Miljø, Troms og Tromsø

Kjære Kommunen – sykkelveg

Det er litt leit å plage deg med eit brev akkurat no. Eg veit du har mykje å tenkje på. Du må skjere ned på helse og omsorg og når det er gjennomført så må du finne mange pengar til å planlegge OL. Men, det eg skal spørre om tar berre ein ettermiddag. Det har du kanskje ledig i sommar om det blir overskya og surt – og det blir det jo gjerne. Eg veit det eg lurer på blir prioritert etter dei andre store tinga, men eg trur det eg skal spørre om er noko du kan gjere med venstrehanda medan høgrehanda er opptatt med viktigare ting.

Eg og du Kommunen har minst to ting felles. Vi er begge opptatt av å gjere noko med den menneskeskapte klimaendringane gjennom å redusere utsleppa våre, og vi er interessert i folkehelse. Det vil seie du er opptatt av folkehelse, medan eg er opptatt av mi eiga helse. I dette tilfellet blir det likevel det same.

Sykkelvegar frå Stakkevollan til sentrumEg liker å sykle til jobb og barnehage, du liker at mange syklar. Det gjev meg betre helse, og eg bruker bilen mindre slik at klimapåverknaden blir mindre. Her ha vi vel felles mål? I alle fall, viss eg og andre skal sykle må det leggast til rette for sykling. Eg og mange andre bur langt oppe på Stakkevollan (Det som kjem no gjeld i alle fall delvis dei som kjem frå Hamna og). Vi har tre alternative vegar om vi skal sykle til sentrum. Eg har illustrert dette for deg på eit kart. Du ser det til høgre her.

Den blå følgjer Stakkevollvegen. Der er det mykje trafikk, støvete, og det er langt og bratt opp Nordøyavegen på veg heim. Det er ikkje eit spesielt godt alternativ.

Sykkelvegen ved arktisk-biologiskDen raude er på mange ein god sykkelveg. Den følgjer Hansine Hansens veg, forbi Universitetet opp på Dramsvegen og til sentrum. Det er ganske lite trafikk, med mindre ein vel avstikkaren langs det grønne for å sleppe å sykle oppover ved Universitetet. Abret med desse vegane er at det er mykje opp og ned. Det kan bli tungt og er ei barriere mot sykling.

Den svarte er min favoritt. Den går gjennom skogen ved Rundvatnet på den flotte kulturstien. Vegen nedafor Arktisk-biologiskForbi Barne og ungdomspsykiatrisk poliklinikk, rett nedfor Arkisk-biologisk stasjon, forbi Kraft og opp til Dramsvegen forbi Gjennomgangsbygget. Vegen er nesten utan trafikk. Det er ingen lange bratte oppoverbakkar. Ein god sykkelveg – hadde det ikkje vore for ein kort liten bit. Og her kjem vi til spørsmålet mitt kjære kommune.

Stien nedfor Arktisk-biologisk stasjon er ein gjørmete krøttersti. Humpete og vanskeleg å sykle, spesielt om du har barn med deg. Det burde vel desse to bileta tydeleg vise.

Kart nedafor Arktisk-biologiskKartet viser og tydeleg at det ikkje er lange biten det står på. 225 meter for å vere eksakt. Litt grus det er alt eg ber. Eg trur ikkje det blir så dyrt. Du har kanskje litt grus liggande etter større og viktigare prosjekt som kan passe til dette.

Dersom stien skal vere 1,2 meter brei, og vi i snitt treng 0,3 meter masse fylt på stien og lengda er 225 meter skulle dette bety ca 81 kubikk grus. Eg veit ikkje nøyaktig kostnad. Men noko særleg over 20 000,- kroner kan det ikkje koste. Då har du sikkert råd til tre små røyr til stikkrenner og.

Kjære kommune. Dette er eg sikker på at du kan gjere med venstrehanda og i forbifarten når du ikkje er opptatt med viktigare ting. Då vil du ordne ein viktig flaskehals i sykkelvegnettet i Tromsø, og mange vil bli glade. Nokre glade innbyggarar er vel ein god ide, i alle fall ein gong i blant. Eg ser fram til å høyre frå deg om denne saka, og lykke til med alle dei store og viktige oppgåvene dine.

Din gode ven
Pål Julius Skogholt

Standard