Inga-Marte Thorkildsen
Feature, Klima, Økonomi

Industrien er ein del av løysninga

Inga-Marte ThorkildsenDersom vi skal gjere noko med klimaendringane, dersom vi skal redusere utsleppa våre av klimagassar må alle delta. Dersom ikkje industrien deltar må vi slutte å køyre bil. Det blir umogleg. Derfor vart eg inderleg glad for utspelet til Inga-Marte Thorkildsen i VG og i NRK i dag.

Der seier ho det som er heilt rett, vi kan ikkje utan vidare pålegge industrien tøffare avgifts- eller utsleppskrav. Konsekvensen av det er ganske greitt, då flyttar industrien til andre land der krava er lågare. Men, dersom vi hjelper industrien til å redusere utsleppa, bidrar vi og til ei teknologiutvikling som bidrar til industrivekst i Noreg. NRK skriv:

Etter en sjarmoffensiv i flere Grenlands-bedrifter som har store CO2-utslipp, presenterte SVs sannsynlige nestleder og miljøvernminister den plattformen hun vil satse på for å redde norsk industri: Det må brukes mye oljepenger til å gi landbasert industri rammevilkår som gjør at den vil satse i Norge.

Dermed varslet hun også en konfrontasjon med regjeringspartner Arbeiderpartiet, som ikke vil bruke så mye oljepenger på innenlandsk industri. 

Dette er ein konfrontasjon eg inderleg håpa SV vinn.

I dag vart eg glad, så glad at eg nesten skifta meininga og synst det er lurt at Inga Marte Thorkildsen blir nestleiar. Fleire utspel av denne typen så er vi der.

Les meir om klimafondet og industriutvikling her

Standard
Feature, Miljø, Olje

Restane etter oljealderen

 

Det er store maskinar som skal til for å klippe sund stålet frå gamle oljeinstallasjonar

På tysdag var eg og besøkte restane etter oljealderen. Eller rettare, eg besøkte ei bedrift som høgger opp gamle oljeplattformar. I løpet av dei nærmaste åra skal meir enn 500 gamle installasjonar i Nordsjøen fasast ut. Det må skje på ein miljømessig forsvarleg måte. Intallasjonane inneheld både tungmetallar, kjemikaliar og lågradioaktivt avfall som må handterast på ein god måte.Men like viktig, plattformane inneheld enormt med råvarar som kan gjenbrukast eller gjenvinnast.

På Miljøbase Vats i Vindafjord gjenvinn dei meir enn 98 prosent (målt i vekt) av installasjonane. Noko blir selt til gjenbruk, stålet blir smelta om i Rana.

Det har vore ein del diskusjon om anlegget på Raunes i Vindafjord. Har dei store utslepp frå verksemda, skadar dei området rundt? Eg vart overtydd då eg var der om at dei arbeider på ein profesjonell og god måte. Den fysiske sikringa av området mot avrenning er god, og dei har eit omfattande miljøovervåkingsprogram gjennom NIVA. Det kan likevel sjølvsagt vere at det er ting der som ikkje er på stell eller ting eg burde spørje om. Kom gjerne med innspel i kommentarfeltet på det.

Det som likevel står fast er at installasjonane må takast vare på og gjenvinnast.

Denne videoen viser anlegget:

Nokre bilete:

Standard