Farlege skolevegar og breie sykkelvegar

Eg må innrømme at eg er overraska over at det er 18 årsgrense på sykkelvegane i Tromsø. Det kan i alle fall verke slik på kommentaren frå Tone Angell Jensen i Nordlys. Ho har valt å oversjå i alle fall to viktige fakta.

Det første er at det er alt for få gode sykkelvegar i Tromsø. Sykkelvegar som inviterer både barn og vaksne til å sykle. Eg skulle ønske at ho hadde rett, at det verkelg var sykkelautostradaer på kryss og tvers av øya, på fastlandet og på Kvaløya. Dessverre er det ikkje slik, men med Tenk Tromsø og sykkelsatsinga vil det bli betre både for vaksne og for ungar. For trygge sykkelvegar, fortau og gangvegar er kanskje det mest sentrale dersom vi vaksne skal tørre sende ungane våre ut i trafikken.

For det andre er trygge skolevegar noko av det aller viktigaste vi jobbar med i Tenk Tromsø. Det har no vore møter mellom alle skolane, FAUa og kommunen for å kartlegge skolevegane og kvar vi skal sette inn tiltak. Gjennom Tenk Tromsø skal vi bruke 300 millionar på trygge skolevegar i Tromsø.

Så kan eg vere samd med Jensen at alt dette sjølvsagt skulle vore gjort for lenge sidan. Alt for lenge har omsynet til buss, sykkel og gange blitt prioritert  etter omsynet til bilane. Det er vi i ferd med å endre.

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner