Feature, Troms og Tromsø, Video

Ny tannklinikk i Nordreisa

Ein av dei mange hyggelege tinga ved å vere politikar (ved sida av helvetesjobben med å kutte for å halde budsjetta) er at eg av og til for lov å klippe av ei snor til eit betre tilbod til innbyggarane. I dag fekk eg klippe over ein tanntråd på Sonjatun i samband med nyopninga av tannklinikken der. Eg som mange andre synst ikkje det å gå til tannlegen er det artigaste som finst, men det er trivelegare å komme til eit tannlegekontor som ser oppdatert og moderne ut enn til eit som er gamalt og nedslitt.

I tillegg til å ha laga eit godt arbeidsmiljø og betre forhald for pasientane i Nord-Troms er det viktigaste at klinikken no er oppdatert til Universitetstannklinikk. Frå hausten vil Sonjatun ha to studentar i praksis. Studentane vil få gode forhald for å lære og bli gode tannlegar – og kanskje vil fleire ønske å jobbe ute i distrikta. Men heldigvis ser dte ut til at tannlegedekninga i Troms er i ferd med å bli betre. Det er ingen tvil om at aktiv rekruttering kombinert med at dei første tannlegane er i ferd med å bli uteksaminert ved Universitetet i Tromsø fungerer. Eg trur vi no er over den største tannlegekrisa, men snart kan det bli problem med å finne nok tannpleiarar og tannhelsesekretærar. Det kan bli ei like stor utfordring som tannlegemangelen. Tannpleiarane og tannlegesekretærane er minst like viktige for ein tannklinikk som tannlegane.

Uansett, gratulerer til alle som jobbar på tannklinikken på Sonjatun og til alle innbyggarane i Nordreisa og Nord-Troms som har eller vil få vondt i ei tann.

Her syng dei ansatte inn den nye klinikken. Beklager kvaliteten, men eg er litt ustø på handa og opptaket er gjort med mobiltelefon.

Standard
Feature, Helse, SV

SVs arbeidsprogram: Velferd

Dette er kanskje det kapitlet i programmet som skaper mest debatt. Her finn ein både juryordninga og dissensen om underlivsundersøking på jenter. Eg er direkte usamd med ein del som står i dette kapitlet, vi kan for eksempel ikkje frede alle sjukehusa. Det beste i kapittelet er satsinga på ein tannhelsereform.

Fleire av oss får heldigvis (eller dessverre?) råd til å sette oss i ein slik om SV får bestemme: Foto: Wikipedia Commons

Fleire av oss får heldigvis (eller dessverre?) råd til å sette oss i ein slik om SV får bestemme: Foto: Wikipedia Commons

Tidleg i programutkastet blir det slått fast at dei tilsette er den viktigaste faktoren for gode velferdstenester. Det er eit godt og riktig utgangspunkt for ein diskusjon. Det er dei tilsette som utgjer velferdstenestene og deira medverking er naudsynt for å utvikle dei vidare.

I avsnitta om sjukehus er det mykje å diskutere. Komiteen skriv at SV vil jobbe for at ingen lokalsjukehus skal leggast ned og at dei skal tildelast nye oppgåver. Eg veit ikkje heilt kva komiteen har tenkt på her. Kanskje finst det nye oppgåver å legge til lokalsjukehusa, men eg tviler. Svært mykje medisinsk behandling er blitt så spesialisert at det er utopisk å tenke seg at vi skal kunne ha kompetanse sprett over alt. Mange sjukdomar er slik at overlevingsmulegheita er mykje større om du kjem til eit spesialisert miljø. Vi kan ikkje ofre liv på lokalsjukehusa sitt alter. I den andre enden er det ein del som skjer på lokalsjukehusa som med fordel kan flyttast ut til primærhelsetenesta og distriktsmedisinske senter. Det vil gje eit meir lokalt helsetilbod enn lokalsjukehusa er i dag og vere med på å bygge viktig kompetanse i kommunehelsetenesta. Det viktigaste vi kan gjere for å løyse utfordringane i og med sjukehusa er å satse på primærhelsetenesta. Det er ikkje dette programmet tydeleg nok på.

Men misforstå meg ikkje, eg vil ikkje lokalsjukehusa til livs, eg vil at vi skal vere pragmatiske. Derfor kan vi ikkje frede sjukehusstrukturen. Dersom vi skal bygge eit helsevesen med høgare kvalitet innafor ei kostnadsramme i kan leve med kan vi ikkje utelukkande basere oss på kor det vart bygd betongklossar i ei tidlegare tid med andre kommunikasjonar og ein heilt anna kunnskap og teknologi på sjukehusa. I tillegg er det ingen tvil om at vi har for mange sjukehus på det sentrale austlandsområdet og at dette tar for mykje ressursar.

Eg forstår at komiteen går inn for å endre styringsstrukturen for sjukehusa. Dagens modell er ikkje god nok. Dessverre hadde ikkje regjeringa guts til å gjennomføre ein regionreform som ville gjort det muleg å tilbakeføre sjukehusa til eit regionalt styringsnivå. Då blir ei strengare departements- og direktoratsstyring einaste alternativet. Eg har sansen for at Stortinget skal vedta ein nasjonal helseplan á la Nasjonal transportplan, men er i tvil om dette er nok til å få kontroll med økonomien i sjukehusvesenet.

Tannhelsereform
Noko av det raraste med Noreg er at tennene ikkje er ein del av kroppen. Eg er derfor hoppande lykkeleg for at programutkastet er tydeleg på at dei no skal bli. I programmet skriv komiteen:

SV vil foreslå en tannhelsereform som innebærer at tannlegebehandling som er medisinsk nødvendig i størst mulig grad er underlagt de samme betingelser som sykehus- og legebehandling. SV vil begrense egenandelen til 2.500 kroner per år for nødvendig tannlegebehandling. Det tilsvarer egenandelstak 2, som noe av tannlegebehandlingen går under allerede i dag. De som går jevnlig til tannlegen og har normalt god tannhelse vil med en reform betale omtrent det samme som i dag, mens de som i dag ikke kontakter tannlege vil få begrenset sine kostnader til 2500 kroner for nødvendig tannbehandling med en slik ordning. For en del grupper er det nødvendig at tannhelsetjenesten er helt gratis. SV vil foreslå at ungdom opp til 23 år får gratis tannhelsetjeneste. For å hindre for høye kostnader ved ordningen vil SV innføre prisregulering på tannhelsetjenester gjennom nasjonale takster, i kombinasjon med refusjonsavtaler for tannleger som inngår i ordningen.

Dette er ein god start på ein tannhelsereform i landet. Og kanskje blir fleire glade etterkvart.

Eg er meir i tvil om forslaget om å innføre turnusteneste for tannlegane. Dersom dette grunngjeve i at utdaninga per i dag ikkje er god nok kan eit slikt forslag vere greitt, men slik er det ikkje argumentert i programutkastet. Det er rett og slett ikkje argumentert for dette. Eg har ein mistanke om at det skal vere ein måte å få tannlegar ut i distrikta på. Det har eg sansen for, men er litt i tvil om at det vil fungere slik. Turnusteneste på lik linje som for legane står det, det betyr eit opplæringsinnhald. Det tviler eg på om vi kan gje i dei ditriktsområda som slit mest med tannlege per i dag. Det vil ikkje vere kapasitet til å drive opplæring utan at det går ut over pasientbehandling – ja kanskje er det ikkje ein eldre og erfaren tannlege som kan rettleie. Dersom vi meiner at det skal vere pliktår for tannlegar så får vi heller seie det. Ein spade for ein spade.

Underlivsundersøking
Den første dissensen i dette kapittelet handlar om obligatorisk underlivsundersøking for alle – både jenter og gutar. Dette punktet har skapt ein stor offentleg debatt. Sjå for eksempel livet leker eller Audun Lysbakken begge med tilhøyrande debatt. Eg må innrømme at eg er i sterk tvil om kva eg skal meine. Eg trur det eg meiner vil avhenge av kor ingåande ein slik undersøkelse av jentene skal vere. Eg trur på argumenta rundt avmystifisering av kjønnsorgana, og dersom undersøkinga er av ein ikkje djuptgåande natur trur eg at det er eit godt framlegg. Eit viktig innlegg i debatten finn eg i Tidsskrift for den norske legeforening nr 18/2007:

For det andre er det grunn til å tro at legers kunnskap om de normale anatomiske forhold i anogenitalområdet er mangelfulle. Dette er også dokumentert i flere internasjonale studier. I en amerikansk studie fra 2000 der leger ble bedt om å identifisere genital anatomi fra et bilde, kunne bare 72 % korrekt identifisere urinrørsåpningen, 62 % jomfruhinnen og 79 % de store kjønnsleppene (15). I en tilsvarende undersøkelse av barneleger fem år senere var situasjonen noe bedre, med korrekt identifikasjon av de ovennevnte strukturer i henholdsvis 84 %, 71 % og 89 % av tilfellene (16). Sett i lys av de siste 15 års praksis er det liten grunn til å tro at forholdene ved norske helsestasjoner og poliklinikker er bedre. Dette kan ha som konsekvens at sykdommer i jenters underliv blir diagnostisert feil eller på et for sent tidspunkt. Etter våre erfaringer er det ikke sjelden at jenter får diagnosen residiverende urinveisinfeksjon når de egentlig har såkalte labiale synekier. Denne tilstanden blir ofte henvist som «hymen imperforata» eller «vaginalatresi», noe som også illustrerer mangelfulle anatomikunnskaper. Vi har dessverre også sett flere eksempler på at barn har fått diagnostisert seksuelle overgrep på grunn av feilaktig tolking av «forandringer» i underlivet, med derpå følgende feilaktige dommer.

Kriminalitet og jus
Dette er gode kapittel, sjølv om eg meiner at vi må diskutere straffa si betydning meir. Straffa skal virke preventiv, dvs føre til at andre ikkje forbryt seg eller at handlinga ikkje blir gjentatt. Det er kanskje det viktigaste. I eit slikt perspektiv blir sjølvsagt habilitering og rehabilitering av fangane viktig og naudsynt for å forhindre ny kriminalitet og for å føre forbrytarane tilbake til samfunnet. Men, treng vi ikkje og ein diskusjon og hemn som eit reelt og relevant motiv ved utmåling av straff? Eg er ikkje sikker, men eg trur at hemn må vere ein del av straffeforfølginga. Det er ikkje pent, det er kanskje ikkje så sivilisert som vi skulle ønske oss, men eg trur det må vere ein del av pakka.

Den andre dissensen i dette kapittelet handlar om juryordninga. Fleirtalet i komiteen går inn for å erstatte juryen med ein utvida meddomsrett der lekmenn og fagdommarar sit i lag og dømer. Hovudargumentet for ei slik ordning er at dagens jury ikkje grunngjev korfor dei svarer ja eller nei til skuldspørsmålet. Eg meiner at det vere muleg å finne ordningar som gjer at også ein jury kan grunngje avgjerda si, utan å la fagdommarane få meir makt. Eg trur det framleis er rett og riktig at ein skal dømast av sine likemenn. Det at ein skal dømast av sine likemenn betyr og at vi må gjere noko med korleis jurymedlemmar blir valt ut. Eg trur at ei grunngjeving kan skje gjennom at ein fagdommar er bisittar i juryen, sekretær om du vil og ut frå det som skjer i juryen skriv ei grunngjeving som juryen må akseptere. Det vil kanskje løyse nokre av utfordringane med den ordninga vi har i dag, utan å kaste ungen ut med badevatnet.

Alt i alt er dette eit kapittel som kan gje oss mange gode debattar. Det er viktig, og gode politiske standpunkt til slutt.

Fleire innlegg om forslaget til nytt arbeidsprogram finn du her

Standard