenn. Dei får eg plass til under hjelmen.
  10. Nyt den kalde klåre lufta, i alle fall i dei periodane det ikkje er så mykje vegstøv.

Har du gode tips for å gjere det enklare og meir komfortabelt å sykle binterstid. Eg vil gjerne høyre om dei.

Kven skal få køyre først?

I dag er reglane for forkøyrsrett slik at der ein bilveg kryssar ein gang- og sykkelveg så er det syklistane som har vikeplikt. Tromsø kommune har eit prosjekt der desse reglane blir snudd. Der ein bilveg kryssar ein gang- og sykkelveg skal no bilane få vikeplikt. Det meiner eg heilt klart er eit framsteg. Eg skreiv litt om det i 2017 her.

Pål Julius Skogholt på einhjulssykkel
Det som i alle fall er heilt sikkert er om eg nokon sinne skulle få tulltak og komme på ein sykkel som dette på trafikkert veg så må eg håpe at alle viker langt unna.

Dersom vi skal klare å redusere veksten i biltrafikken, og det må vi både for klimaet si skyld og for å ha plass på vegane våre for dei som må køyre, så må vi sørge for at alternativa er raske, effektive og behaglege å bruke. Det betyr at vi må satse på å gjere det raskare, meir effektivt og meir behagleg å ta buss, å sykle og gå. Ein av måtane vi kan gjere det på er å sikre at der vi faktisk har infrastruktur for gåande og syklande. Infrastruktur som gjev dei som går og syklar ha fortrinnsrett. Gang- og sykkelvegane våre er ein slik plass. Derfor meiner eg at å gje dei som syklar forkøyrsrett når dei er på gang- og sykkelveg er eit godt tiltak. I tillegg er det slik at dei fleste bilvegar som kryssar ein gang- og sykkelveg er småvegar og avkøyringar der fartsgrensa er låg, det vil derfor ikkje vere noko stort tap i effektivitet for bilistane å måtte vike for dei som syklar.

Så er det sjølvsagt slik at det finst syklande idiotar, som det finst køyrande idiotar eller gåande idiotar for den del. Folk som skaper problem for dei dei deler vegen med. Uansett kva reglar vi har vil desse til tider skape problem. Men vi kan ikkje la det vere avgjerande for korleis vi bygger infrastrukturen vår. Og, ja det er til tider konfliktar mellom dei som går og dei som syklar. Mange syklar fort anten det er på vanleg sykkel eller el-sykkel. Det kan vere skremmande for dei som går i same vegbanen. Løysninga på det må bli at vi i Tromsø sluttar med det forelda konseptet gang- og sykkelvegar. Det vi treng er gode sykkelvegar med fortau som skil gåande og syklande. Det vil og vere sørgje for at færre syklistar bruker den vanlege vegbanen, som mange gjer i dag, for å unngå konfliktar med dei som går.

Kommentator i Nordlys, Tone Angell Jensen tar i eit innlegg og opp eit «problem» med at sykkelvegar vistnok skal ha betre vintervedlikehald enn fortau. Eg skulle nesten ønska at dette var eit faktisk problem. Dessverre har vi nesten ikkje dedikert infrastruktur til syklistane i Tromsø. Det einaste er vel sykkelbanane i vegen opp Kirkegårdsbakken og Storgatbakken. At dei blir brøyta samtidig med at resten av vegen blir brøyta kan då ikkje vere anna enn lurt?

Skal vi klare å løyse trafikkproblema i Tromsø må vi skape gode forhold for alle som går – og vi treng at fleire går. Vi må skape gode forhold for alle som syklar – og vi treng at fleire syklar heile året. Og vi må skape betre forhold for dei som tar bussen – og fleire må ta bussen. Då kjem vi ingen veg med å sette desse gruppene opp mot kvarandre.

Sommardekk, hey, hey. Sommardekk

I dag hadde eg ein flott start på dagen. Det er noko eiga med å sykle til jobb med sommardekk på sykkelen for første gong i år.

Det glir betre, det blir liksom mjukare. Eg berre håpa eg ikkje har lagt om for tidleg, for eg kjem ikkje til å bytte tilbake.

I går når eg skulle bytte fann eg ikkje dekkspakane mine.

Å bytte dekk med å bruke kvasse skrujern får sjølvsagt den konsekvensen at slangen punkterer. Ikkje ein, ikkje, to, men tre gonger.

Så no er det slik at det kan komme så mykje snø og is som det vil. Sommaren er her uansett.

I alle fall på sykkelen min. For på kontoret var det vinter.

Nokon hadde glømt å lukke vindauget i helga.

Reglar og fornuft for syklande

Det er mykje diskusjon kvar vår om kva reglar som gjeld for syklar og bilistar. Mange er irriterte, og det kan vere god grunn til det, både om du sit i bilen og om du sit på sykkelen. Eg tenkte det kunne vere fornuftig å gå gjennom nokre reglar og nokre tankar om korleis det er lurt å oppføre seg.

Undergangen under Jekta er skilta for syklistar, men kvar er eigentleg sykkelfeltet?
Undergangen under Jekta er skilta for syklistar, men kvar er eigentleg sykkelfeltet?
  1. Syklist har alltid lov til å bruke vegen på same måte som bilen, unntatt om det er skilta med sykkelforbod, for eksempel i tunnelar eller om det er motorveg.
  2. Det er lov å sykle på fortau berre dersom du ikkje forstyrrar dei gåande og du har låg fart.
  3. Det er lov å sykle to eller fleire i breidda på vegen. Det kan vere svært lurt, spesielt om du syklar med barn og vil beskytte dei mot bilar som køyrer forbi alt for nært. Bilar skal halde ein avstand til sykkel på minst 1,5 meter når dei køyrer forbi. Husk uansett alltid å vere hjelpsam og slepp biltrafikken forbi når du kan.
  4. Det er lov å sykle i gangfelt, men sjeldan lurt. Når du syklar i gangfelt har du vikeplikt for bilane. Går du av og triller sykkelen blir du rekna som gåande.
  5. Ofte vil det vere tryggast å sykle i vegen sjølv om det finst gang- og sykkelveg. Det kan vere fordi det anten er mange som går i sykkelvegen, fordi det er mange vegar som kryssar sykkelvegen eller andre grunnar. Det er sjeldan syklistar bruker vegen for å irritere bilistane.
  6. Når du syklar i vegen gjeld same reglane for syklistar som for bilistar. Det betyr at syklande skal stoppe på raudt lys og har vikeplikt for trafikk frå høgre.
  7. På gang- og sykkelveg har du som syklist vikeplikt om ein veg kryssar sykkelvegen
  8. Du har lov til å sykle forbi bilar på høgresida, men husk at du kan vere vanskeleg å sjå og pass på at du har nok plass.
  9. Du må ha raud refleks bak på sykkelen, og kvit eller gul refleks på pedalane eller pedalarmane. Når det er mørkt skal du ha kvitt eller gult lys framme og raudt lys bak. Du skal ha signalklokke på sykkelen.
  10. Forøvrig kjem vi alle langt med allminneleg folkeskikk og ved å ta omsyn til kvarandre. Slepp bilistane forbi når du kan og det er trygt.

Korleis få fleire til å bruke sykkel i Tromsø?

Piggdekk
Piggdekk gjer det enkelt å sykle heile vinteren. Husk varme hanskar og ei god, men tynn lue som får plass under hjelmen

Det er mykje vi kan gjere for å auke sykkelbruken i Tromsø. Det vil vi gjerne fordi det er godt for folkehelsa, det er miljøvenleg og det minkar belastninga på vegane, det blir betre plass for dei som må bruke bilen.

Nokre gode tiltak:

Forslaget til hovudsykkelnett i framlegget til kommuneplan
Forslaget til hovudsykkelnett i framlegget til kommuneplan
  1. Langs hovudvegane må vi slutte med kombinerte gang- og sykkelvegar. Det er viktig å skille gåande og syklande, både for at syklistane skal kunne halde godt fart og for å unngå påkøyringar etc. Sykkelveg med fortau er ei god løysning. Eg synst det er mykje fornuftig i det kartet som ligg i forslaget til kommuneplan.
  2. Langs dei viktigaste gang- og sykkelvegane bør bilistane få vikeplikt for syklande der vegen kryssar sykkelvegen. Det gjeld i alle fall langs Kvaløyvegen, i Scandickrysset og FV 862 på Kvaløya (har den vegen eit namn?)
  3. Trafikkøyer som syklande skal krysse må ikkje ha høge kantsteinar som gjer det vanskeleg å komme fram.
  4. God sykkelparkering i Sentrum, helst under tak. Eit sykkelparkeringshus hadde vore fint.
  5. Skiltinga må bli betre og det må skiltast direkte for syklande. Du skal tidvis vere godt kjent for å vite kor det er lurt å sykle.
  6. Misvisande skilting må endrast. I undergangen på Jekta er det skilta med at det skal vere sykkelfelt. Det sykkelfeltet finst ikkje.
  7. Vintervedlikhaldet og fjerning av strøsand om vårane på sykkelvegane må bli betre.
  8. Mange klagar over dårlege vegar og dårleg asfalt på vegane i Tromsø. Dessverre er det alt for ofte like ille, om ikkje verre på sykkelvegane. Du merkar det svært godt på sykkelen og er ein av grunnane til at mange syklar i vegen også der det finst sykkelvegar.
  9. Tilrettelegging for sykling i marka er fantastisk. Lysløypa er ein kjempefin sykkelveg sommarstid og delar av vinteren. Vi treng fleire snarvegar. Men, husk å vis omsyn til dei som går eller bruker ski på dei same stiane.
  10. Også burde det vere momsfritak for el-sykkel slik det er for el-bil. El-sykkel er fantastisk i ein bakkete by som Tromsø.

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Betre transport i Tromsø

Den viktigaste transportutfordringa vi har i Tromsø er, korleis kjem vi oss frå A til B på ein rask og billig måte samtidig som vi tar vare på miljøet. Både det store miljøet i form av klimaendringane, og det lokale miljøet i form av vegstøv og jordvern.

SV meiner at det ikkje kan vere tvil om at å få fleire til å bruke buss, å få fleire til å gå og få fleire til å sykle er ein viktig del av løysninga.

Bilde av ein tromsøbuss
Vi treng fleire og raskare bussar i Tromsø.Foto: calflier001/WikimediaCommons
  • Vi må få til eit enno betre busstilbod. Vi må vere trygge på at bussen kjem når han skal komme, vi må ha ein buss som går oftare, og i rushtida treng vi fleire direktebussar. I SV ser vi og for oss at vi bør opprette eit offentleg eigd busselskap for å drive bussan ei Tromsø når dagen anbud går ut og nye kontraktar skal skrivast.

  • Vi må legge betre til rette for dei som syklar. Vi treng eigne sykkelvegar langs dei viktigaste rutene. Det må vere sykkelvegar der syklande og gåande ikkje er saman. Når du syklar til og frå jobb skal det helst gå fort. Då er det ikkje alltid trygt å blande gåande og syklande. Langs dei viktigaste sykkelvegane må syklistane få forkøyrsrett der sykkelvegen kryssar bilvegen. Eit døme kan vere langs vestsida av Tverrforbindelsen. I alle avkøyringane frå Tverrforbindelsen har i dag syklistane vikeplikt. Det reduserer kraftig farta og tryggleiken til syklistane ned Tverrforbindelsen. Her bør vi skilte slik at bilane får vikeplikt for dei som syklar. I tillegg er det fleire og fleire som skaffar seg el-sykkel. El-sykkel er ei fantastisk oppfinning for ein bakkete by som Tromsø. Legg vi skikkeleg til rette for sykkel kan vi verkeleg auke sykkelbruken.

  • Ein av grunnane til at mange vel å bruke bilen er at vi synst det er utrygt å la ungane gå eller sykle til skolen langs utrygge skolevegar. Spesielt vinterstid kan det ofte bli trangt og uoversiktleg. Lagar vi trygge skolevegar reduserer vi trafikken (det i seg sjølv gjer skolevegen tryggare), vi gjev ungane våre gode vaner og betre helse. Tromsø treng ei storsatsing på trygge skolevegar.

Kvaløysambandet er viktig, men uansett korleis vi snur og vender på det så kjem det ikkje eit nytt kvaløysamband i morgon. Derfor blir satsinga på buss og sykkel heilt sentralt for å redusere belastninga på Sandnessundbrua og Giæverbukta. Nå ein person vel buss eller sykkel framfor bil blir det betre plass på vegen for dei som må bruke bilen. For Kvaløya treng vi verkeleg eit godt vintervedlikehald som legg til rette for sykling og fleire direkteruter med buss til Breivika og Sentrum, ruter som ikkje må gjennom rundkøyringa i Giæverbukta to gonger på kvar tur. Det kan og vere fornuftig å vurdere å einvegskøyre brua i dei verste periodane. Når eit nytt samband til Kvaløya kjem må vi og gjere noko med Giæverbukta og Tverrforbindelsen. Desse tre heng saman og må sjåast i samanheng for å få ei god trafikkavvikling. Og, for at det ikkje skal vere tvil, SV meiner vi treng eit Kvaløysamband.

Dersom ikkje byrådspartia med Frp i spissen hadde tulla det til med ny E8 på austsida kunne vi vore i gang med bygginga av ny E8, og det trengst. SV si haldning er at vi vil bygge vegen der det går raskast å sette i gang med bygginga. Framleis er det vestsida, men det kan endre seg. Det må vere slutt på å ri kjepphestar. Det er på tide å bygge vegen.

Det som er heilt sikkert er at vi ikkje får til eit stort løft for vegar og bussar i Tromsø utan større inntekter. Vi kjem dessverre ikkje utanom bompengar eller rushtidsavgift. Drivstoffavgifta er dessverre ikkje nok. Dersom vi no er litt smarte og samarbeider i Tromsø kan slike avgifter føre til ei stor statleg satsing. Vi kan ikkje greie dette løftet åleine, men vi får det heller ikkje til om vi ikkje bidreg sjølv.

Tromsø har minst sykkelvegar

Blant dei tretten største byane i Noreg er Tromsø den byen med det færrast kilometer sykkelveg per innbyggar. Oslo har 1,7 km sykkelveg per 1000 innbyggar, medan vi i Tromsø kun har 200 meter per 1000 innbyggar. Dette må vi verkeleg få gjort noko med.

SSB sitt oversyn over antal kilometer sykkelveg per innbyggar i dei 13 største byane i landet. Porsgrunn har mest, Tromsø minst.
SSB sitt oversyn over antal kilometer sykkelveg per innbyggar i dei 13 største byane i landet.

Så sjølv om Tromsø kjem godt ut på nærleik til natur, må vi no ta eit krafttak for å gjere det mogleg å bruke sykkel på ein trygg måte i byen vår. Spesielt med tanke på framveksten av el-syklar som «fjerner» bakkane i Tromsø så trur eg bruken vil auke. Utan sykkelvegar vil konflikten mellom gåande, syklande og køyrande auke.

Derfor synst eg det var trist at høgresida i sist kommunestyremøte stemte ned SV sine framlegg om betre sykkelvegar og betre framkomelegheit for syklane i områdeplanen for Langnes onsdag den 24. september.

Kjelde for tala: SSB

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner