Russland

Russland, Ukraina og Krim

Det som skjer mellom Russland og Ukraina er reine krimmen. Det er ein vanskeleg situasjon, og vanskeleg å ha bastante meiningar. Kanskje er dette blogginnlegget mest eit forsøk på å sortere eigne tankar. Eg vil svært gjerne ha kommentarar og og innspel. Vi har nok alle mykje å lære og mykje vi må tenkje oss om fleire gongar før vi konkluderer.

putin

Putin speler eit spel som er mykje større enn berre Krimhalvøya. Foto: Jedimentat44/http://www.flickr.com/photos/jedimentat/6230779369/sizes/l/in/photostream/

Bakgrunn

Krimhalvøya vart først okkupert av Russland i 1783. Fram til då hadde det vore meir eller mindre sjølvstendig som Krim khanatet. Sjølv om dei måtte betale tributt til det Ottomanske riket. Krim khanatet vart grunnlagt av ein av etterkommarane etter Djengis Khan. Vi kan kanskje seie at det var den delen av det mongolske riket som overlevde lengst i alle fall i Europa.

Krim var og ei viktig slagmark under den russiske borgarkrigen etter revolusjonen i 1917. Det var her dei kvite styrkane heldt ut lengst, men i 1920 måtte dei gje seg for den Raude Arme og anarkistane under Makhno.

I 1944 vart store delar av den opphavelege folkesetnaden på Krim deportert til Sibir. Krimtartarane og folk med gresk, bulgarsk og armensk bakgrunn vart alle sendt til Sibir. Svært mange omkom i denne prosessen. Tartarane vart rehabilitert i 1967, men fekk ikkje komme attende til Krim før etter at Sovjetunionen fall. Dette er i alle fall ein god del av bakgrunnen for at det i dag er eit fleirtal av russarar på Krim.

Krim vart ikkje ukrainsk før i 1954. Då vart Krim fylke overført frå den russiske republikken i Sovjet til den ukrainske republikken. Dette var ei administrativ endring som vart gjort fordi det var likskap i økonomi, nærleik og nære økonomiske og kulturelle samband med Ukraina. Overføringa skjedde og i samband med at det var 300 år etter unionen mellom Ukraina og Russland. Kanskje kan ein sjå på det som ei forseinka morgongåve? (les meir her og her)

Dagens situasjon

Sett med dagens auge så er det mogleg å forstå, men ikkje forsvare Russland si handtering av denne krisa. Krim er svært viktig millitærstrategisk for Russland og mykje av folket på Krim er nært knytta til Russland. Det at det nye styret i Ukraina er såpass tydeleg antirussisk gjer at Russland/Putin blir bekymra for den strategiske situasjonen for milliærbasane sine på Krim. Det er og mogleg å argumentere for at overføringa av Krim til Ukraina i 1954 var ei rein administrativ endring innafor Sovjetunionen på linje med å endre norske kommunegrensar og at det ikkje  betyr at Krim ikkje lenger er russisk.

Det er likevel ingen tvil om at Krim først og fremst er ein del av eit mykje større spel frå Putin si side. Putin ønsker først og fremst å gjenopprette det russiske imperiet. Det verkar som berre imperiet kan gje Russland tryggleik i deira meining. Russland og i alle fall dei som no styrer i Russland har ikkje akseptert oppløysinga av Sovjet.

Då det britiske imperiet fall utløyste det ei lang leiting etter ein ny identitet for britane. Det var snakk om «postimperial depresjon». Ein slik postimperial depresjon har og ramma Russland, men i staden for å akseptere den nye verda og prøve finne seg ein ny identitet innafor denne verda har dei russiske styresmaktene valt å heller prøve å gjenskape imperiet. Dei har valt å gjere det gjennom ein euroasiatisk union. Ein tollunion som inkluderer Russland, Kazakhstan, Kviterussland, Kirgisistan og Tadsjikistan. Heile den situasjonen som Ukraina er i no oppsto fordi dei måtte velje mellom EU og den russiske unionen. Då Ukraina etter opprøret valte feil, i russiske auge måtte dei gjere noko. Det er sagt at Russland med Ukraina er ei imperium, Russland utan Ukraina er knapt ei stormakt.

Det som skjer på Krim no er i botn eit forsøk på å skape den slegga som skal hamre Ukraina inn i den russiske ambolten.

Kva skal vi gjere

Noreg kan like litre som USA og EU sitte i ro og sjå på at Russland brukar millitærmakt for å få gjennom vilja si, anten det ender med grenseendringar eller nok eit regimeskifte i Ukraina. Ein borgarkrig er nok heller ikkje langt unna.

Men, eg kan ikkje sjå for meg at NATO skal gå til krig mot Russland over Krim. Ein slik krig vil få ufattelege konsekvensar. Eg trur likevel vi må stille nokre formar for makt bak krava til Russland. Dersom desse krava ikkje skal vere millitære så må dei vere økonomiske.

Eg trur vi må gjere det klart at alt av økonomiske middel som toppane i Putin-regimet har i vestlege bankar vil bli frossen inntil situasjonen ordnar seg. Eg trur vi må vere budde på hardare økonomiske sanksjonar mot Russland. Russland er totalt avhengig av oljeeksporten. Ein stopp i kjøp av russisk olje og gass vil ganske snart bringe Russland i kne. Det vil bli svært vanskeleg for Europa, som er avhengige av russisk gass. Men vinteren er snart over, og dessverre trur eg Putinregimet berre forstår makt.

Dette vil nok og få konsekvensar for samarbeidet i nordområda. Det samarbeidet vil bli satt mange år tilbake. Det er ein konsekvens vi får leve med om det kan stoppe at Russland nyttar millitærmakt foir å få det som dei vil.

Som sagt, eg er ikkje ferdigtenkt og eg vil gjerne høyre kva du meiner.

Standard
EU, Feature, Internasjonalt, Russland

Russland skrur igjen gasskrana

682px-gas_stove_blue_flames

Kanskje blir det lite varm mat framover om ikkje gasstriden mellom Ukraina og Russland blir løyst? Foto: Wikipedia

I natt reduserte Russland gasstraumen til EU gjennom Ukraina med 70 prosent. Innbyggarane i Bulgaria har fått beskjed om å sjå seg om etter andre energikjelder. Bulgaria, Hellas, Makedonia og Tyrkia er ramma i første omgang melder EUObserver og Dagbladet.

Med dette går gasstriden mellom Russland og Ukraina inn i ein ny fase. Dei er usamde om pris og betaling. Russland hevdar Ukraina skuldar dei to milliardar dollar for gass og at dei stel av lasset av den gassen som går til EU. Ukraina har på si side svart med å truge med å auke prisen Russland må betale for å frakte gassen gjennom Ukraina seks gonger. Saka blir ikkje enklare av at det er politisk stillingskrig mellom statsministeren og presidenten i Ukraina, slik at ingen av dei i realiteten kan gjere noko med saka.

Dette er ei alvorleg utfordring for EU. Mange av EU-landa i det gamle Aust-Europa er nesten hundre prosent avhengig av russisk gass, men alle EU-landa med unntak av Irland nyttar større eller mindre delar russisk gass. TV2 melder at Austerrike no slit, og at Tyskland og merkar nedgangen i gassleveransane. Det blir spennande å sjå kva Tyskland vil gjere framover. Vil dene krisa sette ytterlegare fart på bygginga av ei ny røyrledning gjennom Østersjøen frå Russland til Tyskland, eller vil Tysklandendre politikk og i større grad leite etter energi andre stader? Den store miljøbekymringa er at EU-landa no går tilbake til å i større grad nytte kol til energi. Dette vil auke CO2-utsleppa kraftig. Dagbladet skriv:

Slovakia erklærer unntakstilstand og Bulgaria vil starte opp igjen gamle kjernekraftverk etter at Russland kuttet gassen til store deler av det sørøstlige Europa. Den bitende vinterkulden det europeiske kontinentet opplever setter gasskrisen ekstra på spissen, ettersom forbruket av gass dermed øker.

Så langt er det ingen som tener på denne konflikten. Russland taper sal, inntekter, og i det lange løp vil nok EU i enno større grad sjå seg om etter andre leverandørar av energi. Ukraina håper å sleppe å betale rekninga si, og å få større inntekter på transitten. Taparane er dessverre mange. Forbrukarane i EU-landa som er avhengige av gass til oppvarming og koking vil kunne komme til å li i vinterkulda om dei ikkje har tilgang til andre energikjelder.

Vil dei andre gassproduserande landa i verda tene på konflikten mellom Russland og Ukraina? Foto: Wikipedia

Vil dei andre gassproduserande landa i verda tene på konflikten mellom Russland og Ukraina? Foto: Wikipedia

Eg har tidlegare skrive om at Gazprom er i trøbbel. Indra Øverland er inne på noko av det same i Dagbladet. Dagbladet siterer Øverland slik:

Mens 2006-krisen mellom Russland og Ukraina ble sett på som et tegn på russisk maktarroganse, er dagens konflikt mer et utrykk for økonomisk desperasjon.

The Streetwise professor er inne på noko av det same. Han hevdar at Russland juksar med omsyn til valutareservane sine. Putin har endeleg innrømt at den internasjonale finanskrisa og vil ramme Russland. Kanskje fordi pengebingen tar til å tømmast?

OPPDATERT

Standard