Hangouts, Ikkje politikk

Sju ting å tenke på før du bruker Hangout on Air

Hangout on Air (HoA) er eit ganske nytt tilbod frå Google, som eg ikkje har sett brukt så mykje i Noreg. Eg synst det er eit kjemespennande nytt medium som har eit enormt potensiale i politikk, marknadsføring og undervisning.

Kva er Hangout on Air

Hangout on Air er i botn ein videosamtale med opptil ti deltakarar. I utgangspunktet liknar det litt på skype sine videosamtalar. Det som gjer HoA spesielt er at samtalen kan vere offentleg. Det betyr at du kan ha ein samtale som alle andre i verda kan sjå på. Ditt eiga talkshow! Samtalen blir sendt live på Google+ og på youtube. Det betyr at du og kan embedde/bygge inn videoen på bloggen din eller ei anna nettside.

Eg har gjort nokre forsøk med å bruke dette i politisk samanheng. Eg har invitert stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes (og andre) til å diskutere politikk og andre til å kommentere og spørje undervegs.

Eg synst sjølv dette har fungert godt, og har fått fine tilbakemeldingar. Men, eg trur vi framleis har eit stort utviklingspotensiale. Under har eg bygd inn nokre av samtalane eg har hatt. Ta gjerne ein titt.

Ut frå dei erfaringane eg har gjort så langt har eg nokre tips å dele

Sju tips

  1. Test alt på førehand, spesielt er det viktig å teste at gjestane dine er pålogga og kan bli med. Det er seriøst stressande å drive naudhjelp på telefon rett før sendinga skal starte for å få folk med.
  2. Bruk tid på førehand å fortelje om hangouten slik at du faktisk får folk til å sjå på. Det er litt trist å vere åleine
  3. Som vert er det viktig å gjere seg godt kjent med mekanikken. Du skal helst vere i stand til å delta i ein intelligent samtale, samstundes som du følgjer med på spørsmål og kommentarar frå fleire kjelder. Det klarer du ikkje utan å ha gjere deg godt kjent med korleis ting foregår på førehand.
  4. Sjekk at bakgrunnen der du sit ikkje skaper feil assosiasjonar eller at det ser ut som merkelege ting stikk ut av hovudet ditt.
  5. Tenk nøye gjennom kva du faktisk skal snakke med folk om, og sørg for at dei du skal snakke med og kjenner temaet. Det er grensar for kor spennande ting som berre er improvisert er.
  6. Sjå i kameraet, og ikkje på skjermen framfor deg. Dette er noko eg stadig syndar mot, og det er ikkje bra.
  7. Vere budd på at ikkje alt går etter planen. Sendinga er jo live trass alt.

 

Eg blir glad om du bidrar med eigne tips i kommentarfeltet, og svarer gjerne på spørsmål om du har det.

 

Standard