Sykkelmotor
Feature,Ikkje politikk

Farvel motor

Sykkelmotor

Sykkelmotor er ein fantastisk god ting, men er kvaliteten bra nok?

Fredagen konka sykkelmotoren min ut. På veg til jobb med ungar i tilhengaren gjekk plutseleg alt i svart og i staden for framdrift vart det brems. Motoren slo seg i lademodus, så i tillegg til mi eiga vekt, vekta av to ungar i tilhengaren og vekta av motor og batteri måtte eg overvinne motstanden i motoren. Tungt!

Eg har klokka inn nesten 1000 kilometer på motoren min, 1000 kilometer som har gjeve mykje glede. Den har gjort det muleg for meg å sykle til jobb og barnehage store delar av året. Spesielt dette med barnehage har vore viktig. Eg har tre ungar som alle skal i barnehage. Med to i vogna og ei i barnesete på sykkelen blir det tungt å sykle. Eg er vel ikkje nokon lettvektar sjølv, slik at bil nok hadde blitt det naturlege valet. Det ville ikkje akkurat gjort meg til noko nærmare ei sylfide.

Eg har blitt svært glad i motoren min. Det var ein Bion X kjøpt frå USA. Sykkelmotoren fungerer slik at den hjelper til når du sjølv trør. Det blir ikkje gratis å sykle. Motoren har to hovudverknader slik eg ser det. Det gjer det muleg å ha tyngre last på sykkelen og dei greier å halde høg hastigheit over lengre tid. Begge delar er med på å gjere sykkelen nyttigare og brukbar i fleire situasjonar. Eg har eigentleg tru på at ein elektrisk motor på sykkelen er det som skal til for å gjere Noreg til eit sykkelland. For vi må vel berre innsjå det at oppoverbakkar er ei effektiv sperre mot sykkelbruk.

Men om det utstyret eg kjøpte er standarden er det eit stykkje igjen før dette blir allemannseige. Elektronikken er for dårleg. Det blir litt for tilfeldig kor mykje effekt du får ut av motoren. Det er ikkje alltid når du treng mest hjelp at du får mest hjelp. Eg trur og det gjenstår noko på batteriteknologien, i alle fall når du nyttar det slik som eg har gjort. Eg har tatt ut stor effekt på kort tid, fordi eg har hatt så mykje vekt på sykkelen. Eg er i tillegg litt usikker på kor godt batteriet har hatt av vinter og salte vegar.

I alle fall, eg trur det var batteriet som gav opp på mitt anlegg. Eg kjem nok til å vurdere nøye om eg skal bruke mange tusen på å kjøpe nytt batteri eller ny motor. Ideen med hjelpemotor på sykkelen er fantastisk god, men eg er i tvil om kvaliteten står i forhold til prisen.

Eg vil gjerne høyre om erfaringane dine, og svarer og på spørsmål om el-motor til sykkel om du har nokre.

Standard
Feature,Ikkje politikk

Sykkelmotor

Motoren og bateriet er ikkje så veldig dominerande på sykkelen. I nedoverbakkane ladar systemet opp bateriet

Motoren og bateriet er ikkje så veldig dominerande på sykkelen. I nedoverbakkane ladar systemet opp bateriet

På laurdag, dagen før nasjonaldagen var det feststemning hos meg. Då kom den elektriske hjelpemotoren til sykkelen min frå USA. No er eg den lykkelege innehavaren av ein menneske-elektrisk hybridsykkel.

I dag var første testen, hjelp det opp bakken til barnehagen? Sveitta eg mindre og går det fortare?

Både ja og nei. Farta auka betydeleg, men kanskje var eg like sveitt og sliten. Motoren jobbar berre om eg trør, og jo hardare eg trør jo meir hjelp får eg. Eg kan altså ikkje berre lene meg attover å gjere ingenting. Men hjelpemotoren er kjærkomen. Til hausten skal eg sykle med tre ungar til barnehagen, to i vogna og ein bakpå. Det blir tungt, alternativet til hjelpemotor er nok helst bil. Så får vi sjå korleis dette kjennes etter at eg har prøvd det i nokre dagar.

Motoren er av typen Bion X produsert i Canada. Sjøve motoren ligg inni navet på bakhjulet. Eg bestilte heile stasen frå NYCWheels i New York.

Standard