Feature, Internasjonalt, Val

Dansande president

Jacob Zuma dansar, og tilhengjarane hans dansar. Til og med den største opposisjonsleiaren Helen Zille og leger i streik dansar. Alle dansar i dette landet, og ein kan ikkje alltid vete om dei er sinte eller glade når dei dansar.

valsa

Valet i Sør-Afrika gav ANC berre nesten to tredjedelar av røystene. Foto: Liv Marie Austrem

Men det er ingen tvil om at partileiaren for Democratic Alliance, den kvite Helen Zille feirar at hennar parti fekk 50.78% i Western Cape og overtar roret for denne provinsen, og på landsbasis auka DA med ca 5% til 16.37. Utbrytarpartiet frå ANC, COPE, endte opp med 7.62% og seier seg nøgd med det sidan dei er nye.

ANC feirar at dei fekk 66.0 % av stemmene i heile landet og kan styre vidare, nå med Jacob Zuma som president. 4% svikta ANC denne gongen, og hindra at ANC får 2/3 fleirtal i regjeringa. Eg har alltid vore ein stor ANC-fan, men dei har vore for mektige for lenge nå, og denne nedgangen er bra for å sikre demokratiet, tenkjer eg. Dermed kan dei heller ikkje endre grunnlova slik mange har frykta for at dei kunne finne på. ANC-tilhengjarane seier at ANC-regjeringa har ikkje gjort forsøk på å tukle med grunnlova tidlegare enda dei har hatt 2/3 fleirtal sidan 1994, så det behøvde ingen vere redde for. Skeptikarane kjente seg likevel ikkje trygge, for Jacob Zuma har meir enn ymta om at dødsstraff igjen kunne vere aktuelt, han har uttala seg negativt om at homofile har vanlege menneskerettar og han stiller spørsmål ved atmedia har lov å skrive kva-som-helst og  «rettssystemet er så fritt og uavhengig som ein Gud». I tillegg er det mange som ikkje greier tru på at Jacob Zuma er uskyldig i korrupsjon og valdtekt sjølv om sakene mot han vart henlagt.

– Nå må vi prøve lære oss å elske Zuma, sa ei dame eg snakka med. – Ein må jo elske presidenten sin.

Det er klart mange som elskar han, ikkje berre dei 5 konene hans, men tusenvis av trufaste fans møter opp og hyller han over alt der han ferdast. Han er ein antiintellektuell, folkeleg mann, flink til å lytte og snakke med folk og er svært karismatisk. Han kler seg ikkje i kvite snippar, og han ler høgt.  – Eg kjem ikkje til å slutte å le høgt og danse for det om eg blir president, har han sagt. Under apartheid var han leiar for ANC sin hemmelege etterretningsteneste, og han sat fengsla på Robben Island saman med Nelson Mandela i 10 år. Mandela støtta Zuma under valkampen, men Desmond Tutu har uttalt seg kritisk og sådd tvil om den nye presidenten sin integritet og moral. 

Eg håpar det blir god grunn til å elske han som president, og eg ynskjer han og dette fantastiske landet lykke til. Presidenten og regjeringa hans  har svære utfordringar:  arbeidsløyse, manglande utdanning og dårlege skolar, mangel på hus, hiv og AIDS, høg kriminalitet og ikkje minst korrupsjon. – Nå må dei slutte å danse og begynne å levere, sa ei gammal afrikansk dame til meg etter at ho hadde lagt stemmesedlen i urna.

Standard
Feature, Internasjonalt

Fotball og fred

I samband med fotball VM i 2010 skulle det vore arrangert ein fredskonferanse no.

I dag spelte det norske landslaget i fotball vennskapskamp mot det sør-afrikanske landslaget og kampen vart overført direkte på TV. Jacob Zuma, som er leiar av ANC, og president Monlanthe var begeistra til stades og helste på nordmennene etterpå, men dei kunne gratulere sine eigne. Det var dei som vann 2-1 over nordmennene.

Eg kan ikkje seie at eg er så inne på dette med fotball, men eg kunne sjå at sør-afrikanarane spelte veldig artig fotball, dei var raske, dribla mykje og var klart veldig gode teknisk. Dei lange ballane til Drillo-fotballen var kjedelege i forhold.

Det var i samband med denne vennskapskampen at the Soccer World Cup peace conference skulle ha vore nå i helga. Zuma og Monlanthe har framleis forklaringproblem etter at Desmond Tutu og FW de Klerk trekte seg og konferansen vart utsatt. Dalai Lama har ennå ikkje fått visum.

I tida framover kjem Liv Marie Austrem til å skrive litt på denne bloggen frå Sør-Afrika.

Standard