Klima, Troms og Tromsø

Kvar blir det av toget?

Det er skuffande og utruleg defensivt at ikkje dei nordnorske fylkeskommunane klarer å bli samde om å sette tog gjennom heile landsdelen på kartet, og spele det inn i samband med Nasjonal Transportplan. Når dei tre sjefane for Nordland, Troms og Finnmark, er samla må det vere lov å forvente meir. La oss satse på at når dei møtes neste gong i Nordnorsk råd så er dei meir offensive.

I det diskusjonsnotatet som rådet tok til orientering er det kun Ofotbanen som er nemnt i tillegg til at vidareføring av Nordlandsbanen med båt:

Fylkeskommunene står samlet om betydningen av Ofotbanen for fremføring av gods til og fra landsdelen og samlet bak kravet om å bygge dobbeltspor slik at kombinasjonen stykkgods- og malmtransport kan fortsette uten flaskehalser/hinder. Vi bør også be staten stimulere til overgang for frakt av gods fra veg til sjø ved å kombinere veg/bane/båtløsninger gjennom virkemidler. En forlengelse via Bodø med Nordlandsbanen nordover med containerbåt er en slik faktisk mulighet.

Det er ingen tvil om at Ofotbanen er viktig og at det er lurt med båt frå Bodø og nordover, men framtida må vere meir.

trainEg veit ikkje nøyaktig kva det vil koste å bygge lyntog frå Trondheim til Kirkenes. Det blir sikkert grusamt mange milliardar. Men, eg veit at i løpet av dette hundreåret vil det vere slutt på å sleppe ut CO2. Dei stadane som då ikkje har noko anna alternativ enn ein trolleylastebil vil slite.

I 2050 vil kanskje batteria gjere at du kan køyre med el-bil frå Tromsø til Oslo, men eg veddar på at fartsgrensa ikkje er så mykje høgare enn i dag. Derfor treng vi toget, for den flyseteavgifta som regjeringa innfører er nok berre den første av mange. Du veit ei avgift vil vekse når sjølv Frp er for den. Det betyr at i 2050 vil det gå svært få fly mellom Tromsø og Oslo. Derfor treng vi lyntoget. Seks til åtte timar frå Oslo til Tromsø, akkurat ei god natts søvn og ein frokost så er du framme.

I tillegg vil lyntoget bety svært mykje for å binde saman landsdelen. Alta, Tromsø og Narvik ville bli ein arbeidsmarknadsregion. Likeins Narvik, Bodø og Mo i Rana, eller heile Helgeland. Landsdelen og regionane i landsdelen vil bli knytt sterkare til kvarandre.

Derfor la oss no i det aller minste finne ut kva det vil koste å bygge lyntog frå Trondheim til Kirkenes, kvar linjene kunne gå og kor fort det vil gå. La oss ta diskusjonen då, når vi har fakta, ikkje avspise den med at det er urealistisk.

Det som er urealistisk er at vi skal kunne halde fram som før.

Standard
Klima, Politikk, Troms og Tromsø

Får parisavtalen konsekvensar i Nordens Paris?

Takk og lov. Nyheitene frå Paris var mykje betre denne gongen enn sist. Det er fantastisk at det er blitt global einigheit om ein klimaavtale – parisavtalen. Så kunne vi ønska oss noko enno sterkare, men dette er eit steg i rett retning. Så er spørsmålet, kva vil dette bety for oss i Tromsø, Nordens Paris?

COP21Eg er heilt sikker på at det må bety at vi må skjerpe ambisjonane våre om å få ned våre eigne bidrag til klimaendringane. Tida er forbi då vi kunne seie at det ikkje betyr noko fordi vi er så små. No er Kina, USA og India med, då må vi gjere vårt.

Eg har ikkje funne gode tal for utslepp av klimagassar i Tromsø, men tala for Troms ser du i tabellen (kjelde SSB). Den viser tonn CO2 ekvivalentar utslepp til luft. Dersom nokon har gode tal for Tromsø, så sei i frå!

2009 2013 Prosent av utslepp i 2013
Alle kilder 753 895
Industri og liknande 201 313 34,97
Oppvarming i andre næringer og husholdninger 61 70 7,82
Veitrafikk 283 287 32,07
Dieseldrevne motorredskaper 36 63 7,04
Jordbruk 134 126 14,08
Avfallsdeponigass 31 31 3,46
Avløp og avløpsrensing 6 6 0,67
Folketal
Utslipp per innbygger i 2009 156494 4,81
Utslipp per innbygger i 2013 162050 5,52

I Tromsø har vi lite industri. Det betyr at den totalt dominerande kjelda til klimagassutslepp i kommunen vår vil vere vegtrafikken. Vi ser at i Troms utgjer vegtrafikken 32 prosent av alle utslepp, i Tromsø tippar eg det vil vere godt over 50 prosent av alle utslepp som kjem frå vegtrafikken. Det betyr at vi ikkje kjem unna å redusere trafikken dersom vi skal gjere vårt for å oppfylle den globale avtalen frå Paris. Og, vi skal vel ta vår del av det globale ansvaret?

Det vil måtte bety at vi må gjere drastiske grep for å få ned biltrafikken i Tromsø. Dagens mål er at all framtidig vekst i trafikken skal takast gjennom kollektiv, gange og sykkel. Det er ikkje nok, vi må redusere utsleppa frå dagens trafikk. Noko av dette kan vi kanskje løyse gjennom el-bilar og slikt. Eg trur likevel ikkje vi kjem utanom begrensningar på biltrafikken i Tromsø.

Det store diskusjonstemaet blir korleis skal vi gjere det. Er det nok å tilby betre vintervedlikehald av gang og sykkelvegar og eit betre busstilbod, eller må vi innføre ei eller anna form for avgift på bilkøyring. Eg trur at vi vil trenge både gulrot og pisk, men vi må sørgje for at gulrota er så god at folk faktisk kan velje bort bilen og at det ikkje blir eit sttort offer i kvardagen.

Mykje handlar om enkle ting som vaner vi legg oss til. Det er enkelt å ta bilen sjølv på korte turar. Likevel handlar det aller mest om korleis vi planlegg byen. Det må vere korte avstandar til det meste om det skal bli mogleg å la bilen stå i garasjen mesteparten av tida.

Kanskje er parisavtalen dårleg nytt for bilbaserte kjøpesenter som Jekta? Vil vi handle meir av maten innafor gangavstand i framtida? Eg trur det, for vi må redusere den daglege køyringa, til jobb, til butikk, til trening og til skole. Då må vi nok og organisere ting litt annleis enn vi har gjort til no. Eg trur det er mogleg, eg trur til og med at livet kan bli betre av det.

Kva trur du?

 

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Standard
Klima, Politikk

Vi skal lytte til klimaforskarane, men ikkje gjere noko med det, seier Støre

Ein liten augenblink så trudde eg at verda ikkje stod til påska, det vil seie, eg trudde at ho kunne komme til å stå til påske og lenger enn det. Ein liten augneblink trudde eg at Arbeidarpartiet hadde tatt inn over seg klimakrisa og ville gjere noko med Noreg sitt største bidrag til klimaendringane er utvinninga av olje. Eg tok sjølvsagt feil.

Leiaren i Arbeidarpartiet har laga nokre lydar, lydar  soim tilsa at han og kanskje resten av Ap skulle ta på alvor at storparten av den olje, gassen og kolet som ligg i bakken må bli liggande der om vi skal unngå store klimaendringar. Men, det viser seg at det Støre faktisk meiner er at alle andre skal la si olje, sitt kol og sin gass bli liggande medan vi priviligerte skal pumpe opp alt vi har. Støre skriv:

Norge har alle forutsetninger for å klare omstillingen som ligger foran oss. Arbeiderpartiet vil videreføre 40 års politikk ved å legge til rette for et stabilt og høyt aktivitetsnivå på sokkelen, samtidig som vi stiller krav til at vi gir kraftfulle bidrag til å redde verdens klima. (Aftenposten)

Altså, vi skal ingenting gjere. Alle andre skal gjere, medan vi held fram med å skumme fløyten. Ap sin stortingsrepresentant frå Troms, Martin Henriksen har vist ikkje lest partileiaren sin kronikk i Aftenposten. For i iTromsø skjeller han ut Høgre for å ikkje ta på alvor klimaendringane:

Henriksen sier han er overrasket hvis det er slik at Høyre ikke tar advarslene fra FNs klimapanel alvorlig.

– Det er ganske alvorlig om vi har to partier i regjering som ikke lytter til klimaforskningen. Det Støre har sagt er at vi må lytte til IEAs råd og at vi ikke kan være uberørt av disse. (iTromsø)

Då er det i grunnen trist at Ap heller ikkje vil lytte til råda frå dei fremste fagfolka på området. Eg utfordra derfor Martin Henriksen på dette på twitter i dag:

Alf Holmelid tok del i samtalen og sa:

Martin Henriksen svarte på utfordringa:

Då tenkte eg eg skulle prøve å få eit klårt svar og utfordra han slik:

Den utfordringa traff nok ein plass der det gjorde litt vondt, for svaret kom kjapt:

Den lærdomen frå dette er at Ap skal lytte, kanskje skal det vere litt dialog, men til sjuande og sist skal vi halde fram som før

Standard
Klima

Klimaskepsis

Av og til høyrer vi om folk som ikkje trur på klimaendringane. Per-Willy Amundsen frå Frp er det fremste eksemplet mellom norsk politikarar. Han har sagt til VG:

– Jeg oppfatter at man bruker klimaet for å gjennomføre sosialistisk politikk. Karl Marx er død, de trengte en erstatning. Klimafantastene har funnet det i CO2-teorien. Og det bruker man til alt mulig. For mange sosialister tror jeg rett og slett at CO2 har erstattet Karl Marx, sier Amundsen.

Lat oss berre slå fast, drivhuseffekten er reell. Utan den kunne vi ikkje budd på jorda i det heile tatt. Lat oss slå fast at mengden CO2 i atmossfæren har auka frå 280 delar per million rundt år 1800 til nesten 400 delar per million no. Det ville vere heilt usannsynleg om ikkje dette hadde betydning for klimaet på planeten vår.

Og, ja, det har vore klimaendringar før. Den store skilnaden er at den gongen gjekk endringane ganske sakte. Menneska kunne tilpasse seg gjennom at ungane slo opp skinntelta sine litt lenger frå stranda enn det foreldra gjorde. Det er litt vanskelegare å flytte vegar, millionbyar og kaier enn å flytte eit skinntelt.

Og er du i tvil, så rår eg deg til å ta ein titt på denne videoen:

Standard
Inga-Marte Thorkildsen
Feature, Klima, Økonomi

Industrien er ein del av løysninga

Inga-Marte ThorkildsenDersom vi skal gjere noko med klimaendringane, dersom vi skal redusere utsleppa våre av klimagassar må alle delta. Dersom ikkje industrien deltar må vi slutte å køyre bil. Det blir umogleg. Derfor vart eg inderleg glad for utspelet til Inga-Marte Thorkildsen i VG og i NRK i dag.

Der seier ho det som er heilt rett, vi kan ikkje utan vidare pålegge industrien tøffare avgifts- eller utsleppskrav. Konsekvensen av det er ganske greitt, då flyttar industrien til andre land der krava er lågare. Men, dersom vi hjelper industrien til å redusere utsleppa, bidrar vi og til ei teknologiutvikling som bidrar til industrivekst i Noreg. NRK skriv:

Etter en sjarmoffensiv i flere Grenlands-bedrifter som har store CO2-utslipp, presenterte SVs sannsynlige nestleder og miljøvernminister den plattformen hun vil satse på for å redde norsk industri: Det må brukes mye oljepenger til å gi landbasert industri rammevilkår som gjør at den vil satse i Norge.

Dermed varslet hun også en konfrontasjon med regjeringspartner Arbeiderpartiet, som ikke vil bruke så mye oljepenger på innenlandsk industri. 

Dette er ein konfrontasjon eg inderleg håpa SV vinn.

I dag vart eg glad, så glad at eg nesten skifta meininga og synst det er lurt at Inga Marte Thorkildsen blir nestleiar. Fleire utspel av denne typen så er vi der.

Les meir om klimafondet og industriutvikling her

Standard