Feature, Fylkesting, Troms og Tromsø, Vidaregåande

Ikkje selg Breivang vidaregåande skole

Farmor mi sa ein gong at i valet mellom å pisse i buksa eller å ta seg ein dram for å halde varmen valte ho alltid drammen – vel vitande om at begge deler eigentleg gjer deg kaldare over tid. Dessverre kan det sjå ut som om fylkesrådet har valt det første alternativet når det gjeld dei vidaregåande skolane i Tromsø. Ingen langvarig varme, ekkelt og ingen hyggeleg rus.

Det å skulle selge Breivang vidaregåande skole for å pusse opp nokre av dei andre skolane minner litt om situasjonen vi ser når den eine etaten før og den andre etter grev opp den same gata. Det er å kaste bort offentlege pengar.

Eit sal av Breivang vil kanskje gje litt pengar, men kva skjer når dei er brukt opp? Kva er den neste skolen som skal selgast? Skal vi følge denne logikken heilt ut vil vi til slutt ende opp med ein veldig fin sjå attom fjøsen ein stad som skoletilbodet til elevane på vidaregåande i Tromsø.

Fylkesrådet kjem ikkje utanom at det må investerast meir pengar i skolane i Tromsø. Då kan dei kanskje bli meir arealeffektive og billigare å drive, emn ein kan ikkje starte denne operasjonen med å kvitte oss med ein av dei mest arealeffektive skolane vi har.

Det kan vere ein del å spare på administrativt samarbeid mellom skolane, samling av fagmiljø og liknande, men til sjuande og sist må det investerast meir.

[poll id=»7″]

 

Standard
Feature, Kollektivtrafikk, Troms og Tromsø, Vidaregåande, Video

Videoblogg om kvalkjøtt, anbud og Breivang vgs

 

Likte du denne videoen kan du kanskje og hå interesse i å lese det eg har skrive om anbudet på bussane i Tromsø, du finn det her.

Her skriv NRK Nordland om kvalkjøtt.

På fylkeskommunen sine nettsider finn du informasjon om skolestrukturen i Tromsø.

Eg skriv meir om Breivang vgs her.

Fleire videobloggar finn du her

 

Svar og på spørsmålet mitt før du kommenterer:

[poll id=»7″]

 

Nå har jeg registrert meg på <a href=»http://bloggurat.net/minblogg/registrere/35fe8af32af2658d86d2c1f9790eb72a59d23dd4″>Bloggurat</a>.

Standard
Feature, Fylkesting, Vidaregåande

Skolestruktur i Troms

Under denne ganske kjedelege overskrifta skjuler det seg enormt med politikk. I Troms var utdanningssektoren underbudsjetter med 30 millionar kroner i 2009. Noko av dette har vi klart å dekke inn i løpet av året, og noko er tilført sektoren undervegs. Det er ingen tvil om dette ikkje kan halde fram. Vi kan ikkje bruke meir pengar enn det vi har. Til no har vi berga oss ved hjelp av eingongsmidlar, dvs seie ekstraordinære aksjeutbytte og liknande. Det kan vi ikkje basere oss på.

Då står vi tilbake med tre alternativ. Vi kan anten (a) overføre frå andre sektorar i fylket. Det vil i hovudsak seie veginvesteringar og kollektivtrafikk, (b) legge ned skolar og kutte i tilbodet eller (c) ein kombinasjon av dei to føregåande alternativa.

I dag la eg fram eit bakgrunnsdokument for diskusjon fram til fylkestinget i desember skal handsame budsjett og skolestruktur (Dokumentet finn du her). I dette dokumentet går vi gjennom trendane for folketalsutviklinga, og andre relevante faktorar for kostnader i vidaregåande opplæring i Troms. Troms har den nest dyraste vidaregåande opplæringa Noreg målt etter kostnad per elev. Det er bra, det som ikkje er like bra er at svært mykje av desse pengane er bunden opp i skolebygg og forvaltning. Innsatsen retta mot undervisning er vi ganske nøyaktig på landssnittet. Dersom vi skal kunne drive skolane i Troms på ein god måte med rom for utvikling av kvalitet og rom for å satse kraftfullt mot fråfallet må vi ha tilgang til ein god del meir pengar enn det vi no har. Vidaregåande skole i Troms har i ein periode med auke i elevtalet som burde medført ein kraftig auke i budsjetta reelt spart inn 20 millionar. Det går på kvaliteten laus og kan ikkje halde fram.

Alternativet til å gjere noko med skolestrukturen er å tilføre utdanningssektoren pengar frå andre sektorar. Det vil i hovudsak seie samferdsel. Utfordringa der er at og samferdsel har store utfordringar for 2010. Dersom samferdsel skal løyse både sine eigne utfordringar og frigje pengar til utdanning vil det bety rutekutt, mindre veginvesteringar og kraftig auke i billettprisen. Kutt i bussruter og auka billettpris er ikkje hyggeleg i tider då vi ønsker at fleire skal benytte kollektivtransport for å få gjort noko med klimagassutsleppa,

Dette er ikkje noko lett val, for å seie det forsiktig.

I bakgrunnsdokumentet om skolestruktur og tilbod. Viser vi fire konkrete måter vi kan spare pengar innafor utdanningssektoren i Troms.

  • Skolested Høgtun samlokaliseres med ”nye” Bardufoss.
  • Innsparing: 5 mill kroner per år
  • Skolested Skånland samlokaliseres med skolested Heggen
  • Innsparing: 6 mill kroner per år
  • Flytte en del av tilbudet fra Skjervøy til Nordreisa
  • Innsparing: 1-1,2 mill kroner per år
  • Legge ned restaurant- og matfag i Sørreisa.
  • Innsparing: 1,9 mill

Desse tiltaka gjer svært vondt. Eg har tidlegare kjempa med nebb og klør for å klare å halde oppe desse tilboda. Det forrige fylkesrådet fall på grunn av liknande forslag, og eg spelte ei viktig rolle i den diskusjonen. No ser eg at desse kutta kan bli vanskeleg å unngå. Vi jobbar framleis med andre og forhåpentlegvis mindre drastiske framlegg til innsparingar, men eg må innrømme at eg ikkje held pusten.

Det er likevel slik at debatten no må gå, både i SV og i dei andre partia om korleis vi kan løyse dei økonomiske utfordringane vi står framfor. I SV er nok grunnhaldninga at vi ønsker å tilføre skolesektoren meir pengar. Vi får sjå korleis den kampen går.

Eg tør ikkje forskottere kvar fylkestinget eller mitt eiga parti til slutt kjem til å ende opp. Men eg tør forskottere at det kjem til å gjere vondt uansett kva finger ein skjer i.

Eg vil gjerne høyre dine forslag til korleis vi bør gripe fatt i denne saka. Skriv i kommentarfeltet under.

Andre som bloggar om saka:

Leiaren i Troms SU – «Nedleggelse må være aller siste utvei»

Standard