Kommunepolitikk, Politikk

Raudåte og bymøblar i formannskapet

Eg er så heldig at eg får møte i formannskapet i morgon, tysdag som vara. Dette er andre gongen, og eg må berre innrømme at eg synst det er ganske stort å få vere med der. Det er spennande og ikkje så lite skummelt. I kommunestyret er vi såpass mange at ein kan gjømme seg litt i mengda, slik er det ikkje i formannskapet. Uansett, nok om kjenslene mine og over til sakene.

Det er fleire saker ulike reguleringsplanar og dets like som vi skal sende ut på høyring. Mitt utgangspunkt i desse sakene er at vi skal vere ganske liberale med kva vi sender på høyring, og at den reelle handsaminga av sakene kjem etter høyringa. Det standpunktet kan ein godt kritisere, for ein høyringsprosess er ressurskrevande for alle involverte, og kanskje burde ein ikkje sende ut planar som vi ikkje trur kjem til å bli vedtatte? Uansett, det er ingen av planane som skal opp i morgon som eg synst det er vanskeleg å sende på høyring.

Det er ein av planane eg håper på mange innspel og kommentarar på. Det er kommunedelplanen for Sommarøy, Hillesøy og Brensholmen. Det er eit område av kommunen som eg ikkje kjenner veldig godt, og er derfor avhengig av å høyre frå folk som bur der ute om det er behov for å endre noko på planen. Som ei sidebemerking er dette eit av problema med kommunesamanslåingar. No ser det heldigvis ut til at det ikkje blir samanslåing med Karlsøy eller Balsfjord, så eg slepp å ha meiningar om reguleringsplanar for Storsteinnes eller Vannøya.

Reklamefinansierte bymøblar

Denne saka handlar om leskur, søppelbøtter, urinal og slike ting. I 15 år har vi hatt ei ordning der desse er finansiert gjennom reklame. Eit firma har fått oppdraget med å halde oss med desse tinga, og som motyting får dei selge reklameplass på desse bymøbla. I utgangspunktet synst eg at det er meir enn nok reklame i samfunnet, og at kommunen burde kunne klare å finansiere leskur og anna utan å invitere til meir reklame i i byen vår. Dessverre vil vel alternativet vere at vi anten ikkje får desse bymøbla eller at vi ikkje klarer å vedlikehalde dei på grunn av kostnaden. Dessverre seier ikkje saksframlegget noko om kva det ville koste kommunen å finansiere dette utan reklame. Det tenkjer eg er noko vi må finne ut av før vi bestemmer kva som skal skje her.

Dersom vi skulle bestemme oss for å halde fram med reklamefinansierte bymøblar tenkjer eg at vi og bør prøve å få på plass ei ordning med bysyklar. Ei bysykkelordning betyr at det vil vere syklar tilgjengeleg for folk å låne/leie i sentrumsområdet.

Tomt til Calanus

Raudåte

Så lenge vi har kontroll på ressursane og ikkje tar opp for mykje er det kjempepositivt at vi får ein fabrikk for å utnytte Raudåte-Calanus finmarchicus i Tromsø. Foto: NDLA/Terje van der Meeren

Dette er ei sak der Calanus får opsjon (rett til) å kjøpe ei tomt frå Tromsø kommune for ei framtidig etablering av ein fabrikk for å produsere omega-3 og marine peptider. Dette seier Calanus om det dei skal gjere i ein epost til kommunen:

«Kort oppsummert så står Calanus AS foran en industrialiseringsfase der vi utreder bygging av et industrielt pilot-/produksjonsanlegg for bioraffinering av marine råvarer, spesielt raudåte. Produktene som skal fremstilles vil være marine omega-3 oljer og prosesserte marine proteiner (peptider). Foreliggende planer tilsier et anlegg med en kapasitet på 5.000.000 kg råvare, et bygningsareal på 2-2500 kvadratmeter, og et tomteareal på minimum 4-5 mål»

Eg håper inderleg at Calanus etablerer seg i Tromsø. Vi er i konkurranse med Sortland om etableringa. Tromsø treng denne typen etableringar, og eg er glad for at vi kan vere med å legge til rette på denne måten.

Tromsøbadet

Administrasjonssjefen foreslår at Tromsøbadet skal driftast som eit kommunalt foretak. Det synst eg er ein god måte å gjere det på.

Resten av sakslista finn du nedanfor med lenker til saksframlegga. Er det noko du lurer på så ta gjerne kontakt, så skal eg prøve å svare.

Tittel

Saksdok

Vedlegg

PLAN 252 – FORSLAG TIL KOMMUNEDELPLAN FOR SOMMARØY, HILLESØY OG BRENSHOLMEN – TIL HØRING OG OFFENTLIG ETTERSYN

 Fremlegg Vedlegg(7)

PLAN 1801 – STRANDVEGEN 108 – OFFENTLIG ETTERSYN

 Fremlegg Vedlegg(16)

PLAN 1516 A – ENDRING AV REGULERINGSPLAN FOR EVJENVEGEN 92 OFFENTLIG ETTERSYN

 Fremlegg Vedlegg(11)

PLAN 1849 – REGULERINGPLAN FOR E8 RAMFJORD – ØSTRE TRASE

 Fremlegg Vedlegg(15)

PLAN 1611 – DETALJREGULERING EIDEKOLLEN – MINDRE ENDRING

 Fremlegg Vedlegg(9)

PLAN – 1830 – BEVARING AV FREDRIKSBERG – VINKELVEGEN 20A – 200/628,630

 Fremlegg Vedlegg(4)

OPSJONSAVTALE MED CALANUS AS FOR SALG AV DEL AV KOMMUNENS EIENDOM GNR. 125 BNR. 20

 Fremlegg Vedlegg(1)

PRINSIPPSAK VEDRØRENDE REKLAMEFINANSIERTE BYMØBLER OG LESKUR

 Fremlegg Vedlegg(2)

FREMTIDIG ORGANISERING AV TROMSØBADET

 Fremlegg Vedlegg(2)

FINANSRAPPORT PR 31.03.2017

 Fremlegg

TILSKUDD TIL RADART – NETTVERK FOR FRI SCENEKUNST 2017

 Fremlegg Vedlegg(2)

TILSKUDD TIL TOP OF THE WORLD INTERNATIONAL PIANO COMPETITION

 Fremlegg Vedlegg(1)

HØRING – EN MER EFFEKTIV OG FREMTIDSRETTET HJELPEMIDDELFORMIDLING – FOR ØKT DELTAKELSE OG MESTRING HØRINGSFRIST 21.05.2017

 Fremlegg Vedlegg(2)

KONTROLLUTVALGSSAK 33/17 – FORVALTNINGSREVISJONSRAPPORT BEREGNING AV EIENDOMSSKATT

 Fremlegg Vedlegg(3)

SØKNAD OM FRITAK AV VERV SOM MEDDOMMERE VED NORD-TROMS TINGRETT OG NYTT VALG 2017-2020 ARNE OLAV BERG

 Fremlegg

Få ein epost neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Standard
Politikk

Framtida langs kysten – aktivitetsplikt og andre pliktar

Midnattsol, Nordlys og vakre bilde er ikkje nok. Vi må og ha kontroll med ressursane langs kysten vår. Foto: Clemensfranz/Wikimedia Commons

Eg er frå Stamsund. Det er eit fiskevær i Lofoten. Det er og ein av dei plassane langs kysten som har ein fiskeindustri som får fisk frå trålarane til reiarlaget Havfisk. Ein av grunnane til det er at Havfisk har såkalla aktivitetsplikt knytt til trålarane sine. Det betyr at dei får kvoter frå oss alle mot at dei sikrar aktivitet og arbeidsplassar på land. Blant anna i Stamsund.

Når no fiskeriminister Per Sandberg foreslår å fjerne aktivitetsplikta og dei andre pliktene ulike trålarar har hatt som motyting for å få gratis tilgang til folket sin eigedom så kjem det til å få konsekvensar i Stamsund og i andre fiskevær langs kysten vår. I Stortingsmeldinga skriv regjeringa:

«Basert på tall for sysselsetting og vurdering av de enkelte arbeidsmarkedene er det grunn til å anta at de regionale ringvirkningene av en eventuell nedleggelse vil bli størst i Stamsund og Melbu i Nordland.»

Ein av hovudgrunnane til at eg engasjerte meg politisk i si tid og meldte meg inn i SV var torskekrisa på slutten av 80-talet. I Stamsund som så mange andre stader langs kysten merka vi denne krisa på kroppen. Vi gjekk i tog mot fiskeriminister Svein Munkejord og slåss for at fisken som var igjen skulle komme på land i fiskeværa langs kysten og skape verdiar, arbeidsplassar, liv og røre der. No er denne kampen igjen meir enn aktuell. Dersom vi fjernar pliktane til trålarane (mot ei lita avkorting i kvotene) så kan vi ikkje sikre at fisken faktisk vil vere med å skape liv og røre langs kysten. Vi gjev frå oss kontrollen. Og, dersom utviklinga fortsetter er det nok ikkje lenge til desse reiarlaga blir eigd heilt eller delvis av internasjonale gigantar som Unilever eller andre. Presset for størst mogleg forteneste vil skape press på å tillate utanlandsk og billig arbeidskraft. Vi, som bur langs kysten, mistar avkastninga av fisken og fisket. Allereie har mange stader langs kysten mista den retten dei hadde til fisk frå trålarane. No forsvinn dei siste.

Eg trur faktisk ikkje så stygt om Frp og Per Sandberg at eg trur at dette er målet dei har sett seg. Eg trur ikkje dei eigentleg vil denne utviklinga, men det er konsekvensen av politikken om høgreregjeringa får halde fram. Dersom Stamsund og andre fiskevær langs kysten skal ha ei framtid som fiskevær, som noko meir enn kulissar for turistar, så må vi vinne kampen om kontroll med ressursane langs kysten. Det er grunnen til at at SV sitt grunnlovsforslag er så viktig. Vi foreslår at grunnloven skal seie:

«Dei viltlevande marine ressursane er eigd av det nasjonale fellesskapet, og skal bidra til sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna. Nærare føresegner om forvaltninga av marine ressursar blir fastsette i lov.»

Dette stortingsvalet som kjem no blir eit avgjerande slag i kampen for dei store ressursane i havet vårt. Skal vi eige og forvalte dei saman, eller skal vi overlate til andre å hente verdien og overskottet av fisken.

Pliktene til trålarane er kanskje ikkje altomfattande viktig, men det er ein del av ei utvikling som går i feil retning. Trålarane fekk i si tid konsesjon og unntak frå deltakarloven fordi dei skulle sørge for aktivitet på land i den tida kystflåten ikkje kunne levere fisk. Dersom denne føresetninga fell bort, fell og grunnlaget for konsesjonane bort. Konsekvensen må bli at kvotane tilfell samfunna langs heile den nordnorske kysten som i dag skulle hatt fordelen av leveringsplikt og aktivitetsplikt.

 

Få ein epost neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Eg har retta nokre skrivefeil etter at dette innlegget vart publisert

Standard
Kommunepolitikk, Politikk, Troms og Tromsø

Bompengar, Folkeparken og Strand – nytt møte i byutviklingskomiteen

Det kan ikkje vere noko tvil om at den store saka i neste møte i byutviklingskomiteen er bompengesaka. Men, vi skal handsame fleire andre saker i tillegg. Reguleringsplanen for Folkeparken og Telegrafbukta, Brannordninga for Tromsø og ei detaljregulering på Strand.

Bompengar og byutvikling

Bompengar er ei stor og viktig sak for Tromsø kommune og innbyggarane i Tromsø. Den er stor og viktig av to grunnar. 1. Den gjev oss inntektar til å løyse fleire store utfordringar i trafikken i Tromsø, og 2. Den pålegg innbyggarane i Tromsø ganske store utgifter.

Eg trur det er rett å starte med utgangspunktet. Trafikk og transport er ei av dei tre store årsakane til CO2-utslepp i Noreg. Dei to andre store er industrien og oljeutvinning. Av desse tre er det berre industrien som har klart å redusere utsleppa sine. Dersom vi skal klare å begrense klimaendringane (det er for seint å stoppe dei) er må alle desse tre store sektorane redusere utsleppa. Innan samferdsel betyr det at vi må bli meir effektive når vi reiser. I biltrafikken betyr det at vi må legge til rette, mest, for bussane, men og for gåande og syklande. Det kostar dessverre pengar. Pengar vi kan få gjennom dette spleiselaget mellom innbyggarane i kommunen og staten. Dersom vi bilkøyrarar betalar fire milliardar i bompengar i løpet av 20 år så stiller staten med det same beløpet. Det er ingen tvil om at dette blir ei ganske stor ekstarutgift for mange, men det er nok naudsynt for å få gjort det vi skal gjere.

Kva skal pengane gå til? 45 prosent av pengane skal gå til vegtiltak. Sånn sett kan vi seie at nesten alt det bilistane betaler inn går tilbake til bilistane. Dei tiltaka som ligg inne i pakka no er:

·         Ny tunnel (Postterminal Langnes-Breivika)

·         F2 (Ny hovedveg flyplassen-Giæverbukta)

·         Tromsdalen E8; miljø, vegutbedring redusere barrierevirkning, trafikksikkerhet

·         Tiltakspakke Langnes; Vegutbedring/kollektivfelt/gang- og sykkel/trafikksikkerhet

·         Stakkevollvegen Nord; x Gimlevegen-x Ringvegen), støv/støy/trafikksikkerhet

·         Kvaløyforbindelsen; Ny bru Selnes-Langnes

Tretti prosent av pengane skal gå til infrastrukturtiltak for bussen. Nærmare bestemt:

·         Fremkommelighetstiltak for «Metrobuss Tromsø»

·         Fremkommelighet, fjerne flaskehalser, kollektivfelt øvrig linjenett for bybuss

25 prosent av pengane skal gå til trafikktryggleik, gåande og syklistar. Innafor denne delen ligg desse prosjekta:

·         Tiltak på sammenhengende hovednett for sykling og gåing, for effektivitet og trygghet

·         Etablere fortau på viktige kommunale veger som mangler tilrettelegging for gående.

·         Tilrettelegging for helårsbruk av viktige snarveger registrert i snarvegkartleggingen fra 2014.

·         Tineanlegg i fortausareal i Tromsø sentrum.

·         Bedre vinterdrift av anlegg for sykkel og gåing.

Alt i alt tenkjer eg at dette er gode og viktige tiltak for innbyggarane i Tromsø. Så vil det sikkert vere ulike meiningar om kostnaden er for store.

Eg tenkjer at det som ligg i innstillinga frå administrasjonen er bra. Men to ting er eg usikker på. Det eine er at eg gjerne skulle sett at vi kunne utvida perioden som går før du må betale på nytt. Per no ligg det inne i framlegget at du berre betaler ein gong per time uavhengig av kor mange bommar du passerer. Eg skulle gjerne sett dette utvida til 1,5 timar. Då ville mange fått moglegheit til å frakta ungane til trening og andre fritidsaktivitetar og berre betale ein gong for bompasseringa. Det ville lette byrda for mange barnefamiliar. Men dette fører jo og til mindre inntektar i systemet.

Det andre er dette talet på 600 millionar til drift og investering at sjølve bompengesystemet. Eg må innrømme at eg steila då eg såg dette talet. Det kan då ikkje koste to millionar å året å drifte ein ubemanna bomstasjon!? Dersom dette er riktig, så har vi ikkje rett teknologi. Det må vere mogleg å gjere dette betydeleg billigare.

I beregningane er det lagt inn ei lånerente på 5,5%. Det synst eg er alvorleg høgt sett i samanheng med det rentenivået vi har no.

Saksframlegget kan du lese her. Alle vedlegga til saka finn du ved å gå hit.

Folkeparken

Reguleringsplan for Folkeparken

Så til noko hyggelegare. Vi skal vedta ny reguleringsplan for Folkeparken. Her kunne eg lagt inn ein liten tirade om kor vanvittig det er at Opplysningsvesenets fond sit med store eigendomar rundt i landet samstundes som kyrkjegardane ikkje blir godt nok vedlikehalde. Men det får vente til ein annan gong. Det får halde med å seie at eg synst reguleringsplanen ser god ut. Men kom gjerne med innspel.

 

Saksframlegget kan du lese her. Alle vedlegga til saka finn du ved å gå hit.

 

Detaljregulering på Strand

Strandfeltet på Kvaløya er ikkje ferdig. Denne saka gjeld ei detaljregulering som er i tråd med overordna plan, reint bortsett frå at det er ei endring i innkøyringa til feltet. Det blir berre ei innkøyring noko som vil gje større trafikktryggleik i området. Også denne planen synst eg ser grei ut, men kom gjerne med innspel.

Saksframlegget kan du lese her. Alle vedlegga til saka finn du ved å gå hit.

Brannordning i Tromsø

Vi skal og vedta ei ny brannordning for Tromsø. Det er i motsetnad til kva ein skulle tru ein plan for korleis vi skal unngå brann i Tromsø og for å ha god nok beredskap om det skulle brenne. Eg synst planen ser veldig god ut. Men dette er ei type sak der eg må stole på fagfolka i stor grad. Men eg tar gjerne mot innspel. Dei springande punkta her er pengar. Dersom eg har forstått dette så treng vi ein bydelsbrannstasjon på Kvaløya og kanskje på fastlandet. Det er ikkje gratis. Ein ny liten brannbil til bruk i tunellane og parkeringshus treng vi og. Det får vi ikkje gjennom å vedta planen. Det får vi gjennom å sette av pengar i budsjetet. Det kan bli tøft, men naudsynt å få til.

Saksframlegget kan du lese her. Alle vedlegga til saka finn du ved å gå hit.

 

Alle sakene

Dette er sakslista for møtet med lenker til saksdokumenta:

0003/17 TENK TROMSØ – FASTSETTING AV BOMPENGEKONSEPT I TROMSØ SAMT ORIENTERING OM FORELØPIG TILTAKS- OG FINANSIERINGSPLAN  Fremlegg
0004/17 PLAN 1793 – REGULERINGSPLAN FOR FOLKEPARKEN M.M. ENDELIG VEDTAK  Fremlegg
0005/17 BRANNORDNING FOR TROMSØ KOMMUNE ROS TROMSØ BRANN OG REDNING  Fremlegg
0006/17 NY ORGANISASJONSMODELL FOR TROMSØ KOMMUNE – FASE 2  Fremlegg
0007/17 PRIVAT FORSLAG – TROMSØ KOMMUNES ARKITEKTURPRIS  Fremlegg
0008/17 PLAN 1836 – DETALJREGULERINGSPLAN FOR STRAND BOLIGFELT, FELT B4  Fremlegg

 

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Standard
Politikk

Kan ein sykkeltunnel på pålar vere med å løyse plassproblema langs Stakkevollvegen?

Prøv å sjå for deg ein sykkeltunnel på pålar langs Stakkevollvegen. Du flyt avgarde på sykkelen din medan du nyt utsikta til Tinden og ser ned på bilane under deg. Det er tørt, det er ingen motvind, medan skletta og Balsfjordvinden gjer det utriveleg på utsida av veggane av polycarbonat.

Hadde det ikkje vore fint med ein slik tunnel over Stakkevollvegen? Faksimile frå: http://www.aftenbladet.no/meninger/debatt/Sykkeltunnel-StavangerSandnes-Billigere_-enklere-og-raskere-a-bygge_-god-helseeffekt-nar-langt-flere-vil-sykle-536659b.html

Det er heilt sikkert mange gode argument mot dette forslaget, kanskje er det berre ein draum. Men vi treng draumar, og samtidig vil kanskje denne draumen vere med på å løyse nokre av dei plassproblema vi har med å utvide Stakkevollvegen.

Tromsø har eit ønske om å gjere Stakkevollvegn om til ein firefeltsveg med kollektivfelt, sykkelbane og fortau. Det tar mykje plass, plass vi ikkje har langs Stakkevollvegen. Kanskje kan ein del av løysninga vere å trekke sykkelbanen opp i lufta?

Bildet er henta frå ein artikkel i Stavanger Aftenblad om ein slik sykkeltunnel. Eg kan ikkje svare på om det vil vere lønsamt å bygge ein slik tunnel langs Stakekvollvegen. Det kjem sjølvsagt an på kostnaden, og på kva vi eventuelt sparer på å bruke mindre veggrunn. Den må vi jo kjøpe. Det ville jo og måtte vere mogleg å køyre av og på ein slik tunnel undervegs.

I Oslo har dei og hatt ein diskusjon om ein slik sykkeltunnel, også i Bodø har dei vore inne på noko liknande. Tromsø er jo ein by med mykje vêr. Det hender at det er litt vind, litt regn og litt snø, gjerne samtidig. Då hadde det vel vore greitt å kunne sykle under tak?

Eystein Husebye har laga ein plan for ein slik sykkeltunnel i Oslo. Han anslår kostnaden til ca 30 000,- kroner per meter. Men det inkluderer sykkelparkeringsstasjonar og treplanting langs tunnelen.

Eg er sjølvsagt ikkje sikker på om dette er lurt, men eg synst det er ein spennande ide. Kva trur dokker?

Standard