Troms og Tromsø

Det meste går galt

Det meste går galt for høgrebyrådet i Tromsø. Høgre, Frp og Venstre sørgjer for at

  • Ikkje blir det innfartsveg
  • Ikkje blir det asfalt
  • Ikkje blir det tid til varme hender i eldreomsorgen
  • Ikkje blir det blomster i parkane
  • Ikkje blir det opne idrettsanlegg

Derimot blir det fleire godt betalte heiltidspolitikarar

Kan det ha samanheng med politikken, tru? Næh..

 

Standard
Skole,Troms og Tromsø

Vatn i bassenga

Dette får ikkje lenger elevane i Kroken oppleve i skoletida. Foto: Patrick/adwriter

Det nyttar ikkje at det er vatn i bassenga dersom skolane ikkje har råd til å bruke bassenga. iTromsø  og Nordlys kan i dag melde om at rektoren på Kroken skole har avslutta svømmeundervisninga fordi skolen ikkje lenger har råd til busstransport til svømmehallen på Stakkevollan.

Konsekvensane av det borgarlege byrådet sin politikk og prioriteringar blir tydelegare og tydelegare. Først vart det avgjort at elevane i Tromsø ikkje skulle få leirskole, så stengte skolane tilgang til skolebygningane på kveldstid fordi det vart for dyrt, så blir det no slutt på svømmeundervisninga. Byrådet frå Høgre har heldigvis snudd på dei to første områda. La oss håpe dei snur på det siste og.

Det borgarlege fleirtalet i kommunestyret kutta 16 millionar frå skolane då dei vedtok budsjettet i haust. Det mangla heller ikkje på advarslar og alternative forslag den gongen. 16 millionar er ganske likt den summen det kostar at Høgre saman med Ap og Frp innførte parlamentarisk styresett. Eg skreiv om det her “Feitare politikarar og slankare elevar”.

Kvart år døyr mange menneske i Noreg i drukningsulukker. Nokre av desse kunen vore redde om svømmeopplæringa hadde vore betre. Eg trur vi kan vere ganske sikre på at å kutte svømmeopplæringa ikkje vil vere ein fordel.

Ansvaret har Høgre, Frp og Venstre i kommunestyret i Tromsø.

Standard
Internasjonalt,SV

Asylsaka i Stortinget

Eg må berre skrive ein rask kommentar om asylsaka i Stortinget. Venstre har lagt fram eit framlegg i Stortinget som er eit bra. Eg er samd med det Venstre skriv, dessverre har det ikkje moglegheit til å bli vedtatt uansett kva SV stemmer.

Mange kritiserer SV for å ikkje stemme på dette forslaget. Det skjønner eg. Det ville vore bekvemt å stemme for det, og hadde SV sine stemmer vore avgjerande meiner eg at vi sjølvsagt skulle gjort det. Sjølv om det skulle bety at regjeringssamarbeidet med AP ryk. I dagens situasjon ville imidlertid det ikkje hjelpe barna som må få bli i Noreg.

Matematikken i Stortinget er slik at vi må få Arbeidarpartiet til å snu om politikken skal bli endra. Presset er så stort på regjeringa at eg trur det er mogleg å få til ei utsetting i alle fall til Stortingsmeldinga om barn på flukt er på plass. Det er då slaget vil stå.

Ein meiningslaus protest i Stortinget no vil berre vere med på å gjere Arbeidarpartiet meir innbitt. Det er ikkje mogleg å få snudd denne politikken utan å få snudd Arbeidarpartiet. Enn så lenge er det betre å halde fram denne kampen i regjeringa, enn å protestere i Stortinget. Eg blir litt optimistisk når så mange fylkeslag i Arbeidarpartiet vedtar gode standpunkt i denne saka.

Vi må derfor ha ein taktikk som gjer at vi kan oppnå målet, framfor å protestere på ein måte som underminerer det endelege målet.

Det endelege målet er sjølvsagt at desse norske barna får bli i Noreg. Dei er jo norske. Eg trur vi skal klare dette, no må presset på Arbeidarpartiet berre auke.

Her er mi løysning

 

Standard
Feature,Politikk,Troms og Tromsø

Kommunestyret i Tromsø – direkte

Klokka 12 i dag startar det konstituerande kommunestyremøtet i Tromsø. Det skal veljast ny ordførar, men viktigare er det at det kjem til å bli innført parlamentarisme med eit byråd. Byrådet utgår frå Venstre, Høgre og Frp.

Spekulasjonane går om kven som vil bli byrådar, men det kan verke som dei fleste er samde om at Øyvind Hilmarsen (H) blir byrådsleiar, Line Fusdahl (H) blir finansbyråd, Anna Amdahl Fyhn (H) blir byråd for utdanning, Kristoffer Kanestrøm (Frp) blir byråd for helse og omsorg,Britt Hege Alvarstein (Frp) blir byråd for byutvikling og Venstres Jonas Stein Eilertsen blir byråd for kultur, næring og idrett.

Eg har tidlegare spådd om kva det nye fleirtalet vil bety for Tromsø. Eg håper eg har tatt alvorleg feil, men trur ikkje det. Det blir meir konkurranse, tøffare arbeidsvilkår og privatisering. Desse seks kan kome til å rive ned mykje på fire år.

Vi får vel uansett ønske dei lykke til.

Her kan du følge kommunestyremøtet.

 

Kva trur du skjer i Tromsø? Stem her

[poll id=»12″]

Standard
Feature,Økonomi,Politikk,SV,Troms og Tromsø

Heller eige enn leige

Høgres Øyvind Hilmarsen spør i eit lesarinnlegg om det ikkje blinker varsellamper for SV med omsyn til at gjelda er i ferd med å bli stor i Tromsø. Jo, det er ingen tvil om at det hadde vore hyggelegare å vere gjeldfri, det trur eg dei fleste av oss kan skrive under på. Men, faktum er at om du ikkje tar opp lån vil dei færraste ha råd til hus eller leilegheit. Det same gjeld for kommunen. Og gjelda til Tromsø kommune er innafor det kommunen har råd til.

Den medisinen Høgre vil bruke betyr at kommunen for evig blir leigetakar. Høgre vil openbart at vi skal leige skolar, barnehagar og sjukeheimar. Eg er heilt sikker på at det blir dyrare i det lange løp. Dersom vi skal leige ein skole må vi ikkje berre betale kostnaden med skolen, vi må og betale profitten til utleigaren, og det er sannsynleg at skolen blir dyrare, fordi ein privat utbyggar vil måtte betale høgare rente enn kommunen vil. Venstres Jonas Stein Eilertsen har gått i same felle som Hilmarsen. Han hadde eit stort oppslag i Nordlys der han gjekk inn for såkalla OPS, som betyr å leige heller enn å eige. Eg har kommentert det oppslaget på bloggen min tidlegare. I eit tilsvar han misvisande har kalla «Mer skole for pengene» skriv han:

Å lese Pål Julius Skogholts (SV) kritikk av vårt forslag er nokså illustrerende for sosialistenes manglende vilje til nytenkning og modernisering. For å understøtte sine argumenter bruker han den marxistiske tenketanken, Manifest. For å understøtte våre argumenter bruker Venstre forskningsrapporter fra SINTEF.

Problemet til Eilertsen er at SINTEF-rapporten bygger på sviktande føresetnader. SINTEF bruker eit tal for investeringskostnader som sannsynlegvis er feil. Fagforbundet skriv i ein rapport om OPS:

Selskapet [SINTEF]mener å ha funnet fram til en totalvirkning på kr 41,55 millioner i lavere kostnader på Persbråten skole. dette skyldes lavere nåverdi av prosjektkostnadene inklusive finansieringskostnad på 43,80 millioner kroner, som igjen kommer av at selve prosjektkostnaden er antatt å være 58 millioner kroner billigere med OPS-alternativer, i forhold til tradisjonell entreprise (262 mill kr – 320 mill kroner). dette har SINTEF kommet fram til ved å ta utgangspunkt i papirene til bystyresak 95/05. Der var byggekostnadene for Persbråten anslått til 260 mill kroner. Undervisningsbygg oppga samtidig at det var for tidlig i prosjekteringsfasen til å kunne gi en fastpris og anga derfor et risikopåslag på 30 prosent. dermed ble kostnaden på 320 mill kroner. det er dette tallet SINTEF har brukt i sine beregninger av besparelsene.

Det er imidlertid ingen grunn til å tro at ikke undervisningsbyggs første anslag var nær det riktige. dette fordi man faktisk fikk inn et anbud som var helt i tråd med dette anslaget i forbindelse med OPS-kontrakten. Videre viste det seg at byggekostnadene for Bjørnholt vgs, som ble bygget omtrent samtidig, ble 48 millioner kroner lavere enn den opprinnelig vedtatte ramma, og med nesten nøyaktig samme byggekostnader pr m2 som Persbråten.

Det ligg derfor fast at ein skole eller ein sjukeheim blir ikkje billigare av at du betaler leige over driftsbudsjettet heller enn å investere i den same skolen eller sjukeheimen. Eilertsen, det blir mindre skole for pengane.

Det betyr at både Venstre og Høgre framleis har til gode å svare på spørsmålet mitt. Kva for ein skole vil dei ikkje bygge, kva for ein barnehage vil dei ikkje bygge? Kostnadane blir større med Høgre og Venstre sin modell, det må vel gå utover noko?

Eg meiner veljarane har krav på å få vite det.

Standard