Finnfjord smelteverk – CO2-nøytralt?

Finnfjord smelteverk – CO2-nøytralt?

For ei veke sidan var eg på besøk på Finnfjord smelteverk i Lenvik. Dene bedrifta står i dag for ein tredjedel av alle klimagassutsleppa i Troms målt i CO2-ekvivalentar. Smelteverket presenterte planar for korleis denne bedrifta kunne bli klimanøytral.
Finnfjord har lagt opp til en trepunktsplan for å nå dette målet. Først vil dei gjenvine store [...]

Statsbudsjettet 2009 – Utdanning i Troms

Fagskoleutdanning innanfor helse og sosialfag blir statsfinansiert! Dette er noko av det som Troms vil merke av Statsbudsjettet 2009. Budsjettet legg og opp til satsing på betre kvalitet i grunnopplæringa og meir midlar til forsking og høgre utdanning i nordområda.
Ein foreslått vekst i dei frie inntektene til Troms fylkeskommune på 8,8 prosent vil komme [...]

Noreg må støtte Island

Noreg må støtte Island

Island har store finansielle problem for tida. Valutaen er i fritt fall, og renta går kraftig opp. Island har allereie nasjonalisert den tredje største banken i landet. VG skriv i dag at dette har utløyst ein debatt på Island om tilknytting til EU og å ta i bruk euro som valuta. Eg skal ikkje ha [...]

OL, Tromsø og Noreg

OL, Tromsø og Noreg

Eg må innrømme at eg er litt tvisynt når det gjeld eit eventuelt OL i Noreg i 2018. På den eine sida trur eg det ville betydd svært mykje for Noreg, og Nord-Noreg spesielt med eit norsk OL-arrangement i Tromsø i 2018. Det ville betydd ei oppgradering av infrastruktur, ei profesjonalisering av reiselivet og marknadsføring [...]

Ein reduksjon på 180 prosent?

Klassekampen stiller i dag opp med overskrifta: “Vil ha utslipp ned 180%”. Eg er samd i at vi må redusere utsleppa, men sist eg sjekka var 100 prosent det same som alt. Kan nokon forklåre meg korleis ein reduksjon på 180 prosent er muleg?
     Del dette!

Jubler for skolelån

I dag sendte eg ut denne pressemeldinga. Lykkeleg over at regjeringa sett i verk ei ny ordning for rentefrie lån til bygging og opprusting av skolar og svømmehallar. Du legg kanskje merke til at meldinga er på bokmål, det er eit av dei kompromissa ein må inngå, dessverre.
——–
- Jeg er lykkelig over at regjeringa nå [...]

Det irske nei – betalt av USA?

Fleire media, mellom anna Der Spiegel og EUObserver melder om at det var amerikanske neokonservative som betalte for den irske nei-kampanjen.
Der spiegel siterer den franske europaministeren Jean-Pierre Jouyet frå eit møte i Lyon:
“Europe has powerful enemies on the other side of the Atlantic, gifted with considerable financial means.”
Vidare
He was putting the blame for the [...]

Maktbasen

NRK Brennpunkt har nyleg lansert maktbasen. Dette kunne vore eit godt verkty for å kartlegge kva interessar politikarane har. Det er eit viktig område å sette fokus på. NRK Beta, NRK sin blogg, spør om dette er nyttig. Ja, det er det. I alle fall om det som stod i basen er korrekt.
Eg har sjekka [...]