Jun 24 2008

Spel og leik med fellesskapet sine pengar

Denne kronikken skreiv eg i samband med at Tromskraft brukte 100 millionar på oppkjøp i TFDS/Hurtigruten i 2004. Saka har blitt aktualisert i det siste, så eg tenkte nokre kanskje kunne ha interesse av dette. I siste avsnitt i kronikken spurte eg: “Eller er det kanskje slik at dette er ein del av eit større spel, der det enno er mykje vi ikkje veit, der nokre få snakkar saman utan å ta folket med på råd?” Svaret var at dette var ein del av privatiseringa av Tromsbuss. Siste akt kom no gjennom anbudsutsettinga av kollektivtrafikken i Troms.
—————
Den siste tida har eit utruleg spel med fellesskapet sine pengar blitt rulla opp av Nordlys. Troms Kraft eit heileigd offentleg selskap skal bruke 100 millionar på å kjøpe aksjar i TFDS, utan at noko folkevald organ har handsama saka, og gjeve klårsignal for det som skjer.

31. mars
Eventyret tok til den 31. mars i år. Det skulle vere styremøte i Troms Kraft. På styremøtet troppar det opp ei utsending frå TFDS i form av ein konsulent i Pareto Securities. Konsulenten har ein fin presentasjon, og ber styret i Troms Kraft om å bruke 200 millionar kroner på å kjøpe nye aksjar i TFDS. Konsulenten blir i møtet utsett for mange kritiske spørsmål, og viser seg å ikkje kunne svare på desse. Styret handsamar saka og seier samrøystes nei til å bruke Troms Kraft sine pengar på dette viset. Styret har nettopp vedtatt ein strategi som ikkje handlar om å satse på reiarverksemd og reiseliv, men å satse på energi og den infrastrukturen vi er avhengige av.

26.april
Der burde kanskje saka tatt slutt, men den 26. april blir det innkalla til ekstraordinært styremøte i Troms Kraft. Når styremedlemane kjem til møtet ventar fylkesordførar Ronald Rindestu og ordførar i Tromsø Herman Kristoffersen på dei. Saman med dei kjem direktør i TFDS, Tor Lægreid. Tor Lægreid held det som er blitt kalla Nord-Noregs beste powerpoint-presentasjon, og ber styret i Troms Kraft om å vedta ein garanti for ein aksjeemisjon i TFDS på inntil 100 millionar. Styret blir førespegla at det til sjuande og sist vil koste Troms Kraft mellom 50 og 70 millionar, avhengig av teikninga frå dei andre private aksjonærane. Før styret i Troms Kraft handsamar saka får dei tydeleg beskjed for representantane for eigarane, dei to ordførarane, om at eigarane utvetydig vil at styret løyvar det omsøkte beløpet. På direkte spørsmål til fylkesordførar Ronald Rindestu bekrefter han at eigarane instruerer styret om å bruke pengar på TFDS. Det kan vere verd å nemne at Ronald Rindestu ikkje baserer denne instruksen på vedtak i eit einaste folkevald organ. Verken fylkestinget eller fylkesrådet har nokosinne behandla saka. Styret i Troms Kraft handsamar saka. Dei diskuterer om dei skal stille plassane sine til disposisjon, men vel til slutt å følgje det dei oppfattar som ein klar instruks frå eigarane, og vedtar mot røystene til dei tilsette sine representantar å stille den omtalte garantien.

12. mai
Neste kapittel i soga speler seg ut den 12. mai. Det skal vere bedriftsforsamling i Troms Kraft. Denne forsamlinga skal kontrollere styret i selskapet. I møtet den 12. mai blir styreleiaren i Troms Kraft Paul Dahlø spurt direkte om det var planar om å bruke Troms Kraft sine pengar på TFDS. Dette spørsmålet blir ikkje svart på, i alle fall ikkje på ein måte som gjer at bedriftsforsamlinga blir informert om planane om å bruke 100 millionar av selskapet og fellesskapet sine pengar. Det som gjer dette spesielt interessant er at Paul Dahlø har ei dobbeltrolle, han er både styreleiar i Troms Kraft og leiar for fylkesrådet som eig selskapet. I same møte blir bedriftsforsamlinga presentert for eit forslag til vedtektsendringar. I dei gamle vedtektene stod det at Troms Kraft berre kunne investere i beslekta verksemder, og det kan nok ikkje TFDS reknast som. No står det i vedtektene at Troms Kraft kan gjere omtrent alle typar ”lønsame” investeringar. Det vart aldri opplyst i møtet korfor det var naudsynt å endre vedtektene. Dessverre vart det ikkje i dette møtet fleirtal for framlegget frå Rolf-Ketil Bjørn om å utsette vedtektsendringane.

I etterkant er det og blitt kjent at Troms Kraft trulig blir nødt til å bruke 100 millionar på TFDS. Det er ikkje lenger snakk om ei utteljing på mellom 50-70 millionar, ettersom interessa for nyteikning frå dei private eigarane er heller laber.

Kven eig Troms Kraft
Troms Kraft er eigd av folket i Troms og Tromsø gjennom Troms fylkeskommune og Tromsø kommune. Fylket har 60% av aksjane og Tromsø kommune har 40% av aksjane. Eigedomen er forvalta gjennom kommunestyret og fylkestinget. Det er interessant at verken kommunestyret eller fylkestinget har handsama saka om å bruke 100 millionar av fellesskapet sin eigedom på å kjøpe aksjar i TFDS – eit selskap som taper pengar. Dei pengane fellesskapet, gjennom Troms Kraft går inn med i TFDS vil bli brukt for å betale bankar og berge private investorar. Når ordføraren i Tromsø saman med fylkesordføraren på vegne av fylkesrådet går inn og instruerer styret i Troms Kraft til å kjøpe aksjar i TFDS skjer dette utan at dei har ryggdekning i form av vedtak eller diskusjon i eit einaste folkevald organ.

Når fylkesordføraren går inn og instruerer styret i Troms Kraft må vi gå ut frå at dette skjer i samforstand med fylkesrådet. Etter at fylkestinget innførte parlamentarisme har fylkesordføraren ikkje noko sjølvstendig politisk rolle. Han har same plass i systemet som stortingspresidenten har på stortinget. Fleire enn eg ville nok løfte eit augebryn eller to om stortingspresidenten utan politiske vedtak gjekk inn og instruerte styret i Statoil eller Statkraft. I Troms skjer dette no. Men, om vi då går ut frå at fylkesordføraren opptrer på vegne av fylkesrådet og fylkesrådet sin leiar Paul Dahlø, som og er styreleiar i Troms Kraft og har ei underleg dobbeltrolle, så er det utruleg at dette kan skje utan at fylkesrådet har behandla saka. Dette er i beste fall forsømmelse frå fylkesrådet si side.

Er det lurt å bruke fellesskapet sine pengar på TFDS?

Det finst sjølvsagt gode argument for å bruke pengar på TFDS. Det viktigaste argumentet er å behalde hovudkontoret i Tromsø. Likevel er det slik at å bruke pengar på TFDS konkurerer med å nytte pengar til andre gode formål. Viss fylkesrådet meiner det er rett å bruke pengane på TFDS ville den naturlege måten å gjere dette på vere å ta ut eit ekstraordinært utbytte frå Troms Kraft og i fylkestinget argumentere for at det er viktigare å bruke pengar på TFDS enn på vidaregåande skolar, fylkesvegar og kultur. Eg tviler på at fylkesrådet faktisk ville fått fleirtal for ei slik prioritering, og kanskje er det derfor alt skjer utan offentleg debatt. Slik slepp fylkesrådet å forsvare prioriteringane sine overfor veljarar og andre politikarar.

Korfor skjedde dette?
Det er naturleg å spørje korfor skjedde dette utan offentleg debatt? Ønskjer ikkje fylkesrådet fokus på dei prioriteringane dei gjer? Eller er det kanskje slik at dette er ein del av eit større spel, der det enno er mykje vi ikkje veit, der nokre få snakkar saman utan å ta folket med på råd? Det er på tide å spørje om dei gode relasjonane mellom enkelte toppolitikarar og næringslivsfolk kanskje er blitt litt for gode?

Konsekvensar
Frå SV si side tar vi opp saka i førstkomande fylkesting. Der bør fylkesrådet svare godt for seg – tilliten tar til å bli svært tynnslitt.

Del på FaceBookGi Kudos til denne saken! Send til Klikkbart

Bli den første til å kommentere, trykk her

Jun 12 2008

Anbud på bussane i Troms

Det er eit trist faktum at det er eit soleklårt fleirtal på fylkestinget i Troms om å sette busstrafikken ut på anbud. Etter at Senterpartiet snudde får høgresida det som dei vil. Vi hadde lenge eit håp om at Senterpartiet skulle skifte meining og overraske oss i positiv retning under fylkestinget. Det skjedde dessverre ikkje.

Dette fylkestinget viste tydeleg at Frp, Høgre, Krf, Venstre, Kystpartiet og Senterpartiet ønska ei anbudsutsetting. Desse partia har fleirtal i fylkestinget. Når dette var situasjonen hadde fylkesrådet med partia Ap og SV to val. Vi kunne kaste korta og la høgresida utforme eit anbud som sannsynlegvis ville ta mindre vare på miljø og arbeidstakarar, enn det som er det alternativet vi har valt. Det alternativet er at vi tar inn over oss at fleirtalet på fylkestinget vil innføre anbud og at det blir oppgåva våre å sørgje for at denne innføringa trass alt blir best muleg.

I sakspapira frå fylkesrådet står å lese:

Fylkesrådet har i sin tiltredelseserklæring sagt at man ikke ønsker å konkurranseutsette busstrafikken i fylket. Men vi ser, med bakgrunn i fylkestingets behandling av sak 21/08, at det likevel er flertall i fylkestinget for å ta dette steget. Fylkesrådet velger derfor å fremme en sak om konkurranseutsetting av bussrutene i Troms, for å kunne medvirke til at bl.a. ansattes rettigheter og miljøhensyn ivaretas i forbindelse med en slik konkurranseutsetting.

Vi ønska oss ikkje ei konkurranseutsetting, men om det skal innførast vil vi vere med å legge premissa slik at konsekvensane for arbeidstakarane blir så små som muleg og at vi får så stor miljøeffekt som muleg.

Det er viktig for SV at vi går så langt som vi kan i retning av miljø og arbeidstakarrettar innafor ei konkurranseutsetting. Vi vil legge opp til strenge krav om pensjon, tariffnivå minst på nivå med ein av dei landsfemnande avtalane, og strenge miljøkrav. I Troms skal vi ligge over minimumskrava på alle nivå.

Vi meiner det hadde vore enklare å få dette til om vi ikkje innførte anbud, men vi er heilt sikre på at vi ikkje ønskjer at Framstegspartiet skal få legge premissane. Då veit vi det vil gå ut over arbeidstakarane sine rettar.

Vi beklager at Senterpartiet sitt linjeskifte har ført til anbudsutsetting.

Her har eg lagt inn Ellen Øseth sitt hovudinnlegg under debatten på fylkestinget:

Del på FaceBookGi Kudos til denne saken! Send til Klikkbart

2 kommentarar så langt

Jun 11 2008

Hver 5. natt fri

ReklameplakatenEg bur på hotell i samband med fylkestinget i Harstad. Hotell har sjølvsagt reklame for seg sjølv. I denne reklamen står det at “Hver 5. natt er fri”. Fri! Det er eit fint ord, men kva er det meininga eg skal gjere denne 5. natta når eg har fri? Skal eg sleppe å drøyme? Sleppe å ha sex? Sleppe å sove?

Eg gler meg til oppfølgjinga, og kanskje spesielt; kva må eg gjere om natta når eg ikkje har fri? Gode forslag tas mot i kommentarfeltet.

Forøvrig viser vel denne reklamen nok ein gong at norskopplæringa bør bli betre i Noreg. Det burde vel stått, “Hver femte natt gratis”?

Del på FaceBookGi Kudos til denne saken! Send til Klikkbart

Bli den første til å kommentere, trykk her

Jun 05 2008

Framtida til maritim utdanning i Troms

Dei maritime næringane er viktige i Troms. Og den maritime utdanninga er eit grunnleggande fundament for å utvikle næringa.

Eg har som fylkesråd sendt eit dokument på høyring om denne saka fordi eg ønskjer innspel på korleis vi best kan utvikle den maritime utdanninga i Troms. Dokumenta finn de her. Eg håper de tar dykk tid til å lese og reflektere over korleis vi på best måte kan utvikle utdanningane, og på best måte kan vere med på å auke verdiskapinga i næringa.

Debatter og kom med innspel her.

Del på FaceBookGi Kudos til denne saken! Send til Klikkbart

Bli den første til å kommentere, trykk her

May 26 2008

Visuell likestilling

Eg har nettopp kjøpt meg eit nytt kamera. Eit med alt for mange funksjonar, knappar og innstillingar til at eg nokon gong kjem til å bruke alt. Eg tenkte likevel eg skulle lese gjennom manualen for i alle fall skaffe meg eit bilete av mulegheitene i kameraet. På kameraet er dei ei innstilling for portrett, der skriv Canon:

Sikrer pæne hudfarver. Billedet ser forholdsvis skarpt og klart ud. Velegnet til nærbilleder av kvinder eller børn [sic!]

Spørsmålet til Canon blir då, dersom eg skal ta eit portrettbilete av ein mann, skal eg då bruke innstillinga for landskap, eller kanskje neutral? Det er kanskje ein måte å unngå å gjengje urein hud? Eg har sendt ein e-post til Canon og spurt. Svaret kjem her.

Andre forslag tar eg mot med takk i kommentarfeltet.

Del på FaceBookGi Kudos til denne saken! Send til Klikkbart

Ein kommentar så langt

May 24 2008

Auka eksportavgifter, lurt av Russland

Russland har auka eksporttolla på rundtømmer. Dette er tømmer som ikkje er saga til plank eller på anna måta er gjort klart til bruk. Dette viser at russiske styresmakter har skjønt ein del grunnleggande om økonomi som dei fleste vestlege og norske økonomar har latt gå i glømmeboka. Denne lærdomen er at ingen land kan bli rike på å eksportere råvarer og importere ferdigvarer. Dette som eigentleg er så lett å skjønne er noko vanleg økonomisk teori fornektar. Er det rart fattige land forblir fattige når økonomane i verdsbanken og andre stader hevdar med stor styrke at dei kan bli like rike om dei satsar på kamelal som om dei byggjer ein nasjonal industri som kan tilføre verdiar og aukande løner?Rundtømmer, takk til Wikipedia for biletet

Erik S. Reinert viser til eit døme i boka si «How Rich Countries Got Rich … and Why Poor Countries Stay Poor» der ein engelsk økonom på 1700-talet foreslo dødstraff for råvareeksport. Det er kanskje å gå litt langt, men poenget er likevel rett. Kanskje kan Noreg vere eit døme på at råvareeksport kan gjere eit land rikt – eg tenkjer då på olja. Men det er viktig å vere merksam på ein av dei viktigaste delane av oljerikdomen vår er all den industrien og dei sørvisnæringane som er bygd opp rundt olja. Det at dyktige norske politikarar tok valet om at vi skal bruke olja til å bygge opp kunnskap og industri er ein av dei viktigaste skilnadene på Noreg og land som Angola eller Nigeria med tilsvarande oljeinntektar.

Skal eit land bli rikt må det få høve til å bygge opp industri bak tollmurar slik alle rike land har gjort. Frihandel er fattige lands svøpe, men bra for dei rike.

Del på FaceBookGi Kudos til denne saken! Send til Klikkbart

Bli den første til å kommentere, trykk her

May 22 2008

Seismikkskyting

Skrive av Pål Julius Skogholt under Olje

Eg hadde tenkt å skrive litt om seismikkskyting i dag, men Åsa Elvik har sagt det meste her

Del på FaceBookGi Kudos til denne saken! Send til Klikkbart

Bli den første til å kommentere, trykk her

May 21 2008

Krabbemos

For nokre år sia skreiv eg eit utkast til eit barne-/biletbokmanus. Eg sendte det til eit par forlag, men dei ville ikkje ha det. Ei av grunngjevingane var at det var for skummelt. Eg er vel tildels samd, no når eg har fått eigne ungar. Men eg vil gjerne ha hjelp og kommentarar. Er dette håplaust, eller kan det bli noko av det?

1.
Joakim hatar krabbar. Dei har stygge tynne føter, stikkande auge og fæle klør.

– Mamma, eg går i fjæra!

Han raskar med seg lighteren dei bruker til å tenne i peisen før han spring ut døra.

2.
Nesten kvar dag er Joakim i fjæra. Han og hunden Burgund fangar krabbar. Burgund stikk heile hovudet under vatnet, og dukkar opp med ein sprellande krabbe i munnen. Burgund et krabben.

3.
Joakim leitar etter krabbar under steinar. Han veltar steinane vekk og ser etter krabbar. Når han ser ein krabbe tar han fram spaden sin og mosar heile krabben til krabbegraut. Det er så vidt han kan kjenne igjen krabbeføtene når han er ferdig.

4.
I heile sommar har Joakim og Burgund leita etter krabbar, Burgund spiste dei og Joakim mosa dei. Sola har varma dei, og regnet har plaga dei, men krabbar har dei funne.

5.
I går hadde pappa slått plenen. Joakim hadde sett på før han gjekk i fjæra for å leite etter krabbar. Han hadde sett at pappa fylte bensin på grasklipparen. Då Joakim såg det hadde han fått ein ide til kva han kan bruke bensinen til.

6.
Stille stiltrar Joakim seg inn i vedbua der pappa har bensinkanna. Det er eigentleg ikkje skummelt fordi pappa er på jobb og mamma aldri kjem hit.

Joakim tar etter bensinkanna, men holder på å miste ho når ein edderkopp spring over handa hans. Joakim bit tennene saman og tviheld på bensinkanna. Raskt spring han ned i fjæra.

7.
I fjæra set Joakim kanna frå seg. Like ved kanna begynner Joakim å bygge ein ring av steinar. Han legg stein oppå stein. Til slutt har han eit rundt fengsel med eit høgt gjerde rundt.

No er det på tide å arrestere nokre krabbar og ha dei i fengslet.

8.
Joakim spring frå stein til stein. Han snur steinane. Under steinane er det krabbar, han fangar krabbane. Forsiktig så dei ikkje skal klype han, ber Joakim krabbane bort til fengslet og legg dei oppi. Han må halde dei fast i den fremre delen av skalet.

Joakim kjenner etter at lighteren framleis er i lomma. Snart kjem han til å få bruk for den.

9.
Plutseleg snublar han, og krabba han har i handa kjem seg fri. Raskt spring krabba bort, sidelengs spring han, men Joakim er raskare. Joakim kommer seg på føtene og hoppar fram og landar på krabben. Berre føtene på krabben viftar febrilsk eit par gonger på utsida av støvelen før det blir stilt.

Joakim går raskt vidare til neste stein, og snur den.

10.
Under steinen er det ei stor krabbe. Joakim tar den over ryggen. Krabben når han nesten med klørne. Joakim stirer på krabba og spring mot ringen. Han ser ikkje kvar han set føtene, og plutseleg sit eine foten fast. Han dett framover, landar med andletet like ved ringen. Gjennom ein sprekk i steinmuren ser han krabbane. Dei kryp over kvarandre og prøver å komme ut av fengslet.

11.
Gjørma er djup og Joakim får ikkje foten laus. Han kjempar. Den andre foten sit plutseleg og fast. Då ser han at floa kjem innover.

12.
Vatnet stig raskt. Det går over støvlane til Joakim, og han blir våt. Snart er det så djupt at Burgund må svømme rundt han. Joakim ser vatnet gå over ringen han har bygd. Ein etter ein kjem krabbene ut.

13.
Joakim kjenner at dei kjem mot han, dei klatrar på støvlane hans. No kan han tydeleg kjenn at dei prøver å klype hol i støvelen. Bensinkanna flyt sakte forbi.

14.
– Mamma, ropar han. Stemmen skjelv, det blir meir eit pip enn eit rop. Han kjenner noko røre på seg – inni støvelen

­– Maaaaaaaaammmaaaa! Hjelp meg!

15.
Vatnet når han over magen. Tårene gjer at vatnet stig raskare.

16.
Ingen ser Joakim. Burgund svømmer og svømmer, det går saktare og saktare. Sjølv ein hund blir sliten.

17.
Langt borte høyrer han mamma rope. – No må du komme inn, Joakim. Det er middag.

Joakim svarar. Stemmen er låg.

Del på FaceBookGi Kudos til denne saken! Send til Klikkbart

3 kommentarar så langt

« Forrige - Neste »

Lukk
E-mail It