Politikk, Troms og Tromsø, Vidaregåande

Skal Tromsø kommune overta dei vidaregåande skolane?

Ein videoblogg om Høgre sitt framlegg om at Tromsø bør overta dei vidaregåande skolane i kommunen. Eg er skeptisk, men ikkje totalt avvisande, og vil gjerne høyre di meining.

Bær over med at kvaliteten ikkje er heilt topp, eg driv og eksperimenterer med greensscreen og har nok ikkje heilt fått det til

Sjå og ein interessant diskusjon om saka på twitter i dag med Skjalg Fjellheim, Ketil Zachariassen, Øystein Vangsnes og Cecilie Myrseth. Følg dei gjerne alle saman, dei har mykje interessant å seie.

Få epost med oppdatering av bloggen

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Standard
Fylkesting, Politikk, Vidaregåande

Stopp skolenedleggingane

Eg er fortvilt over det som skjer med skolane i Troms. Fylkesrådet vil legge ned eit utal linjer og tilbod rundt om i fylket. Tilbod som er viktig for elevane, skolane og lokalsamfunna i heile fylket. På toppen av det heile, som rosinene i pølsa kan du vel seie, varslar no fylkesrådet at dei vurderer å legge ned tre skolar, Gibostad, Rå og Sjøvegan.

produksjonsvaken

Det har vore diskutert nedlegging av skolar i Troms tidlegare. Dette er frå protestane mot nedlegging av Høgtun vgs.

Eg skjønnar at det er utfordringar i fylkeskommunen. Elevtalet i fylket går ned, det er store økonomiske utfordringar og det er store utfordringar på veg og kollektivtrafikk. Eg misunner ikkje fylkesråd Magnus Mæland den jobben han har akkurat no.

Utfordringa er at fylkesrådet ikkje vil auke pengebruken på skolane. Då må det skjærast ned. Eg meiner det er fordi fylkesrådet, med Ap og Høgre ikkje vil sjå den samfunnsøkonomiske verdien av skolane.

Det er sannsynleg at fleire vil avbryte skolegangen om dei må flytte heimanfrå. Det er ein kjempekostnad både for ungdomane og for samfunnet. Vi vil og oppleve at mange vil velje ei utdannings som ikkje er den dei ønska seg for å kunne bu heime. Det er sannsynleg at det og vil føre til at færre fullfører vidaregåande skole.

Samtidig veit vi at dei vidaregåande skolane er viktige kompetanse og kunnskapssenter i lokalsamfunna sine. Det er klart det får konsekvensar for mindre samfunn om 20 kompetansearbeidsplassar forsvinn. Eg trur fylkeskommunen påfører samfunnet større kostnader enn dei sparar ved desse tiltaka.

Noko av det som forundrar meg mest er at det ikkje ser ut til at fylkeskommunen har vurdert korleis ny teknologi kan gjere skoalne meir effektive og spare kostnader, mellom anna gjennom “flipped classroom” og bruke av videoteknologi og liknande for å samordne undervisninga på fleire skolar. Det er spesielt rart når vi i Troms har nokre av dei fremste kompetansemiljøa på dette i landet gjennom studiesenteret.no  og  Senter for IKT i skolen.

Eg meiner Mæland bør sette seg ned å ta ein alvorsprat med Pia Svensgaard og få ho til å forstå at det siste vi skal spare på er utdanning til ungdomane våre.

Dette er noko eg brenn for, og var grunnen til at eg og SV gjekk ut av fylkesrådssamarbeidet med Ap i 2009.

Standard
Skole, Troms og Tromsø, Vidaregåande

Privatskolekjede posisjonerer seg

Akademiet, den største drivaren av private vidaregåande skolar i Noreg, har søkt om å få starte ein privat vidaregåande skole i Tromsø. Skolen skal ha 390 elevplassar. Tromsø er ein av sju byar Akademiet har søkt om å få starte i.

Det er to store problem med dette. Det aller viktigaste er at montesorripedagogikken som skal brukast ikkje er utvikla for den vidaregåande skolen. Leiaren for montesorriforbundet i Noreg advarer mot vidaregåande skolar basert på denne pedagogikken skreiv Nordlys i går. (Tatt frå minnet, har ikkje avisa der eg er no) Dette er med andre ord eit pedagogisk eksperiment. Den andre utfordringa er at det blir mykje vanskelegare og dyrare for den offentlege vidaregåande skolen å tilpasse tilbodet sitt. Skal ein redusere tilbodet, og dermed kanskje og fjerne små tilbod i Tromsø, eller skal ein konkurrere og køyre med overkapasitet? Vil den nye skolen trekke elevar frå distrikta slik at offentlege tilbod der kjem i faresona for å bli lagt ned?

Det kan hende at eg er kynisk og har for lite tru på det gode i menneska, men eg trur Akademiet her utnyttar unntaket i loven for skolar basert på alternativ pedagogikk for å posisjonere seg før eit frislepp dersom dei borgarlege vinn valet i 2013. Då blir det lov å tene pengar på skoledrift.

Dette er tre gode grunnar til at Tromsø kommune og Troms fylkeskommune burde protestere beinhardt på opprettinga av denne skolen i Tromsø. Det skjer dessverre ikkje. Byrådet i Tromsø elskar alt som smakar av privatisering. Så kunne vi kanskje forvente litt meir av Arbeidarpartiet som leiar fylkesrådet i Troms. Dessverre. Fylkesråd for utdanning, Kent Gudmundsen (H) seier at fylket ikkje vil protestere på etableringa. Det kan han ikkje seie utan å ha fått lov av leiaren for fylkesrådet. Ho heiter Pia Svendsgård og er frå Ap.

Ap i Troms synst med andre ord private vidaregåande skolar er greitt. Det er jo greitt å vite.

Standard
Feature, Troms og Tromsø, Vidaregåande

Opplæringstilbodet i Troms til hausten

På tysdag skal fylkesrådet fastsette opplæringstilbodet i den vidaregåande skolen i Troms for skoleåret 2009/10. Det er ikkje noko lystig affære. Dei vidaregåande skolane i Troms ser ut til å få eit underskott i 2009 på 28 millionar i år. Då må vi dessverre redusere på marginale og små tilbod for å prøve å komme i balanse. Det opplæringstilbodet vi foreslår vil føre til innsparingar på 8,9 millionar (heilårsverknad). I tillegg tilfører vi 13 friske millionar til utdanning i 2009. Det gjev oss eit håp om å komme i balanse i 2009. Samstundes er det ikkje noko tvil om at vi i budsjettet for 2010 må vurdere grundig om vi må flytte pengar frå samferdsel til utdanning for å ha råd til å gje eit godt vidaregåande opplæringstilbod til ungdomen i Troms.

Dessverre er det og slik at når økonomien er det viktigaste styringsverktyet (slik det er i Tromsskolane akkurat no) så er det ofte distrikta som blir hardast ramma. Det er der det er færrast elevar og dermed flest tilbod med få elevar. Det fører til at Nordreisa vgs mister mange fag, spesielt innafor formgjeving og design. Det er trist. Også ved Skjervøy vgs blir to fagtilbod kutta. Vg2 Maritime fag og vg2 Produksjonsteknikk, desse tilboda hadde ein og to søkjarar. Samtidig er det slik at dersom vi hadde latt økonomien vere det einaste styrande burde vi kutta fleire tilbod ved Skjervøy. Det gjorde vi ikkje. Vi kan aldri la økonomien bli det einaste styrande. Hadde vi kutta meir hadde vi fjerna sjølve livsgrunnlaget for skolen. Det ville hatt store konsekvensar for eit Skjervøysamfunn som allereie slit. Lærarane på vidaregåande skole bidrar med stor kompetanse og OK løn inn i sine lokalsamfunn. Det må vi prøve å ta vare på. I trange økonomiske tider forsøker vi etter beste evne å ta vare på distriktsskolane.

Også ved Indre Troms vgs. – skolestad Sjøvegan har dei grunn til å vere misnøgde. Der foreslår vi å legge ned tilboda innafor Service og samferdsel. Desse faga har dårleg søknad over heile fylket, og vi har ikkje råd til to tilbod i Midt-Troms. Vi måtte derfor velge om vi skulle ha det tilbodet ved Sjøvegan eller ved Finnfjordbotn. Eg synst det var vanskeleg, men valet fall på Finnfjordbotn. Det er fleire grunnar til det, men viktige momentar var at Finnsnes har eit større miljø innfor servicenæringane og at vi konkurrerer med ein privat kristen skole i området og eg ikkje ønska å gje dei heile marknaden for Service og Samferdsel i Lenvik og omegn.

Det er fleire andre store endringar rundt i fylket. Kvaløya vgs har fått meir enn ei halvering av søkarar til bygg og anleggsteknikk. Det er ikkje smertefritt å gå frå 90 til 39 elevar. Ein søkar til blomedekoratør på Rå er og for lite til at vi kan alde oppe det tilbodet. Vi må og legge ned ei rad idrettsfagtilbod ved Tromsdalen vgs på grunn av lite søkarar. Vil ikkje ungdomen drive med anna enn fotball?

Av og til kan ein jo lure på om den venstre handa veit kva den høgre driv med. Eg har ansvaret for tannhelse og utdanning i Troms fylkeskommune. Innafor tannhelse ser vi at det er eit stort behov for tannhelsesekretærar i åra framover, men eg må likevel legge ned det einaste tilbodet i fylket fordi det berre var ein søkjar. Her skal skal vi likevel prøve å få til eit desentralisert tilbod for vaksne.

Dette er blitt langt nok, meir av bakgrunnen og søkjartala kan du finne i saksdokumentet som ligg her.

Eg har og lyst til å nytte høvet til å be fleire lese ein veldig god kommentar som eg fekk på ein annan post her på bloggen. Den skal eg skrive litt om etter kvart.

Standard
Feature, Skole, SV

Fråfall og fellesskole

I dag sendte eg ut dette lesarinnlegget saman med Lena Jensen.

skole

Aktive elevar er det vi treng for å få ned fråfallet. Pluss litt politisk vilje. Foto: Flickr/ungtrenull

Vi er veldig glad for at Nordlys og Fremover er opptatt av statusen til yrkesfaga. Fråfallet i vidaregåande skole – spesielt i Nord-Noreg – er eit enormt samfunnsproblem. Det har derfor vore sentralt for Troms SV å arbeide for å få redusert fråfallet, både gjenom aktivt arbeid i fylket, og gjennom å sette fokus på dette nasjonalt. Vi er derfor svært godt fornøgde med at Troms SV fekk landsmøtet med på å vedta ein uttalelse om fråfallet i vidaregåande skole. Dette viser to ting, at heile partiet og ministeren er opptatt av saka og at Troms SV blir høyrt på nasjonalt.

I uttalelsen som vart vedtatt peiker vi på fleire sentrale ting for å få redusert fråfallet. Svært mykje av fråfallet startar før elevane kjem til vidaregåande skule. Nye undersøkingar viser at fleire enn ein av fem elevar frå ungdomsskulen ikkje har grunnleggande lese- og skriveferdigheitar. Det er derfor viktig at ein ser skulepolitikken i samanheng med andre sosiale utjamningstiltak i samfunnet i tillegg til at ein må ta fatt i problematikken tidleg. Dette krev at vi tenkjer nytt både innafor vidaregåande opplæring og i grunnskulen. Eg er svært fornøgd med at SV no vil vurdere eit kvalifiseringsår for dei elevane som kjem ut av grunnskolen utan godt nok fagleg grunnlag. Dersom dette året er nært knytt til praksis ute i bedrift kan det bli ei svært god løysning.

Vi er fornøgde med at SV er i gang med å satse på tidleg innsats mellom anna gjennom å lovpålegge fleire lærarar i 1- 4 trinn frå hausten av. Ungane skal få hjelp når dei treng det. SV går til val på at vi skal sikre fleire lærarar i skolen, og slik alle elevane skal få hjelp til leksene. SV skal innføre meir fysisk aktivitet og praktisk læring i skolen. SV ønsker å innføre ei gratistid midt på dagen i skolefritidsordninga. Vi vil ha ein skole der SFO og skole er saman om å nå læringsmåla. Slik vil vi og over tid redusere fråfallet.

Der avstandane er store må den desentraliserte skulestrukturen oppretthaldast slik at fråfallet ikkje blir eit problem. SV meiner at vi må arbeide for at så mange som mogleg har sjansen til å ta i alle fall første året på vidaregåande skule medan dei bur heime. Dette tyder at vi i enno større grad må ta i bruk nye organisatoriske og teknologiske løysingar for å kunne gje gode tilbod til alle.

SV vil ta initiativ til at fleire skal få ei meir praksisnær utdanning, og vi vil åtvare mot ei teoretisering av yrkesutdanningane. Det betyr at vi må tilby utdanningsløp der teorien er sterkare knytt til praksisfeltet. Dette kan blant anna skje gjennom eit sterkare vekselspel mellom utdanning i skule og utdanning i bedrift. Derimot er det ikkje smart å redusere på teorien. Det vil gje oss mindre kompetanse og kunnskap til å bygge framtida på. Men det er heilt sentralt å knytte teorien nærmare til praksisfeltet slik at den kjennest relevant og viktig.

Leiarskribenten i Nordlys og Fremover harselerer over at SV er mot private skolar og ønsker ein offentleg skole. Dei om det. Vedtaket er og godt fordi det seier at den offentlege skolen skal få eit breiare spekter av pedagogikk. Det bør vere plass til både Steiner, Montesorri og anna pedagogikk i den offentlege skolen. Det som var vedtatt av landsmøtet var:

Flere privatskoler vil øke de sosiale forskjellene i samfunnet, og svekke den offentlige skolens rolle som felles møtested for barn og ungdom med ulik bakgrunn. SV vil derfor forsvare dagens privatskolelov slik at kommersielle aktører ikke skal kunne drive private skoler. Pedagogiske og religiøse alternativer skal på sikt avvikles. Barn som har behov for alternativ pedagogikk skal få det i den offentlige skolen.

Det norske samfunnet veks på at alle ungane går i den same skolen. At direktørsønn og arbeidardotter går i lag, at muslim, kristen og ateist går i lag. Det norske samfunnet veks på at mine og dine ungar får treffe ungar som ikkje er oppdratt med dei same haldningane og meiningane som ungane våre møter heime.

Standard