Politikk, Troms og Tromsø, Utdanning

Skal Universitetet i Tromsø kun vere eit arktisk universitet?

Universitetet i Tromsø (UiT) er i full gang med ein strategiprosess. Dei skal finne ut kva UiT skal satse på fram mot 2020. Det er spennande, og eg rår alle interesserte til å ta ein titt på høyringsnotatet som no er sendt ut, med frist for tilbakemelding 24. februar.

Eg må innrømme at strategidokumentet er litt skremmande. Det er eit ganske einsidig fokus på det arktiske. Ikkje misforstå meg, eg liker at UiT er tilstades og i samverknad med den regionen der universitetet ligg. Men dersom universitetet berre er interessert i det arktiske kjem vi til å mangle ein god del i framtida. Det er greitt at universitetet fekk nytt namn i samband med fusjonen med Høgskolen i Finnmark, men det at det no heiter «Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet» kan og må ikkje bety at det arktiske er det einaste som betyr noko.

Breiddeuniversitetet

Eg er opptatt av at det å vere eit universitet er å ha ei stor breidde i utdanningstilbodet og i forskingstema. Med unntak av ei besverging i innleiinga er ikkje dette med breiddeuniversitet tatt opp i strategien (og legg du godvilja til kan du lese det inn i det som står om grunnforsking). I fire av dei fem satsingsområda er formuleringa «ledende på kunnskap om klima, energi og miljø i Arktis», «å sikre livskvaliteten til folk i Arktis», «utnytting og forvaltning av arktiske naturressurser»

Sjølvsagt skal UiT vere alt dette, men målet må jo vere at det som blir gjort er relevant utanfor Arktis. Eg meiner at UiT burde ha som mål å vere best på «utnytting og forvaltning av naturressurser, og dermed også være best på arktisk forvaltning og utnytting». Dette kan kanskje framstå som pedanteri, men eg meiner det er viktig at vi set det UiT skal gjere i ein global kontekst og at det er gjennom det vi og blir relevante for vår eigen region.

Nasjonalt då?

Kanskje har eg for store ambisjonar på vegne av universitetet? Kanskje er det heilt forfeila at UiT skal kunne bli ei leiande global kraft, men nasjonalt då. Heller ikkje det finn eg ei målsetting om. Det står ikkje som eg ser ein einaste plass at UiT skal vere best i Norge, Norden eller Europa, om det då ikkje har med Arktis å gjere.

Temasatsingane

I dette høyringsnotatet er det valt ut fem hovudområde der det skal satsast. Desse fem er:

  • Klima, energi og miljø
  • Helse og velferd
  • Bærekraftig bruk av ressurser
  • Teknologi
  • Samfunnsutvikling og demokratisering

Dette er gode og viktige tema, men eg kan ikkje heilt fri meg frå at eg synst det er mykje teknologi og lite samfunnsvitskap her. Igjen, det er ikkje så mange teikn på breiddeuniversitetet i desse tema. Så kan ein sjølvsagt ikkje satse på alt, og sjølvsagt er det plass til både humaniora- og samfunnsforsking under alle desse overskriftene. Så må dokker ikkje misforstå, eg meiner ikkje at UiT skal satse stort på klassisk gresk, men eg meiner at vi må vere trygge på at det er plass til ein del av dei klassiske faga og.

Ein siste klage

Eg meiner det står for lite om formidling i denne planen. Det sit sånne enorme kunnskapar innafor veggane på universitetet som dessverre ikkje verk etter å kome seg ut blant folk. Derfor må strategien vere mykje tydelegare og legge vekt på at kunnskapen skal populariserast og komme ut blant folk. Bidra til å gjere oss alle nysgjerrige på å skaffe oss meir kunnskap, nysgjerrige på å forstå korleis kunnskap blir produsert. Eit litt tilfeldig valt eksempel er å ta ein titt på youtube, der finst det ein enorm mengde kunnskap å hente, om alle slags tema. Men kva bidrar UiT med? Då eg sjekka var det 44 videoar, og mange av dei var reklame.

Korfor held ikkje UiT seg med ein eigen «TV-kanal» som gjev oss del i alt det fantastiske som skjer på UiT? Korfor får vi ikkje kunnskapen formidla på norsk, korfor må vi for det meste bruke engelsk for å forstå verda?

Her er noko å arbeide strategisk med for UiT

Også burde eg sagt noko om digitaliseringa av undervisninga og lik rett til utdanning sjølv om du ikkje bur nær Campus. Det får eventuelt bli i morgon.

 

Standard
Troms og Tromsø

10 spørsmål til rektorteama

rektor Eg har saman med Torgeir Knag Fylkesnes utforma nokre spørsmål til dei som stiller til val som rektorar ved Universitetet i Tromsø. Vi publiserer dei same spørsmåla på bloggane våre og håper på å utvide diskusjonen litt. Vi meiner nok at Universitetet er så viktig for byen og landsdelen at dei delane av Universitetet si verksemd fortener å bli diskutert meir.

Eit sentralt formål med etableringa av Universitetet i Tromsø var å utdanne folk til jobbane i landsdelen. Ingen av rektorteama seier noko spesielt i valplattformane sine om kva for ei rolle universitetet skal ha for dette i årane framover.

  1. UiT har satsa stort på petroleumsrelaterte utdanningar dei siste åra. Ifølgje kunnskapsinnhentinga til Oljedirektoratet vil berre ein stad mellom 3-5% av arbeidsplassane i petroleumsnæringa hamne i nord. Er ikkje då den store petroleumssatsingen ein subsidie av Vestlandet, og ikkje ei satsing på jobbane til framtida i landsdelen?
  2. Kva for grep vil rektorteama ta for å utvikle utdanningane innan reiseliv, IKT, fiskeri, alternativ energi og andre framtidsnæringar?

Nordområdesatsingen har prega utviklinga av høgare utdanning og forsking i nord dei seinaste åra. Forskningsprofilen i nordområdesatsingen har i stor grad vore prega av real- og helsefaglege tilnærmingar.

  1. Kva for ei rolle meiner rektorteama at UiT skal ha i denne satsinga?
  2. Kva vil rektorteama gjere for å styrkja den samfunnsvitenskapelige og humanistiske tilnærminga til nordområdene?

I universitetsverda internasjonalt skjer det ei formidabel satsing på opne studiet gjennom nye media (MIT, Stanford, osb). Det tyder at studentane i Noreg har tilgjenge på det beste av det beste frå heile verda utan å vere innom eit norsk universitet. Samstundes finst det store mengder kunnskap på UiT som aldri kjem seg utanfor veggene i Breivika. Dette seiane rektorteamene lite om.

  1. Korleis sikre at UiT blir det naturlege valet for vaksne folk som vil ha tilgang til kunnskap utan å reise til Tromsø?
  2. Når skal UiT tilby kunnskapen sin og kursa sine utanfor Campus og til alle?

Bodø er betre enn Tromsø på minst éin ting – eit tett og strategisk samarbeid mellom by og høgskule/universitet. ”Team Bodø” har ført til at byen har fått sentrale rollar i nasjonale satsingar. I Tromsø er historia ein annan.

  1. Korleis vil rektorteama jobbe for eit tettare samarbeid mellom byen og universitetet? På kva for område?
  2. Korleis skape tettare band mellom Breivika og byen?

Med kunnskapen sin og mandat sitt har forskarar ein svært viktig rolle som deltakarar i samfunnsdebatten. Med over tusen forskarar i Breivika, med kunnskap om nær alle samfunnsområder, burde alt liggje til rette for ei sterk deltaking i offentlegheita. Men slik er det ikkje.

  1. Kva for rolle bør forskarane ha i den offentlege debatten?
  2. Kva vil rektorteamene gjere for at forskarar kan delta meir i det offentlege ordskiftet?

[poll id=»20″]

Standard