Kommunepolitikk,Politikk

Vegstøv, kosting og piggdekk

I dag var eg ute og jogga. Jada, du treng ikkje å flir så djævelsk høgt. Men det var no uansett ikkje det viktigaste. Medan eg trava i sakte tempo langs vegane her på Mortensnes og forbanna støvet i lufta så traff eg ein av kommunane sine kostebilda. Eg vart så glad eg måtte ta meg ein pause og puste litt. Unnskyldninga var sjølvsagt at eg skulle ta bilde av bilen.

Det er ei lykke når kostebilane kjem køyrande. Eit vårteikn som vaskar og gjer miljøet betre. Og heldigvis er dei meir effektive enn roboten min.

Dei folka på bydrift som kostar gatene våre står på døgnet på tamp for tida, for oss og helsa vår. Kommunen har fem bilar i drift for å koste opp støvet, men det vil ta lang tid før alle vegane er kosta. Vegstøvet har mange kjelder. Det vi ser og som knaser mellom tenna når eg syklar er eigentleg ikkje så farleg og mykje av det kjem frå strøinga i vinter. Det er ubehagleg, men litt ubehag kan eg leve med ei kort stund. Det farlege vegstøvet er for lite til å sjå, og der er piggdekk på bilane den aller største syndaren.

Helseskadeleg

Det er mange fleire enn dei som køyrer piggfritt i Tromsø som kan køyre. Konsekvensen av at vi ikkje køyrer piggfritt er at mange av oss som har astma eller andre luftvegslidingar ikkje kan gå ut på fine dagar som i dag. Då må kommunen komme med meldingar som dette:

«Dette medfører at barn med luftveislidelser, som for eksempel astma og bronkitt, og voksne med alvorlige hjerte-, kar og luftveislidelser bør redusere utendørsaktivitet, og ikke oppholde seg i de mest forurensede områdene.»

Nordlys for i morgon vier førstesida til saka om vegstøv.

I Tromsø har vi kvart år godt over 30 dagar med for høgt nivå av det farlege svevestøvet. Det er i første omgang ikkje noko anna svar på dette enn at vi må redusere bilkøyringa, spesielt bilkøyring med piggdekk. Dette er nok eit argument for at det er rett å innføre bompengar i Tromsø slik at vi faktisk kan få ei skikkeleg satsing på buss, gange og sykkel i denne byen.

For er det ikkje utruleg at denne småbyen vår skal vere ein av dei mest forurensa i Noreg?

No er det heldigvis for nokre av oss meldt om fuktig vêr, då går støvproblemet ned, og kanskje får dei fleste bytta til sommardekk i løpet av helga?

Du kan følge med på luftkvaliteten i Tromsø her.

Standard
Troms og Tromsø

Vegstøv og slipte tenner

Eg har alltid smilt litt av alle desse japanarane som vi ser med maske over munnen. Kva skulle poenget vere med det, lissom? Men, no tar eg til å endre meining, det har gått så langt at eg seriøst vurderer å skaffe meg ei slik maske eller to sjølv.

Korfor det spør du kanskje. Det ser jo ganske tåpeleg ut, og du bur jo i ein ganske liten by midt i ein rein arktisk natur. Det er ikkje akkurat Tokyo, sjølv om dokker driv å kalla det Nordens Paris?

maske

Blir slike masker det nye store i Tromsø? Foto: Robert Douglass/flickr

Vel no skal du høyre. I desse dagar er Tromsø den mest forureina byane i Noreg.

luftkvalitet

Tromsø er byen med dei raude faremerka. Illustrasjon: luftkvalitet.info

Vegstøvet gufsar rundt oss som ein sandstorm i Sahara. Det å sykle langs vegane no er i alle fall ein god måte å få slipt tennene sine på, om no det skulle vere eit mål. Det minner meg forøvrig om ei historie eg har latt meg fortelle om oldefaren min. Då han gjekk til tannlege for første gong som 60-åring var tennene heilt nedslipte. Det skal ha vore fordi han hadde brukt dei til å trekke spiker gjennom eit langt liv. Eg har forøvrig ein tanke om at vegstøvet ikkje er heilt bra for pustesystemet vårt heller.

tenner

Konsekvensen av eit langt liv som syklist i Tromsø? Foto: T. (Tassilo) Adam/Tropenmuseum/Wikimedia

Dei som vaskar og reingjer vegane våre står på som heltar, maskinane går nesten døgnet rundt. Og, det rett etter at dei same folka har brøyta snø nesten døgnet rundt rett før.

Men, kanskje kunne det vere på sin plass å spørre alle andre folk. – Kan du vere så inderleg snill å få piggdekka av bilen? NO!

Eg skjønner at folk kjenner seg tryggare med piggar vinterstid. Eg har piggar på sykkelen, om ikkje på bilen. Men, det har ein kostnad å køyre med pigg. Og, den kostnaden er ikkje piggdekkavgift. Kostnaden betaler alle som ferdes langs vegane våre no for tida. Kanskje det hadde vore betre å hatt ei piggdekkavgift, ei avgift som aukar om du ikkje legg om når snøen forsvinn, ei avgift som var øyremerka til vintervedlikehald av vegane for å redusere behovet for pigg.

Så slepp vi kanskje dei ukledelege maskene.

Standard