Juleforteljinga held fram. «Eg greidde det!

sa11
Første gongen låg ho med eit dreneringsrør inn i lungene som var festa til ei flaske som sto på golvet. Slik var det sist. No er det noko anna. «Eg er frisk. Heilt frisk,» seier ho og opnar armane mot meg. «Eg trenar og spelar basketball, og på søndag var eg i kykja.» Det er som eit under. Foto: Liv Marie Austrem

I går møtte eg Monica. Smilande. Slank. Pynta med halskjede, øyredobbar, ettersitjande klede og ein glatt parykk. Eg hugsar frå før også at ho likte å pynte seg. Somme gonger kom ho med rastahår, somme gonger med glatt parykk og somme gonger med sitt eige naturlege småkrusa bustehår.

«Eg er frisk. Heilt frisk,» seier ho og opnar armane mot meg. «Eg trenar og spelar basketball, og på søndag var eg i kykja.» Det er som eit under. Sist eg såg henne, rett før jul, var ho riktignok på betringen veg, men ho var svært dårleg, og eg var bekymra da ho absolutt ville feire jul heime i skuret sitt i Mandela Park township. Ho vart utskriven frå sjukehuset midt i februar, fortel ho, og nå står det berre igjen å få den siste helsesjekken før ho blir 100% friskmeldt.

Vi går ein tur langs Atlanterhavet med ein hyggeleg utekafe som mål i enden av promenaden. Det er lenge sidan eg har høyrt henne så pratesjuk. «Nå skal eg få meg jobb,» seier ho optimistisk. «Eg har levert CV’n min mange plassar, og eg følgjer med og søkjer på alt.» Ho fortel at ho fekk ingen pengar da ho var på sjukehuset. Der hadde ho både kost og losji, og da trengte ho ikkje meir, meinte dei. «Heldigvis har eg ikkje husleie på huset mitt,» seier ho og ler. Men nå har ho rett på 900 rand (625nkr) i månaden i 6 månader viss ho ikkje får jobb før den tid, fortel ho.

«Korleis er det med sonen din?» spør eg. Eg visste at før ho vart sjuk, hadde ho store planar om å få bygd på eit rom på skuret sitt for å kunne ta sønnen sin til seg. Sønnen hennar er 10 år og bur hos bestemora i eit fattig område i Eastern Cape. Bestemora er sjuk, og ho er analfabet og kan ikkje hjelpe guten hennar med skolearbeidet, og det bekymra Monica. Mange har det slik her at dei må reise bort for å tene pengar, barna må vere igjen hos bestemora og mødrene sender pengar heim.

«Det går fint,» seier Monica. «To gledelege ting har skjedd. Mor har fått kommunalt hus gratis, og sønnen min får ekstraundervisning om ettermiddagane tre dagar i veka. Der les dei Bibelen og får hjelp med leksene.» Så fortel ho at søskenbarnet hennar, Lillian, har hjelpt henne med pengar så ho har hatt noko å sende heim. Lillian har tatt seg jobb i helgene for å tene litt ekstra som Monica kunne få. Det er vel det dei kallar ubuntu, tenkjer eg.

For 10 månader sidan vart Monica sjuk. «Først trudde eg berre at eg hadde blitt lat,» seier Monica og ler, men i juli i fjor vart ho akutt lagt inn på sjukehuset, og da konstaterte dei tuberkulose og tappa ein og ein halv liter veske ut av lungene hennar. «Eg ville bli frisk, og eg har greidd det,» seier Monica og langar ut i rask takt under ei steikande sol.

I tida framover kjem Liv Marie Austrem til å skrive litt på denne bloggen frå Sør-Afrika. Denne heng saman med posten frå jula