Feature, Internasjonalt

God Jul frå Sør-Afrika

Jula er annleis i ein Township i Sør-Afrika enn i Noreg. Foto: Liv Marie Austrem

Jula er annleis i ein Township i Sør-Afrika enn i Noreg. Foto: Liv Marie Austrem

Dagen startar tidleg i Sør-Afrika. I 6-tida er det fullt lys og frå 7.etasje i Twin Tower i Cape Town ser eg mosjonistane gå kappgang eller jogge på strandpromenaden ved Atlanterhavet. Eg tar på meg badedrakten og ein shorts utanpå og vandrar bortover langs havet ein kilometer for å svømme i det over 50 meter lange offentlege utebassenget som ligg like ved havkanten og er fyllt med saltvatn. Det opnar klokka 7, og da er sola behageleg varm. Det er mange racersvømmarar som startar dagen slik. Eg er av dei som er nøgd med 500 meter bryst med dårleg teknikk. Vatnet er rundt 20 grader så tidleg på dagen.

På ettermiddagen er det ein god del varmare, og da er dei fire forskjellige bassenga der fulle av ungar og ungdommar og vaksne. Det er ein fryd å sjå på det yrande livet og høyre alle dei glade lydane, og sidan 2006 da eg var der første gongen, har det auka på med farga og svarte som badar. Ja, nå er det berre enkelte kvite kroppar å sjå. Så kan ein hugse at det er ikkje lenger enn 14 år sidan dette bassenget var forbudt for svarte.

Utpå dagen gjer eg meg klar for å besøke Monica (31 år) på Brooklyn Crest Hospital. Eg har vore der to gonger tidlegare så eg veit kva eg har i vente, men eg håpar sjølvsagt at Monica er betre. Første gongen låg ho med eit dreneringsrør inn i lungene som var festa til ei flaske som sto på golvet. Det var eit sjokk å sjå den friske, kraftige jenta slått ned slik. Der låg ho, og kunne nesten ikkje snakke. Da eg var her for 6 månader sidan hadde ho så store planar. Ho hadde starta på kveldskurs for å lære om data og turisme i håp om å få ein betre jobb enn hushjelp for kvite. Ho hadde fått seg briller så det ikkje var så tungt å lese, og ho var så optimistisk. Ho skulle bygge på eit rom på skuret sitt slik at ho kunne ta sønnen sin til seg, og det gledde både ho og sønnen seg til. Og ho hadde fått ein kjærast som var snill og som ikkje drakk. Ho var sportsjente, Monica, ho spelte nettball, og ho gjekk i kyrkja kvar søndag og elska å synge.
Da eg ringte til henne nå, etter 6 månader, var det så vidt det var mål i henne, men eg skjønte at ho hadde fått tuberkulose og låg på sjukehus. Første gongen eg besøkte henne reiste eg saman med Lillian, søskenbarnet hennar. Vi tok taxi (minibuss) og måtte skifte tre gonger. Det var om ettermiddagen og taxiane var bokstaveleg tala stappfulle, det er 12 seter, men dei stappa inn 16-17, og vi sat oppå kvarandre, og i ein av dei hadde vi ein vanvittig høg dunk-dunk-musikk. Men folk tok det med godt humør. Det var ikkje tida for å klage på slike bagatellar som ei stressande reise.

Lillian fortalte meg at Monica hadde blitt sjuk for 5 månader sidan, men først fekk ho diagnosen lungebrann. Da ho berre vart verre og til slutt nesten ikkje fekk puste, vart ho akutt lagt inn på Victoria sjukehus, og der fekk ho oksygenmaske og dei tappa ut ein og ein halv liter vatn frå lungene hennar. På det sjukehuset var ho i to og ein halv månad før ho vart overført til dette tuberkulosesjukehuset.

Andre gongen eg besøkte henne tok eg også taxi saman med Lillian, men litt tidlegare på dagen så taxiane var ikkje så fulle. Da var Monica litt betre og ho kunne sitje oppe litt i senga og ho snakka litt meir og smilte. «Eg skal bli bra» sa ho, det hadde ho bestemt seg for. Ho hadde ikkje fått bygd ut skuret sitt, og sønnen hennar må ennå vere hos mor hennar ei tid, men planane var dei same, og greie det skulle ho, for ho skulle bli frisk.

Nå hadde eg fått besøk frå Norge og han hadde leigd bil så da var det enkelt å ta seg fram til sjukehuset. Det er eit stort sjukehusområde med tre og grøne plenar, og der er det mange mindre einetasjes bygningar. Monica ligg på rom saman med tre andre. Alt ser reint ut, men husa kunne trenge måling og utstyret inne i sjukehuset kan vel likne på det vi hadde i Norge på 1950-talet.

Monica var opptatt da vi kom så vi sat ute i sola og venta, og snart kom ho gåandes ut og tok omkring oss. Det var som eit under å sjå henne oppreist, men gangen var ustødig og ho var veldig tunn. Ho tok oss med inn og ordna så vi fekk stolar og sjølv la ho seg i senga med puter som støtta henne opp. Nå prata ho og fortalte at alt gjekk så fint og nå hadde ho begynt å trene for å få opp lungekapasiteten, for lungene hadde nesten kollapsa. Ho hadde ennå eit lite dreneringsrøyr inn i lungene, men berre til ein pose ho bar på brystet. Ho fortalte at sønnen hennar ringte kvar dag og sa at ho måtte kome ut av sjukehuset, for det var ikkje der ho budde. Sønnen, som er 8 år og bor hos mor hennar 100 mil borte. Så fortalte ho oss heile sjukdomshistoria si, om at i starten trudde ho berre at ho hadde blitt frykteleg lat, for ho ville berre ligge og sove. Så vart ho veldig sint, og når nokon kom på besøk ville ho berre at dei skulle gå igjen. Men så … Ho fortalte med smil og sjølvironi.

Så sa ho at nå ville ho heim. Ho ville heim i jula, og det hadde ho fått lov til. Ho skulle ha ei vekes perm. Tysdag skulle ho heim. «Korleis kjem du deg heim?» spurte eg. Jo, Lillian skulle kome og så skulle dei ta taxi(minibussar) heim. Eg spurte forsiktig om det var lurt? «Jo da, nå er eg så sterk at eg kan hente vatn og lage meg mat sjølv» sa ho. «Men det er berre for ei veke» sa ho for å roe meg. «Eg skal tilbake hit for å trene meg opp så eg blir heilt frisk». «Da kjem eg og hentar deg og kjører deg,» sa vennen min.

Dette var nokre dagar sidan, og i morgon skal vi hente henne og kjøre henne til Mandela Park som er ein svært dårleg township tre mil utanfor Cape Town. Skuret hennar er ca 9 kvadratmeter, der har ho ei seng, eit fjernsyn på veggen over senga, eit lite bord og ein liten kjøkkenbenk. Ho har eit lite vindauge og ei dør med to låsar på. På veggen heng kleda og eit bilete av sønnen. Ho må gå ca 100 meter for å hente vatn, og ho må gå 300 meter inn i skogen på do. Strøm har ho fått tilkopla frå naboen. Det går ikkje an å kjøre bil heilt fram til skuret. Ho må gå gjennom trange smug og eit stykke er det berre ei grøft med kloakk i. Dit vil ho tilbake i morgon for å feire jul.

I går var eg på Waterfront(Cape Towns Aker Brygge, berre mykje større og finare) og handla julegåver til barn og barnebarn i Norge. I dag skal eg ringe til Monica igjen og høyre korleis det går. I morgon skal vi hente henne og kjøre henne heim.

God jul til alle.

Standard