Fylkesting, Politikk, Troms og Tromsø, Val

Stemmerett for 16-åringar i Troms

Fylkesrådet i Troms gjekk i dag inn for at 16-åringar skal få stemmerett ved fylkestingsvalet i Troms. Regjeringa har foreslått ei prøveordning med stemmerett for 16-åringar ved kommunevalet i 2011, no meiner vi at dette bør prøvast òg ved fylkestingsvalet.

Fylkeskommunen har ansvaret for vidaregåande skolar og kollektivtrafikken. Dette er ting vi veit ungdom er opptatt av og har kunnskap om. Det er vel så naturleg å gjennomføre eit forsøk ved fylkestingsvalet som ved kommunevalet. Det er ikkje unaturleg å tru at ein 16-åring er meir opptatt av vidaregåande skole enn grunnskolen.

I Stortingsmelding nr. 33 (2007-2008) opnar regjeringa for forsøk med stemmerett for 16-åringar. I Stortingsmeldinga tilrår regjeringaforsøk berre i kommunane. Vi vil no ta kontakt med partia på Stortinget og be dei vurdere dette òg ved fylkestingsval. Departementet skriv i Stortingsmeldinga:

Å utvida veljargruppa er ein måte å få fleire unge inn i rolla som aktive innbyggjarar i lokalsamfunna sine. På den andre sida er det uvisst i kor stor grad 16 – 17-åringar vil nytta røysteretten sin. Det vil òg vera spørsmål om korleis ein best kan leggja til rette for informasjon til denne nye gruppa. Det kan til dømes skje i samarbeid med skuleverket. Departementet tilrår derfor at dette i første omgang vert prøvd ut som forsøk i nokre få, einskilde kommunar. På den måten vil ein kunna få kunnskap om nivået på deltakinga. Ein vil òg kunna sjå på i kor stor grad forsøket har gjort at denne nye gruppa med røysterett, og også ungdom som i dag har røysterett, er vortne meir medvitne om si rolle i det lokale samfunnslivet og moglegheita for å vera med på å påverka dei lokale høva rundt seg.

Forslaget frå fylkesrådet kjem i ei større sak om ungdomsmedverknad på regionalpolitisk nivå som skal opp på fylkestinget i oktober. I denne meldinga foreslår fylkesrådet å opprette Troms fylkeskommunes ungdomsråd som skal veljast av ungdomskonferansen/Ungdomens fylkesting. Dette er ein del av arbeidet frå fylkeskommunen med å gje ungdom ei sterkare stemme i arbeidet i fylkeskommunen.

Fylkesrådet vil òg ta kontakt med Finnmark for å undersøkje moglegheita for å samarbeide om eit elevombod i dei to fylka.

Standard
Fylkesting, Politikk

Ungdomskonferansen i Troms

 I dag og på onsdagen var eg på ungdomskonferansen i Troms. Konferansen samla 80 engasjerte ungdomar frå heile fylket. Det er alltid oppløftande å vere saman med folk som trur på at det går an å gjere samfunnet betre.

Konferansen hadde fått 200 000 som dei kunne disponere til tre prosjekt som dei valde å prioritere. Det var ein god og lang prosess og konferansen valde å prioritere:

  1. Å opprette eit ungdomens fylkesting. Dette prosjektet gav dei 79 000 kroner
  2. Utvide ordninga med «Trygt heim for ein 50-lapp». Dette prosjektet gav dei 72000 kroner
  3. Betre formidling av sommarjobbar til ungdom under 18 år. Dette prosjektet fekk 66 000 kroner.

Eg vil no jobbe for å få gjennomført desse prosjekta så snart som muleg.

Les meir på fylkeskommunen sine nettsider

Standard