Politikk, Troms og Tromsø

SV garanterer at det ikkje blir søndagsopne butikkar i Tromsø

Rundt 5000 personar jobbar i varehandelen i Tromsø. Dersom det blir vedtatt søndagsopne butikkar kan mange av desse miste ein kviledag i veka og miste ein dag saman med familien. Det vil SV hindre. Det blir ikkje det same å ha fri på ein onsdag når ungane er på skolen og venane dine er på jobb.

Eit av dei forslaga som blir diskuterte er at kommunane sjølv skal få avgjere om det skal vere søndagsopne butikkar. Om høgreregjeringa saman med Venstre vedtar dette vil SV vere garantist for at søndagsopning ikkje blir innført i Tromsø.

Vi treng ein dag der så mange som mogleg har fri samtidig. Nokre må sjølvsagt jobbe på søndagar, men det bør avgrensast til arbeid som er heilt naudsynt blir gjort. Det er viktigare med ein dag saman med familie, ein dag der vi kan delta på idrettsarrangement og kultur enn at vi kan handle klede og mjølk. Det klarer vi dei andre seks dagane i veka.

Lovendringa kan tvinge fram søndagsåpent. Det vil ikkje vere lett for kvar enkelt butikkeigar å velje å halde søndagsstengt dersom konkurrentane har opent. I kjøpesentra vil det vere senterleiinga som avgjer når butikkane skal vere opne. Ei utvikling i retning av søndagsopne butikkar vil òg få konsekvensar for andre arbeidstakargrupper. Det vil blant anna auke behov for reinhald, vakt-tenester, hyppigare kollektivtransportavgangar og opne barnehagar på søndagane.

Resultatet vil vere at store grupper som no har normalarbeidsveke vil måtte til å jobbe turnus.

SV vil at vi framleis skal ha ein felles fridag i veka.

Standard
Politikk

Nedturen startar for Krf og Venstre

Så ser det ut som vi skal få ei ny regjering. Det skal nok.svært mykje til for at Høgre og Framstegspartiet ikkje blir samde om ei regjeringserklæring og fordelinga av ministerpostane. (Sjølv om det blir vanskelgare om Erna følgjer rådet mitt). Eg trur og gårsdagen var toppunktet for Venstre og Krf si makt i denne stortingsperioden. No startar nedturen.

Så er det store spørsmålet, kva kjem den nye regjeringa til å gjere, kva har dei lyst til å gjere og kva får dei lov av Stortinget til å gjere?

Her er mi liste over ting eg trur kjem til å skje, og då tar eg ikkje med ting som er dekt av samarbeidserklæringa mellom H, Frp, Krf og Venstre. Dokker får og tilgje meg at det blir mest fokus på det eg meiner er negativt.

* Det kjem til å bli endringar i arbeidsmiljøloven. Det vil bety lengre normalarbeidsdag og mindre overtidsbetaling
* Den siste resten av fiskeriressursane blir privatisert, i alle fall i gavnet, men kanskje og i namnet
* Det vil bli «frislepp» for gruveindutrien
* Endring i praktisering av naturmangfaldloven vil bety meir scooterkøyring og eit mindre bastant vern av nasjonalparkar og liknande. (men kanskje får dei fart på skogvernet?)
* Noreg vil tydeleg stille seg på Israel og US si side i konflikta i Midt-Austen (OK, det står i samarbeidserklæringa)
* Meir av veg- og samferdselspengane vil gå til sentrale strok
* Tollvernet for landbruket vil bli bygd ned, men ikkje forsvinne.
* Styra i statlege selskap vil få såkalla profesjonelle styremedlemmar, tilfeldigvis vil dei aller fleste vere medlem i eller støttespelar til dei borgarlege partia.
* Vi vil få karakterar i barneskolen
* Vi vil få fleire private aktørar i helsevesnet. Dei aller fleste av desse vil vere komersielle aktørar.
* Bistandspengane vil i større grad bli brukt der det gagnar Noreg og ikkje der dei gagnar verdas fattige.
* også vidare

Så vil kanskje mange spørre seg, vil ikkje Venstre og Krf sørge for moderering av desse framlegga? Eg trur ikkje det. Venstre er om mogleg meir ekstreme enn Høgre og Frp på mange ting, og realiteten er at Erna har balletak på Venstre og Krf. Realiteten er at H og Frp vil ha fleirtal med anten Sp eller Ap der ikkje Krf og Venstre allerie er samde.  Svært mange endringar vil ikkje formelt trenge vedtak i Stortinget. Dersom Venstre og Krf i noko særleg grad stemmer for instruksjonsvedtak i Stortinget. vil det få konsekvensar for samarbeidsavtalen. Då blir det opna for oljeboring i Lofoten etc umiddelbart.

Eg trur Venstre og Krf har sett seg i ein vanskeleg situasjon. Dei vil vere avhengig av godvilje frå Siv Jensen og Erna Solberg. Eg trur dei vil ha lite reell makt i Stortinget. Kanskje kan dei bli redda av Solberg si uvilje mot å sende dei i klørne på Ap.

Vi får sjå

Standard
Økonomi, Troms og Tromsø

Lovlydig næringsliv har alt å tene på at Tromsø blir skatteparadisfri

Eg vart forundra over korleis næringsbyråden i Tromsø, Jonas Stein Eilertsen frå Venstre, reagerte på SV sitt forslag om at Tromsø skulle bli skatteparadisfri sone. Næringsbyråden frå Venstre presterer å seie til iTromsø at forslaget er «en del av SVs mistro mot det private næringslivet». 

Faktum er motsatt. Eg har stor tru på at næringslivet i Tromsø vil kunne vinne gode kontraktar i ein rettferdig konkurranse. Men, dersom konkurransen ikkje er rettferdig, dersom nokre av deltakarane har tatt doping i form av å plassere pengar i skatteparadis eller på anna måte unndra skatt, då blir det vanskeleg å vinne konkurransen.

Det er ikkje til å kome vekke frå at mange internasjonale selskap lar vere å betale skatt gjennom ulike transaksjonar som flyttar pengar internt i konsern til den staden skattetrykket er lågast. Derfor vil SV at Tromsø skal krevje at selskap skal gjere greie for kvar dei betaler i skatt og kor dei betaler det. Såkalla land-for-land rapportering.

Gjennom å kreve gjennomsiktigheit gjev vi dei bedriftene som følgjer reglene, som betaler skatt, som har skikkelege arbeidsvilkår ei god sjanse til å vinne kontraktane. Det, Jonas Stein Eilertsen er å vise tillit til at næringslivet gjer ting på rett måte. Eller trur næringsbyråden at det er vanleg at selskap som gjer forretning med Tromsø kommune unndrar pengar frå beskatning?

Her er forslaget SV legg fram i kommunestyret:

  1. Tromsø kommune erklærer seg som skatteparadisfri sone.
  2. Tromsø kommune tar avstand fra selskap som unndrar seg skatt gjennom å være basert i skatteparadis.
  3. Verken kommunen eller kommunens innbyggere skal ha noen forbindelser med skatteparadis.
  4. Kommunen vil stille krav om informasjonsplikt fra selskap man inngår kontrakt med, og kontraktsfeste at manglende informasjon regnes som kontraktsbrudd.
  5. Tromsø kommune skal bruke land-for-land-rapportering der leverandørene må vise at de betaler skatt i alle land de opererer i.
  6. Gjennomsiktighet og lik konkurranse må inn i anbud og kontrakter.
Standard
Troms og Tromsø

Gråt min kjære by

I dag står ein avgjerande kamp i kommunestyret i Tromsø. Byrådet, beståande av Venstre, Høgre og Frp foreslår og vil sannsynlegvis få fleirtal for at all kommunal verksemd skal konkurranseutsettast.

Eg synst det er artig å sjå korleis høgresida sin retorikk prøver å skape eit skarpt skilje mellom konkurranseutsetting og privatisering. Dei meiner vist at å konkurranseutsette er snilt, medan privatisering er ondt.

Poenget er at konsekvensane av begge delar er det same. Begge delar medfører at ein slepp inn private aktørar slepp inn i viktig kommunale omsorg som heimeteneste, omsorg og sjukeheimar. Når du konkurranseutsett så kan ein kommnal eining delta i konkurransen, og kanskje til og med vinne. Eg trur dei kommunale einingane vil vinne ofte, for dei er dyktige i Tromsø kommune. Men, du må uansett skape eit stort byråkrati. Eit byråkrati som skal skrive og kontrollere anboda, som skal rekne på anboda, som skaper eit nytt byråkratskikt i dei kommunale einingane. Eit byråkratskikt som skal drive med anbod, i staden for omsorg. Det er feil bruk av ressursar og arbeidskraft i samfunnet vårt.

Over tid trur eg og at desse kommunale einingane blir selt. Alle barnehagane skal no bli aksjeselskap. Eg trur neste runde er sal. Når du først har konkurranseutsett blir retorikken frå høgresida enkel: «Korfor skal ikkje vi selje dette når det alltid er andre private tilbydarar?»

Når kommunestyret i dag vedtar konkurranseutsetting av alt er det ille i seg sjølv. Pensjonen til dei tilsette er det første som ryk, men eg trur det berre er byrjinga på eit storstilt sal av kommunal verksemd. Eller kanskje byrådet ønsker at den kommunale verksemda skal rotne på rot? Då får dei jo rett, det private er best.

Det styret vi har i Tromsø no er det råaste høgrestyret i landet. Dei seier at marknaden skal styre alt.

Det verste er at dei gjer det med eit generelt fullmaktsvedtak. Kommunestyret skal ikkje få diskutere kvar sak. Frå no av skal byrådet sitte i «splendid isolation» og avgjere framtida til dei tilsette i kommunen. Framtida til dei gode kommunale tenestene.

Dette er ikkje konservatisme, det er rå kapitalisme.

Standard
Erna Solberg
Politikk, Troms og Tromsø

Tromsø – det blåblå utstillingsvindauget

Erna Solberg

Erna Solberg er ikkje sosialdemokrat. Foto: Høgre (dei har copyright på biletet, og derfor gjeld ikkje den generelle CC-lisensen for bloggen min på dette biletet)

Det er no litt over eit år til neste stortingsval. Meiningsmålingane tyder på at det er ein stor fare for at dei blå vinn makta i riket. Kva kan det føre til?

I den samanhengen kan det vere verd å ta ein titt på kva som skjer i Tromsø. Høgre, Venstre og Frp vann kommunevalet i Tromsø i fjor haust etter 12 år med raud-grønt styre. Dei innførte parlamentarisme i kommunen, noko som kostar oss 16 millionar i året. Og, dei starta med borgarleg politikk, naturleg nok.

Kva er situasjonen i Tromsø. To av parti som samarbeider har folk i leiinga som er sterkt ideologiske. Dei trur ærleg og oppriktig at marknaden løyser dei aller fleste oppgåver betre enn kva vi kan klare i fellesskap. Det siste partiet er mindre ideologisk opptatt av marknadsløysningar, men har ein allergi mot alt av bilavgifter.

Kva har vi sett frå dette byrådet det drøye halve året sidan dei kom til makta?

  • Dei har stoppa bygging av ny innfartsveg til Tromsø på grunn av den patologiske motstanden mot bompengar
  • Dei har kutta pengar til skolane og barnehagane
  • Dei ønskjer å gjere om alle barnehagane til as
  • Dei har lagt opp til ei valdsam utviding av skjenketidene
  • Nordlys har fått tilgang til et notat som viser at byrådet jobber med å åpne anbud på all kommunal drift.
  • Kutt i vedlikahald av offentlege fellesareal
  • Reklamefinasiering av bussskur
  • Innført såkalla «fritt» skoleval i grunnskolen

Vi skal sjølvsagt ikkje vere overraska over at høgrepartia fører høgrepolitikk. Det skulle vel eigentleg berre mangle. Men, dette viser med all tydelegheit at utsagnet “vi er alle sosialdemokratar” ikkje er sant. Dei politiske skiljelinene er der og i Tromsø har dei blitt tydelege. Dette viser og at snakket om at i kommunepolitikken betyr ikkje partia så mykje – det viktigaste er flinke folk er feil. Det er sjølvsagt bra med flinke folk, men hovudspørsmålet er kva dei er flinke til. Er dei flinke til å bygge fellesskap og velferd, eller flinke til å privatisere og konkurranseutsette?

Den lærdomen vi kan trekke frå det som no skjer i Tromsø er at Erna Solberg, Siv Jensen og Trine Skei Grande ikkje er sosialdemokratar. Dei meiner alvor med å konkurranseutsette, kutte i sjukeløn, innføre private skolar og gje arbeidsgjevaren meir makt over arbeidstakarane.

Så, bruk det blåblå utstillingsvindauget for kva det er verd framover. For underleg nok, gjev du høgrepartia makta så får du høgrepolitikk.

 

 

Standard