Feature, Sosialisme, Troms og Tromsø

Offentleg privat samarbeid (OPS) er å kaste pengar ut av vindauget

Det blir mindre skole for pengene om høgresida får innføre OPS i Tromsø. Foto: Faksimile frå Nordlys

I Nordlys i dag (18.08.11) har Jonas Stein Eilertsen eit utspel der han seier at om høgresida vinn valet i Tromsø skal dei innføre OPS i stor skala. Han meiner dette vil gje billigare og betre kommunale bygg. Han tar feil. OPS er eit system der det offentlege gjer ein avtale med ein utbyggar om å bygge og drifte ein skole, veg eller sjukeheim på vegne av det offentlege. Det blir dyrare i det lange løp

Storbritannia er det landet som i størst grad har tatt i bruk OPS. Erfaringane derifrå er at sjukehus, skolar og vegar bygd gjennom OPS blir dyrare og dårlegare enn om vi gjer det på vanleg måte. Det same ser vi i Noreg. I 2004 skulle Røyken og Asker saman bygge ein ny sjukeheim. Dei hadde gjort avtale med Selvaag Senior AS om at sjukeheimen skulle byggast som OPS. Manifest analyse skriv (NOTAT NR. 1– 2010 OFFENTLEG-PRIVAT SUGERØR Lærdomar frå dei kostbare erfaringane med OPS):

Bygginga var godt i gang. Det nærma seg innflytting. Selvaag hadde 20 år med sikre og gode inntekter innan rekkevidde. Men så skjedde noko uventa. Ein eller annan i administrasjonen i Asker, eller var det Røyken, hadde fått det for seg å rekna på kostnadene. Ingen hadde laga ei oppstilling av kva kostnadene ville bli ved enden av OPS-perioden, samanlikna med normal kommune-drift. Byråkratane trykte i veg og kalkulatorane leverte varen: I 2024 ville OPS-alternativet vore 115 millionar kroner dyrare enn om kommunane tok over sjukeheimen frå september 2004.

115 millionar, det er mykje pengar for ein kommune!

Vi ser det same i Storbritannia. Der har til og med den konservative regjeringa skjønt at slike prosjekt blir dyrare for det offentlege, og gjev lågare kvalitet. Aftenposten skriv om OPS i Storbritannia (18.08.2010):

Men det skjedde ikke gratis. Etter hvert som flere prosjekter ferdigstilles, blir det mange penger som skal betales tilbake omtrent som når man kjøper masse dyre varer på kreditt. Det siste statsbudsjettet anslår, ifølge The Independent, at statens årlige utgifter til nedbetaling av OPS-prosjekter vil komme opp i nesten 100 milliarder kroner om noen ganske få år. Osbornes [den konservative finansministeren] kritikk mot dagens OPS-ordning går da også, i stor grad, på at staten pådrar seg en enorm gjeld som ikke kommer til uttrykk i statsbudsjettet.

OPS er å kjøpe på nedbetaling med dyre forbrukslån. Det er sjeldan ein god ide, og noko kommunen bør og må halde seg unna.

I tillegg så er det slik at i eit OPS-prosjekt der private bygger og forvaltar ein skole eller ein sjukeheim i 20-30 år så må vi og lage ein kontrakt som varer like lenge. Den er god som klarer å skrive ein kontrakt som dekker alle eventualitetar i ein slik tidsperiode.

Kva skjer om skolen skal byggast om, kven dekker kostnaden? Kva skjer om bygninga skal brukast til noko anna med lågare eller høgare slitasje, kven får gevinsten eller tapet?
Realiteten er at OPS flyttar makt og styring frå folkevalde og veljarar til utbyggar. Det betyr at det er domstolen, juristane og kontraktane som avgjer korleis eit bygg kan brukast. Kommunen ender opp som saksøkar og saksøkt og ikkje ein aktør for å skape velferd for folk flest.

La deg ikkje forføre av høgresida sine lettvinte løysningar – samfunnet er sjeldan lettvint.

Jonas Stein Eilertsen er innom OPS på bloggen sin her.

Standard