Verdt å lese i helga

Ein verden i glassbolle. Foto: Nirav Patel/http://eclecti.cc/computergraphics/snow-globe-part-one-cheap-diy-spherical-projection

Her i Tromsø ser det ut til at det skal bli godt med sol i helga, men bur du ein annan plass i landet kan det kanskje vere behov for litt lesestoff i helga. Her er nokre ting frå det fantastiske internettet, som i alle fall eg likte og lærte av.

Magnus Marsdal og Julie Lødrup analyserer valet og den blå middelklassen på ein god måte, og er du ikkje lei av val og slikt enno kan det vere verd å lese om Piratpartiet sin fantastiske framgang i Berlin. Dessverre gjekk det ikkje riktig like bra for Die Linke.

Her i Noreg tar vi til å diskutere terrorhandlingane den 22. juli med litt større avstand. Eg synst Hanne Skartveit skriv interessant om ansvaret, sjølv om eg ikkje er samd i riktig alt. Interessant er og Dagfinn Nordbø si reise i Gudbransdalen. Kanskje sit ikkje den kreative klassa på kafe i byane og drikk Kaffe latte? Om det er interessant eller ikkje veit eg ikkje, men det kan kanskje vere verd å merke seg at den norske EØS-kontingenten går til å bygge kapell i Spania. Eg meiner å minnast at vi nettopp hadde ein diskusjon om utanlandske pengar til eit gudshus i Tromsø og.

Vi har hatt nok ein rekordsommar, kanskje den varmaste nokonsinne? Isen i Arktis har det heller ikkje veldig bra. Så vidt eg skjønner har det vore ei regnskur eller to i Noreg og? Då kan det jo vere verd å merke seg at elektrifisering av sokkelen kan vise seg å vere billigare enn vi har trudd, og at for mykje gass gjer det vanskelegare å nå karbonmåla.

Noko som definitivt er spennande er å følgje politikken i Tyrkia og sjølvsagt heile Midt-Austen. Gunes Murat Tezcur skriv godt om AKP og det kurdiske dilemmaet hos opendemocracy.org. Medan vi først er inne på tyrkia kan det og vere verd å få med seg kva konsekvensar NATO sitt rakettskjold kan får for tilhøvet mellom Iran og Tyrkia. Kanskje kan det og vere verd å tenke over kva som er stormaktinteressene i Syria?

Apropos stormakter, så finst det mykje spennand å lese og lære om “demokratiet” i Russland. Det gjer det i å for seg om politikken i USA og. Kva meiner eigentleg det republikanske partiet? Medan norske politikarar kanskje har overfortolka dei finske. Jernbane til Noreg er halusinasjon, seier den finske samferdsleministeren. La oss håpe det er forpostfektingar over kven som skal betale rekninga.

Den aller største saka på lang tid er at Einstein kanskje tok feil. Dersom det går an å reise fortare enn lyset så er kanskje tidsreiser likevel muleg? Av dei meir konkrete vitskaplege gjennombrota, så merka eg meg at dataspelarar løyste ei virusgåte, og at det går an å lage artige ting heime, mellom anna denne jordkloda.

 

Nå har jeg registrert meg på Bloggurat.