Ellen Øseth
Feature, Fylkesting, Politikk, Troms og Tromsø

Kven skal kjøpe bussane – og tariffløn i fiskeindustrien

Ellen Øseth

Ellen Øseth er gruppeleiaren vår på fylkestinget. Ho har alltid kontroll, og leier oss med mjuk men sikker hand.

Eg skjønner ikkje alltid avstanden mellom prat og praksis. I praten raljerer Frp og Høgre mot offentleg byråkrati, i praksis innfører dei enno meir byråkrati i alle fall her i Troms fylkeskommune, og eg trur dette skjer rundt om kring i heile landet.

I Troms ser vi det no ved at høgresida saman med Sp har kjempa gjennom eit innkjøpsselskap for kollektivtrafikk. Ikkje nok med at vi skal anbodsutsette kollektivtrafikken, som vil medføre meir byråkrati, men i tillegg skal vi sette ut til eit nytt selskap å gjere innkjøpa. Så ikkje berre skal fylkeskommunen finne ut kva vi skal kjøpe av kollektivtrafikk, i etterkant må selskapet gjere same jobben på nytt.

På fylkestinget i dag og i går forsøkte vi i SV å gjere noko med dette. Men berre Raudt støtta oss i at innkjøpskompetansen burde fylkeskommunen ha sjølv. No skal rett vere rett, i første omgang er dette selskapet eit såkalla «fylkeskommunalt foretak». Det gjev større mulegheit for politisk kontroll enn vi ville hatt med eit AS.

Noko i dessverre har for lite politisk kontroll med er arbeidslivet. Nasjonalt (osloalt) har vi sett skandalen med Adecco på Ammerudhjemmet. Her nord har vi sett ein endå verre situasjon med utanlandske vikarar i fiskeindustrien. NRK Nordnytt skriv:

I forrige uke fortalte NRK om det litauiske selskapet «Altonas» som selvstendig har overtatt hele eller deler av driften hos flere fiskebedrifter.

En av konsekvensene er at en arbeider som skadet seg på Tufjordbruket i februar, nå lever på litt over tusen kroner måneden i litauiske sykepenger.

Dette er sjølvsagt heilt urimeleg, og eit soleklårt døme på sosial dumping som vi ikkje kan leve med i Noreg. Vi var mange i fylkestinget som ville reagere på dette, men det er stor skilnad på kor sterkt vi reagerte. Høgre, Arbeidarpartiet og Krf, foreslo og fekk vedtatt dette:

”Troms fylkesting forventer anstandig behandling av utenlandske arbeidere

Troms fylkesting har merket seg siste dagers medieoppslag hvor begrepet sosial dumping

har blitt brukt. Troms fylkesting forventer, på generelt grunnlag, at også utenlandske vikarer behandles anstendig og kan heve lønn i tråd med standard for norsk minstelønn. Troms fylkesting forventer at næringslivet i Troms har ryddige forhold overfor også utenlandske vikarer og arbeidstakere, slik at påstander om sosial dumping er grunnløse.”

Vi meinte dette var for svakt, sjølv om det er betre enn ingenting. Spesielt siste setninga kan nesten sjå ut som dei ikkje tar situasjonen på alvor. Vi foreslo då dette:

”Troms fylkesting forventer en anstendig behandling av alle arbeidstakere

Troms Fylkesting har merket seg de siste dagers medieoppslag om sosial dumping. Troms Fylkesting forventer at også utenlandske vikarer behandles anstendig. Fylkestinget forventer videre at norsk fiskeindustri betaler tariff også til også til vikarer. Om dette ikke skjer forventer Troms Fylkesting ei allmenngjøring av tariffen i industrien for å unngå sosial dumping. Troms fylkesting krever at næringslivet i Troms har ryddige forhold overfor utenlandske vikarer og arbeidstakere.”

Vårt framlegg fekk dessverre berre støtte frå Raudt og to representantar frå Frp (sic!). Så er det muleg å starte ein større diskusjon om allmenngjering av tariffavtalar. Men, vi har over lengre tid sett at bruken av utanlandsk arbeidskraft på dårlege løns- og arbeidsvilkår grip om seg i fiskeindustrien. Dette har NNN sett, og tatt initiativ til eit partsamarbeid for å få ein stopp på dette. Om det ikkje nyttar trur eg allmenngjering er einaste vegen å gå. Troms SV tok til orde for dette på siste årsmøte. I ein uttale som konkluderer med krav om allmenngjering seier årsmøtet:

På land bemannes særlig de store produksjonsenheter med utenlandske vikarer. Aksjonærer i «vikarbyråer» hever store utbytter etter å ha formidlet østeuropeisk arbeidskraft til fiskerinæringa. Dette tapper fiskerisamfunnene og arbeidsfolk for verdier som skulle vært brukt til å bygge samfunnet der arbeidsfolk er og verdiskapinga skjer.

Forøvrig er eg godt nøgd med å ha fått fylkestinget med på å kreve eit ekstremvêrfond frå staten som ein del av klimatilpassinga. Og, eg er glad for at eit samrøystes fylkesting støtta meg i at vi må vere på høgget for å få til utlån av e-bøker ved biblioteka i Troms.

Eg er mykje mindre nøgd med at fylkestinget har det så travelt med å få selt den gamle skolebygninga etter Skånland vgs. No jobbar kommunen med å få til ein statleg samisk vidaregåande skole på Evenskjer. Då burde fylkeskommunen kunne vente med å selje bygninga til den prosessen vart avslutta med det eine eller det andre resultatet. Det verkar nesten som fleirtalet på fylkestinget prøver å vaske hendene sine etter nedlegginga ved å kvitte seg med alle spor etter skolen. Ein ting er at dei har det travelt og ikkje ville utsette å legge skolen ut på den frie marknaden, men dei kunne heller ikkje ver emed på å vedta:

«Fylkestinget stiller seg positiv til det lokale initiativet for å starte en statlig samisk videregående skole på Elvemo, og ber fylkesrådet legge til rette for at skolen eller deler av den kan selges til dem for en symbolsk sum dersom planene lar seg realisere.»

Uansett, eg kosa meg godt med å kunne ta replikkar og debattere med liv og lyst utan å vere verken ansvarleg fylkesråd eller statssekretær

 

 

Standard
Fylkesting, Internasjonalt, Miljø, Olje, Politikk, Skole, Troms og Tromsø, Vidaregåande

Framtida til Tromsø maritime skole

Dei maritime næringane er viktige i Troms. I fylket vårt var det i 2005 1230 personar tilsatt innafor sjøfart, og dei 44 tromsbedriftene omsette for over ein milliard. Dette er viktige arbeidsplassar for fylket vårt og dette er viktige bedrifter i fylket vårt. Ei av dei viktigaste forutsetningane for vidare utvikling er tilgang til kompetent arbeidskraft. Derfor skal Troms fylkeskommune i overskueleg framtid drive maritim utdanning på Rambergan i Tromsø.

Tromsø maritime skole er den viktigaste institusjonen i Troms for å kunne skaffe denne arbeidskrafta. Derfor ønsker fylkeskommunen også i framtida å satse på skolen. Vi vil vere gode på sertifikatutdanningar og på å gje ei maritim opplæring som er tilpassa nordområda. Då vil vi kunne gje bedriftene våre eit viktig konkurransefortrinn i åra som kjem.

Troms fylkeskommune samarbeider no med Sparebanken Nord-Noreg og Pellerin om den vidare utviklinga av tomta på Rambergan og skolen. Dette prosjektet går ut på at vi saman søkjer kommunen om å få bygge ut tomta på Rambergan, og at Sparebanken saman med Pellering kjøper delar av den eksisterande bygningsmassen. Dette vil gje oss mulegheit til å drive ein skole i nært samarbeid med næringslivet. Men, fylkeskommunen skal sjølvsagt eige eigne lokal til å drive skole i. Vi skal ikkje og vil ikkje vere avhengige av leigde lokale og bygningar.

Det er sjølvsagt og riskikoar knytt til eit samarbeid med private aktørar. Fylkeskommunen som offentleg skoledrivar vil ikkje alltid ha same mål og ønsker som private selskap. Der vi først og fremst vil ha kvalitet i skolen, vil ein privat aktør først og fremst ha profitt på kortare eller lengre sikt. Vi meiner at vi i dette prosjektet ikkje har gjort oss avhengige av dei private aktørane, men gjort det muleg å i samspel med dei skape ein betre skole.

Fylkeskommunen ønsker å ha ein skole med nordområdefokus. Derfor vil vi i første omgang satse på maritime fag, og service og samferdsel. Saman vil desse faga kunne utvikle viktig kompetanse til både transport og reiselivsnæringa i nord. Vi trur at eit samspel med dei bedriftene som vil etablere seg på Rambergan vil gje eit løft til utdanningane der opp, samstundes som vi er så ubeskjedne at vi meiner at den kompetansen skolen sit på vil vere med å løfte næringslivet.

Nettverk og nettverksamarbeid er eit honnørord i mange samanhengar. Den nye maritime nordområdeskolen på Rambergan vil gje nytt innhald til desse orda. Elevane og fagskolestudentane vil få ei fantastisk mulegheit til å få gode kontaktar i næringslivet og lære av desse. Næringslivet og skolen vil saman kunne utveksle og bygge kompetanse som vi ikkje vil finne andre stader i landet. Vi håper og at Universitetet og Høgskolen skal vere interesserte i å etablere seg på Rambergan. Til saman vil det kunne bli dynamitt.

Dette er eit unikt skoleprosjekt, men det er og eit spennande næringslivsprosjekt. Prosjekt frigjer pengar for fylkeskommunen som vil vil bruke til å bygge om lokala våre slik at vi kan ha gode og tidsriktige skolelokalar for å gje elevar og lærarar eit godt arbeids- og undervisningsmiljø.

I framtida ser vi for oss at det skal vere plass rundt 500 elevar og fagskolestudentar på Tromsø maritime skole. Desse vil få nyoppussa og tildels nybygde lokale som gjev eit godt grunnlag for å vere ein spydspiss i nordområdesatsinga i Troms. Eg er ikkje av dei som roper hurra for oljeboring i Barentshavet, men eg innser at det er sannsynleg at vi vil få ei utvikling der som gjer at det vil bli behov for fleire folk i dei maritime næringane. Vi legg opp til at skal kunne fylle desse behova. Då blir det og ei kjempeutfordring for dei maritime næringane å gjere seg atraktive slik at ungdomen får lyst på desse arbeidsplassane. Den maritime næringa har sett i verk ein kampanje «Ikke for alle» som eg håper vil slå ut i betre søkning til desse tilboda. Tromsø maritime skole er i Tromsø, men dei maritime arbeidsplassane er over heile fylket og er viktige distriktsarbeidsplassar. Det gjer det og viktig at denne kompetansen skal finnast og byggast ut i fylket.

Tromsø maritime skole på Rambergan står på ei katedraltomt. Det er mi klåre oppfatning at skolane skal vere katedralar i samfunnet, men eit ørlite innslag av børs skadar ikkje. Samarbeidet med Sparebanken og Pellerin gjev oss mulegheit til at skolekatedralen på Rambergan kan stråle kraftigare enn før og gje nordnorsk ungdom ei fantastisk utdanning innafor service, samferdsel og maritime fag.

Standard
Fylkesting, Politikk

Spanande demokratisering

To lovforslag er ute til diskusjon for tida. Begge har potensiale i seg til å verke demokratiserande i Noreg. Kystfiskeutvalet har konkludert med at finnmarkingane har rett til å fiske i eiga hav, og skal få styre noko av dette sjølv. Forvaltning av dei som bur nære ressursane er eg jamt over for. Tidlegare er det foreslått at staten ikkje lenger skal styre dei store utmarksområda i Nordland og Troms, men at vi som bur her skal få rå over desse områda. Det skal skje gjennom skipinga av ein Hålogalandseigedom som Troms, Nordland og Sametinget skal styre i fellesskap.

Felles for desse to forslaga er at dei kjem på bakgrunn av at storsamfunnet erkjenner samiske rettar og at dei flytter makt frå departement og direktorat i Oslo og nærmare folk. Det er ein god ide. Så må eg ta eit atterhald, eg har enno ikkje lest kvart eit komma i desse utgreiingane. Det er sikkert ting som ikkje er så bra og, men hovudprinsippa er flotte.

Her kan du laste ned kystfiskeutvalet sin rapport i PDF-format.

Standard
Politikk, Skole, Sosialisme, SV, Vidaregåande

10 000 ulike grunner

Dagbladet har i dag ein artikkel om unge uføre. Det er ingen av oss som er glad for at mange ikkje er i stand til å jobbe. Dei aller fleste ønsker å bidra til samfunnet, og ikkje minst dei fleste ønskjer seg ein betydeleg betre økonomi enn det ein får gjennom uføretrygd. Det er viktig å huske på at det er 10 000 ulike grunnar til at 10 000 unge menneske er uføretrygda. Nokre på grunn av fysisk eller psykisk sjukdom, andre på grunn av skader dei har fått anten i arbeidslivet eller på anna måte.

Det er og viktig å huske at 10 000 menneske er eit stort tal, men det ergodt under ein prosent av den aktuelle gruppa. Dersom du stilte opp 100 tilfeldige menneske på gata, ville du blitt overraska dersom ein av dei hadde ei eller anna plage som gjorde det vanskeleg å jobbe. Det ville ikkje eg. Det er godt at vi har eit samfunn som tar ansvar for at vi ikkje skal ha fattige i dette landet. Som SVar er eg stolt over å vere representert av folk som Karin Andersen.

Sjølv om det er ei spesiell historie bak kvar einaste som er uføretrygda veit vi og ein del generelle trekk. Vi veit mellom anna at dei som ikkje gjennomfører vidaregåande skole i større grad enn andre blir uføretrygda i ung alder. Kanskje er grunnane til at dei ikkje gjennomfører skolen og grunnane til at dei blir uføre den same, men sannsynlegvis er det noko skolen kan gjere med det.

I Troms har vi tatt konsekvensen av dette, og satsar på at fleire skal komme seg gjennom skolen. Vi har til hausten fleire eigne program for skoletrøytte og andre som treng spesiell oppbakking. Desse tilboda gjev elevane mykje praksis i bedrift og lite teori på skolen. Vi gjennomfører og eit program for at fleire skal få læreplass tidleg. Dette er eg svært stolt av at vi har fått til.

I tillegg skal vi ha ein skikkeleg gjennomgang av alle hjelpetenstene i den vidaregåande skolen for å kunne gje eit enno betre tilbod til alle elevane. Målet er fleire som gjennomfører med bestått, og forhåpentlegvis færre unge uføretrygda.

Standard