Økonomi, Politikk, Troms og Tromsø

Tromskraftskandalen

Eg har ikkje lest rekneskapen til Tromskraft. Eg skal ikkje skråsikkert seie noko om det var absolutt naudsynt å selje ein tredjedel av produsjonsselskapet til Tromskraft.

Men, eg skal seie det følgjande. Tromskraft er eit 100 prosent offentleg eigd selskap. Fylkeskommunen eig 60% og Tromsø kommune eig 40%. Det er altså vi, innbyggarane i Troms og Tromsø som eig selskapet. Det er vi som gjennom innskot av kapital og kjøp av straum har bygd opp selskapet.

Eg meiner det er totalt uakseptabelt at Tromskraft sel ein tredjedel av produksjonsselskapet utan at vi som innbyggararar og eigarar er informert og fått høve til å diskutere og debattere saka.

Dersom dette er den einaste løysninga burde styret vore i stand til å få fram dette i ein offentleg diskusjon. Vi har eit absolutt krav på å bli høyrt før selskapet gjer denne typen disposisjonar. Dette burde styret og leiinga i Tromskraft forstå. Forstår dei det ikkje burde dei finne seg noko anna å gjere.

Denne saka minner meg forøvrig om ei av dei første sakene som møtte meg som folkevald. Den gongen vart Tromskraft brukt til å gje pengar til hurtigruta, også den gongen utan offentleg diskusjon.

Standard
Fylkesting, Politikk, Sosialisme, SV, Troms og Tromsø

Spel og leik med fellesskapet sine pengar

Denne kronikken skreiv eg i samband med at Tromskraft brukte 100 millionar på oppkjøp i TFDS/Hurtigruten i 2004. Saka har blitt aktualisert i det siste, så eg tenkte nokre kanskje kunne ha interesse av dette. I siste avsnitt i kronikken spurte eg: «Eller er det kanskje slik at dette er ein del av eit større spel, der det enno er mykje vi ikkje veit, der nokre få snakkar saman utan å ta folket med på råd?» Svaret var at dette var ein del av privatiseringa av Tromsbuss. Siste akt kom no gjennom anbudsutsettinga av kollektivtrafikken i Troms.
—————
Den siste tida har eit utruleg spel med fellesskapet sine pengar blitt rulla opp av Nordlys. Troms Kraft eit heileigd offentleg selskap skal bruke 100 millionar på å kjøpe aksjar i TFDS, utan at noko folkevald organ har handsama saka, og gjeve klårsignal for det som skjer.

31. mars
Eventyret tok til den 31. mars i år. Det skulle vere styremøte i Troms Kraft. På styremøtet troppar det opp ei utsending frå TFDS i form av ein konsulent i Pareto Securities. Konsulenten har ein fin presentasjon, og ber styret i Troms Kraft om å bruke 200 millionar kroner på å kjøpe nye aksjar i TFDS. Konsulenten blir i møtet utsett for mange kritiske spørsmål, og viser seg å ikkje kunne svare på desse. Styret handsamar saka og seier samrøystes nei til å bruke Troms Kraft sine pengar på dette viset. Styret har nettopp vedtatt ein strategi som ikkje handlar om å satse på reiarverksemd og reiseliv, men å satse på energi og den infrastrukturen vi er avhengige av.

26.april
Der burde kanskje saka tatt slutt, men den 26. april blir det innkalla til ekstraordinært styremøte i Troms Kraft. Når styremedlemane kjem til møtet ventar fylkesordførar Ronald Rindestu og ordførar i Tromsø Herman Kristoffersen på dei. Saman med dei kjem direktør i TFDS, Tor Lægreid. Tor Lægreid held det som er blitt kalla Nord-Noregs beste powerpoint-presentasjon, og ber styret i Troms Kraft om å vedta ein garanti for ein aksjeemisjon i TFDS på inntil 100 millionar. Styret blir førespegla at det til sjuande og sist vil koste Troms Kraft mellom 50 og 70 millionar, avhengig av teikninga frå dei andre private aksjonærane. Før styret i Troms Kraft handsamar saka får dei tydeleg beskjed for representantane for eigarane, dei to ordførarane, om at eigarane utvetydig vil at styret løyvar det omsøkte beløpet. På direkte spørsmål til fylkesordførar Ronald Rindestu bekrefter han at eigarane instruerer styret om å bruke pengar på TFDS. Det kan vere verd å nemne at Ronald Rindestu ikkje baserer denne instruksen på vedtak i eit einaste folkevald organ. Verken fylkestinget eller fylkesrådet har nokosinne behandla saka. Styret i Troms Kraft handsamar saka. Dei diskuterer om dei skal stille plassane sine til disposisjon, men vel til slutt å følgje det dei oppfattar som ein klar instruks frå eigarane, og vedtar mot røystene til dei tilsette sine representantar å stille den omtalte garantien.

12. mai
Neste kapittel i soga speler seg ut den 12. mai. Det skal vere bedriftsforsamling i Troms Kraft. Denne forsamlinga skal kontrollere styret i selskapet. I møtet den 12. mai blir styreleiaren i Troms Kraft Paul Dahlø spurt direkte om det var planar om å bruke Troms Kraft sine pengar på TFDS. Dette spørsmålet blir ikkje svart på, i alle fall ikkje på ein måte som gjer at bedriftsforsamlinga blir informert om planane om å bruke 100 millionar av selskapet og fellesskapet sine pengar. Det som gjer dette spesielt interessant er at Paul Dahlø har ei dobbeltrolle, han er både styreleiar i Troms Kraft og leiar for fylkesrådet som eig selskapet. I same møte blir bedriftsforsamlinga presentert for eit forslag til vedtektsendringar. I dei gamle vedtektene stod det at Troms Kraft berre kunne investere i beslekta verksemder, og det kan nok ikkje TFDS reknast som. No står det i vedtektene at Troms Kraft kan gjere omtrent alle typar ”lønsame” investeringar. Det vart aldri opplyst i møtet korfor det var naudsynt å endre vedtektene. Dessverre vart det ikkje i dette møtet fleirtal for framlegget frå Rolf-Ketil Bjørn om å utsette vedtektsendringane.

I etterkant er det og blitt kjent at Troms Kraft trulig blir nødt til å bruke 100 millionar på TFDS. Det er ikkje lenger snakk om ei utteljing på mellom 50-70 millionar, ettersom interessa for nyteikning frå dei private eigarane er heller laber.

Kven eig Troms Kraft
Troms Kraft er eigd av folket i Troms og Tromsø gjennom Troms fylkeskommune og Tromsø kommune. Fylket har 60% av aksjane og Tromsø kommune har 40% av aksjane. Eigedomen er forvalta gjennom kommunestyret og fylkestinget. Det er interessant at verken kommunestyret eller fylkestinget har handsama saka om å bruke 100 millionar av fellesskapet sin eigedom på å kjøpe aksjar i TFDS – eit selskap som taper pengar. Dei pengane fellesskapet, gjennom Troms Kraft går inn med i TFDS vil bli brukt for å betale bankar og berge private investorar. Når ordføraren i Tromsø saman med fylkesordføraren på vegne av fylkesrådet går inn og instruerer styret i Troms Kraft til å kjøpe aksjar i TFDS skjer dette utan at dei har ryggdekning i form av vedtak eller diskusjon i eit einaste folkevald organ.

Når fylkesordføraren går inn og instruerer styret i Troms Kraft må vi gå ut frå at dette skjer i samforstand med fylkesrådet. Etter at fylkestinget innførte parlamentarisme har fylkesordføraren ikkje noko sjølvstendig politisk rolle. Han har same plass i systemet som stortingspresidenten har på stortinget. Fleire enn eg ville nok løfte eit augebryn eller to om stortingspresidenten utan politiske vedtak gjekk inn og instruerte styret i Statoil eller Statkraft. I Troms skjer dette no. Men, om vi då går ut frå at fylkesordføraren opptrer på vegne av fylkesrådet og fylkesrådet sin leiar Paul Dahlø, som og er styreleiar i Troms Kraft og har ei underleg dobbeltrolle, så er det utruleg at dette kan skje utan at fylkesrådet har behandla saka. Dette er i beste fall forsømmelse frå fylkesrådet si side.

Er det lurt å bruke fellesskapet sine pengar på TFDS?

Det finst sjølvsagt gode argument for å bruke pengar på TFDS. Det viktigaste argumentet er å behalde hovudkontoret i Tromsø. Likevel er det slik at å bruke pengar på TFDS konkurerer med å nytte pengar til andre gode formål. Viss fylkesrådet meiner det er rett å bruke pengane på TFDS ville den naturlege måten å gjere dette på vere å ta ut eit ekstraordinært utbytte frå Troms Kraft og i fylkestinget argumentere for at det er viktigare å bruke pengar på TFDS enn på vidaregåande skolar, fylkesvegar og kultur. Eg tviler på at fylkesrådet faktisk ville fått fleirtal for ei slik prioritering, og kanskje er det derfor alt skjer utan offentleg debatt. Slik slepp fylkesrådet å forsvare prioriteringane sine overfor veljarar og andre politikarar.

Korfor skjedde dette?
Det er naturleg å spørje korfor skjedde dette utan offentleg debatt? Ønskjer ikkje fylkesrådet fokus på dei prioriteringane dei gjer? Eller er det kanskje slik at dette er ein del av eit større spel, der det enno er mykje vi ikkje veit, der nokre få snakkar saman utan å ta folket med på råd? Det er på tide å spørje om dei gode relasjonane mellom enkelte toppolitikarar og næringslivsfolk kanskje er blitt litt for gode?

Konsekvensar
Frå SV si side tar vi opp saka i førstkomande fylkesting. Der bør fylkesrådet svare godt for seg – tilliten tar til å bli svært tynnslitt.

Standard