Sykling i Tromsø

Det å sykle i Tromsø er ikkje alltid heilt lett. Det er dårleg med sykkelvegar, og dei som finst er ofte dårleg vedlikehaldt. Det som likevel irriterer meg mest er der det tilsynelatande er lagt til rette for sykling, men likevel ikkje er det. Eg har ein mistanke om at det og irriterar bilistane. Dei har ei forventning om at syklistane ikkje skla vere i vegen. Men, ofte er tilrettelegginga så dårleg at det einaste rasjonelle valet er å sykle i vegbana. Eit godt døme på dette er rundt Jekta.

Eg brukar ofte sykkel til frå, frå og forbi Jekta. I undergangen mellom Jekta aust og vest møter vi dette skiltet:

Undergangen under Jekta er skilta for syklistar
Undergangen under Jekta er skilta for syklistar

Glimrande. Då må vel dette vere ein fin plass å sykle? Men, nei. 30 meter etter dette skiltet kjem vi til eit kryss/minirundkøyring. Der må vi av fortauet/sykkelvegen for å komme gjennom krysset. Det er i og for seg greitt. Men når fortauskanten er ein halvmeter høg (OK, eg overdriv litt) så er det ikkje like enkelt.

rundkøyring Jekta
Høge kantar stoppar all fart

Skal du over her må du av sykkelen og trille, med mindre du er god til å hoppe. Så kan du alternativvt ta ein 90 graders sving til høgre, ein ny 90 graders sving til venstre og så ein 90 graders sving til høgre. Resultatet er uansett det same. Du mistar all fart og framdrift. Då blir det einaste rasjonelle valet neste gong å sykle i vegbanen. Då får du og meir oversyn over trafikken som kjem ut frå Jekta asut og vest. Eg meiner at det både er raskar og meir trafikksikkert å sykle i vegbanen enn på den tilsynelatande tilrettelagte sykkelvegen.

Så det er ikkje for å plage bilistane eg syklar i vegen. Det er fordi det svært ofte er både mest trafikksikkert og raskast å sykle der. Skal ein legge til rette for sykkel for transport og ikkje sykkel som søndagstur kan ein ikkje tyenkje same løysning for syklistar og gåande. Det er heilt ulike transportmåtar.