Fylkesting, Politikk, Vidaregåande

Stopp skolenedleggingane

Eg er fortvilt over det som skjer med skolane i Troms. Fylkesrådet vil legge ned eit utal linjer og tilbod rundt om i fylket. Tilbod som er viktig for elevane, skolane og lokalsamfunna i heile fylket. På toppen av det heile, som rosinene i pølsa kan du vel seie, varslar no fylkesrådet at dei vurderer å legge ned tre skolar, Gibostad, Rå og Sjøvegan.

produksjonsvaken

Det har vore diskutert nedlegging av skolar i Troms tidlegare. Dette er frå protestane mot nedlegging av Høgtun vgs.

Eg skjønnar at det er utfordringar i fylkeskommunen. Elevtalet i fylket går ned, det er store økonomiske utfordringar og det er store utfordringar på veg og kollektivtrafikk. Eg misunner ikkje fylkesråd Magnus Mæland den jobben han har akkurat no.

Utfordringa er at fylkesrådet ikkje vil auke pengebruken på skolane. Då må det skjærast ned. Eg meiner det er fordi fylkesrådet, med Ap og Høgre ikkje vil sjå den samfunnsøkonomiske verdien av skolane.

Det er sannsynleg at fleire vil avbryte skolegangen om dei må flytte heimanfrå. Det er ein kjempekostnad både for ungdomane og for samfunnet. Vi vil og oppleve at mange vil velje ei utdannings som ikkje er den dei ønska seg for å kunne bu heime. Det er sannsynleg at det og vil føre til at færre fullfører vidaregåande skole.

Samtidig veit vi at dei vidaregåande skolane er viktige kompetanse og kunnskapssenter i lokalsamfunna sine. Det er klart det får konsekvensar for mindre samfunn om 20 kompetansearbeidsplassar forsvinn. Eg trur fylkeskommunen påfører samfunnet større kostnader enn dei sparar ved desse tiltaka.

Noko av det som forundrar meg mest er at det ikkje ser ut til at fylkeskommunen har vurdert korleis ny teknologi kan gjere skoalne meir effektive og spare kostnader, mellom anna gjennom “flipped classroom” og bruke av videoteknologi og liknande for å samordne undervisninga på fleire skolar. Det er spesielt rart når vi i Troms har nokre av dei fremste kompetansemiljøa på dette i landet gjennom studiesenteret.no  og  Senter for IKT i skolen.

Eg meiner Mæland bør sette seg ned å ta ein alvorsprat med Pia Svensgaard og få ho til å forstå at det siste vi skal spare på er utdanning til ungdomane våre.

Dette er noko eg brenn for, og var grunnen til at eg og SV gjekk ut av fylkesrådssamarbeidet med Ap i 2009.

Standard
Fylkesting

Kommunesamanslåing

I det siste har vi sett tilløp til ein debatt om kommunesamanslåing. Partikameraten min frå Oslo, Ingvild Reymert tar til motmæle mot tvangssamanslåing, slik Civita og Hadia Tajik foreslår.

Eg meiner både dei som er for og dei som er mot kommunesamanslåing grip denne debatten frå feil ende. Eg skal kome tilbake til det, men lat oss først ta ein titt på argumenta.

Dei viktigaste argumenta for samanslåing har jamt over vore:

  • Dei små kommunane er dyre å drive, samanslåing vil spare pengar som vi kan bruke på betre tenester eller skattelette
  • Det er vanskeleg for mange småkommunar å rekruttere fagfolk
  • Fagmiljøa er små og sårbare i dei små kommunane
  • Samarbeidet mellom kommunane fører til underskott på demokrati

Dei viktigaste argumenta mot samanslåing er:

  • Små kommunar leverer jamt over gode tenester til folk
  • Kommunar handlar og om identitet til tilhøyrigheit
  • Små kommunar er demokratiske og gjev folk innverknad på politikken
  • Samanslåing vil føre til sentralisering og utarming av distrikta

Eg skal ikkje gå inn på gyldigheita av dei ulike argumenta. Eg meiner at mange av argumenta både for og mot er gode og gyldige. Spørsmålet blir då, kan vi få til noko av det dei som er for samanslåing vil, utan at vi taper viktige verdiar på det?

La meg då foreslå at vi grip denne debatten frå motsett ende. Vi har i dag 19 fylke i landet. Dei fleste av desse fylka er for små til å overta tunge statlege oppgåver, men for store til å løyse mange av dei problema dei små kommunane har.

Kan vi då tenkje oss å dele opp fylka. Slik at vi fekk mellom 50 og 100 fylke i landet. Desse nye fylka, la oss kalle dei syssel for å skilje dei frå dagens fylke, kunne løyst ein god del av dei problema vi har med småkommunar, utan at vi dermed taper dei verdiane småkommunane gjev oss.

Det kan gå an å tenkje seg at sysla overtar oppgåver frå kommunane, som barnevern, kommunehelseteneste og renovasjon. Område der det er samarbeid i dag og der det kan vere vanskeleg å rekruttere folk. Kommunane vil då bestå som politiske aktørar og framleis med viktige oppgåver. Det vil nok og bli naudsynt å føre tilbake til staten ansvaret for riksvegane og nokre av fylkesvegane. Nokre kommunar vil bli samanfallande med dei nye sysla og dermed få fleire og større oppgåver enn i dag.

Eg trur (men er langt frå sikker) på at dette er meir interessant å diskutere enn ein evig debatt om kommunesamanslåing. Oppgåvefordelinga mellom kommunane og sysla vil vi måtte diskutere mykje, og kanskje kan dette føre til eit meir desentralisert Noreg?

Kva trur du?

[poll id=»18″]

Standard
Feature, Fylkesting, Troms og Tromsø

Arbeidarpartiet vel Høgre

Pia Svensgård, Aps fylkesrådsleiar vel å halde fram samarbeidet med Høgre, framfor å velge ein sentrum-venstrekoalisjon. Foto: Troms Ap/Flickr

Nok ein gong ser det ut til at Troms Arbeidarparti vel å samarbeid med Høgre framfor å prøve å få til eit Sentrum/Venstre-samarbeid. Det er vanskeleg å tolke dette på noko anna måte enn som eit bevist politisk val av Troms Ap.

Fylkestinget i Troms har 39 medlemmar, og valresultatet gav den følgjande samansettinga:

  • AP    12
  • SV     2
  • Rødt   1
  • SP     3
  • KRF    1
  • V       2
  • H       9
  • FRP   6
  • KYST  1

Det er med andre ord fleirtal for ein koalisjon av AP, SV, Sp og V, eller om det er for høgrevridd for Ap så er det og fleirtal for Ap, Sp, Krf, V og Kystpartiet. Eg meiner det seier mykje om Ap at dei ikkje har prøvd å få på plass ein einaste av desse mulege koalisjonane. I reklamane i valkampen ba Ap oss gjere eit verdival i fylkestingsvalet – det kan verke som Ap har har valt verdiane til høgresida.

Eg har vanskar å sjå korfor Arbeidarpartiet gjer som dei gjer. Det kan jo sjølvsagt vere fordi høgrefolka på fylkestinget er trivelege folk, men eg synst det er ein dårleg grunn. Då gjenstår det tre viktige politiske grunnar til at Ap gjer som dei gjer. Det som skjer er berre politisk fornuftig dersom Ap er opptatt av å halde fram med å legge ned distriktsskolar, dersom dei ikkje er interessert i å gjere noko med anbudsutsettinga av kollektivtrafikken og dersom det å arbeide hardt for oljeutvinning er det viktigaste.

Eg lurer på kva resten av Troms Ap seier til dei vala toppane i fylkestingsgruppa har foretatt? Det kan jo ikkje vere på grunn av næringspolitikken til Høgre.

Standard
Feature, Fylkesting, Troms og Tromsø, Video

Ja til nordnorsk samarbeid

I dag har eit fleirtal på fylkestinget i Troms, dessverre meldt Troms ut av det nordnorske samarbeidet. Ap og Høgre med heftige heiarop frå Frp har bestemt at Troms skal vere seg sjølv nok.

Det er kanskje her i Tromsø vi over tid kan oppleve dei største utfordringane dersom det nordnorske samarbeidet bryt saman. Tromsø har mange landsdelsinstitusjonar, UNN og Universitetet er kanskje dei viktigaste. Dersom Nordland no over tid orienterer seg mot Trondheim og Trøndelag kan det få store konsekvensar. I eit lengre perspektiv kan vi komme til å sjå at pasientar i Nordland heller reiser til St. Olav i Trondheim heller enn til UNN og at studentane søker seg til NTNU.

Tromsø er kanskje den byen som vil tape mest på samanbrotet i det nordnorske samarbeidet. Foto: Signe Karin

 

Allereie i dag er flytilbodet innad i landsdelen er for dårleg, og det vi har er i stor grad avhengig av politisk press for å få det på plass. Om presset frå Nordland no blir i retning av betre kommunikasjon mot Trondheim heller enn nordover er vi på ein farleg gallei.

Ap, H og Frp set mykje på spel for ein heller tvilsam gevinst.

Nord-Noreg står framfor mange store og felles utfordringar:

  • Ny nasjonal transportplan
  • Ny langtidsmelding for forsvaret
  • Vidareutvikling av nordområdepolitikken
  • Auka skipsfart med utfordringar knytt til beredskap, redning og tryggleik
  • Vekst og utvikling i bergverksnæringa
  • Størst muleg utbytte av den petroleumsverksemda som dessverre kjem

For berre å nemne nokre få døme.

Skal vi få gjennomslag på desse områda på ting som er viktige for Troms treng vi allierte, vi treng vennar og vi treng folk å gjere felles sak med.  Vi kan ikkje og må ikkje stille oss i ein situasjon der vi øydelegg det nordnorske samarbeidet gjennom LU og generelt øydelegg det nordnorske samarbeidsklimaet.  I media kan det framstå som ei intern ueinigheit mellom dei to AP-fylkesrådsledarane i nord. Å sette heile det langvarige nord-norske samarbeidet i spill over slike konfliktar er verken framtidsretta eller klokt

 

Standard
Feature, Fylkesting, Troms og Tromsø

Det nordnorske samarbeidet

Kart over Nord-Noreg, eller Hålogaland i middelalderen. Legg merke til at det omfattar i alle fall delar av Nord-Trøndelag. Kjelde: Wikimedia Commons

Eg veit ikkje heilt korfor det skrantar, men akkurat no verkar det nordnorske samarbeidet å fungere akkurat som når ungane helst vil leike med den same leiken samtidig. La meg berre seie, det er sjeldan den konflikta blir løyst gjennom dialog. Det verkar heller ikkje som om Nordland og Troms får til ein dialog. Kanskje fordi dei begge vil leike med same leiken? Eller er det fordi det er dårleg personkjemi mellom fylkesrådesleiarane, begge frå Ap, slik det blir spekulert i media?

Eg veit ikkje, men eg er heilt sikker på om at lar vi det nordnorske samarbeidet rakne, så mistar vi noko verdfullt.

For mange av oss er samarbeidet i nord viktig. Det at vi i oNrd-Noreg står saman er viktig både for å halde ved like ein nordnorsk identitet og for å få gjennomslag i mange saker.

Nord-Noreg står framfor mange store og felles utfordringar:

  • Ny nasjonal transportplan
  • Ny langtidsmelding for forsvaret
  • Vidareutvikling av nordområdepolitikken
  • Auka skipsfart med utfordringar knytt til beredskap, redning og tryggleik
  • Vekst og utvikling i bergverksnæringa
  • Størst muleg utbytte av den petroleumsverksemda som dessverre kjem

For berre å nemne nokre få døme

Skal vi få gjennomslag på desse områda på ting som er viktige for Troms o glandsdelen treng vi allierte, vi treng vennar og vi treng folk å gjere felles sak med. Det er derfor skremmande å lese i media at det nordnorske samarbeidet gjennom LU kan vere i ferd med å kollapse

Vi kan ikkje og må ikkje stille oss i ein situasjon der vi øydelegg det nordnorske samarbeidet gjennom LU, og generelt øydelegg det nordnorske samarbeidsklimaet. I media kan det fremstå som ei intern ueinigheit mellom dei to AP-fylkesrådsledarane i nord. Å sette heile det langvarige nord-norske samarbeidet i spill over slike konfliktar er ikkje verken framtidsretta eller klokt.

På neste fylkesting kjem eg til å ta opp denne saka i ein interpellasjon. Eg kjem derfor spørre fylkesrådsleiar Pia Svendsgaard:

  1. Kva grep meiner fylkesrådet vi no må ta for å unngå kollaps i det nordnorske samarbeidet?
  2. Korfor er det ikkje muleg å finne gode kompromiss i LU?
  3. Korleis ser fylkesrådet for seg at det nordnorske samarbeidet reelt skal organiserast dersom Troms trekk seg ut av LU?

Kom gjerne med innspel i kommentarfeltet, både til argumentasjon og spørsmålsstilling.

 

Standard