Arbeid og trygd,Helse og velferd

Sjukepleiarar i streik

I går var eg glad for å få halde apell på streikemarkeringa til sjukepleiarane i Tromsø. Dei kjemper ein viktig kamp for lik løn for likt arbeid. Du kan lese meir om streikegrunnlaget her. Her kan du lese Nordlys sin reportasje frå markeringa i går. Les og gjerne Lill Sverresdatter Larsen sitt gode blogginnlegg om situasjonen. Larsen er nestleiar i Norsk Sykepleierforbund i Troms.

Foto: Rune Larsen

Dei seks sjukepleiarane som streikar her i Tromsø.

 

 

Dette er omtrent det eg sa i går:

Kjære sjukepleiarar

Hadde dokker fått løn som fortent måtte vi i alle fall dobla lønna, men verda er ikkje rettferdig. Og, i ei urettferdig verd er det kjempeviktig at vi har sterke fagforeingar som kjemper for det som er rett og det som er viktig. Lik løn for likt arbeid, uavhengig om du har NHO eller KS som motpart er eit sjølvsagt krav som har SVs fulle støtte.

På sett og vis kunne eg vore glad for at NHO ikkje vil betale det same som kommunane gjer. I Tromsø å manglar vi nesten 300 sjukepleiarar og vernepleiarar. Kanskje blir rekrutteringa lettare om løna i privat sektor er dårleg? Men det fungerer jo ikkje heilt slik. Realiteten er at den eine fort kan presse det andre ned.

Vi har ei regjering som ønsker å konkurranseutsette og privatisere heilt sentrale velferdstenester. Vi har ei høgreside i Tromsø som ønsker det same. Det skal visstnok bli billigare. Og vi veit at stort sett den einaste måten det kan bli billigare på er gjennom at løn og pensjon blir dårlegare. Derfor er det for SV heilt sentralt at ikkje dårleg løn gjer at meir blir privatisert og konkurranseutsett. Vi vil at dei sentrale velferdstenestene skal utførast av det offentlege – eventuelt i samarbeid med ideelle aktørar

For vi veit at det ikkje blir billigare å privatisere, å sette ut på anbud, å konkurranseutsette. Det ligg kostnader der, kostnader som må dekkast av kommunale budsjett og av arbeidstakarane som får dårlegare arbeidsforhold.

For dersom arbeidsforholda blir dårlegare, så trur eg at pasientane og får det dårlegare.

Streiken dokker er inne i no er ein rettferdig streik. Ein streik for betre løn for sjukepleiarar med lang ansiennitet, for ei betre sjukeløn. Ein viktig streik. Eg er spesielt imponert over dokker som er i streik her i Tromsø. Kurbadet følgjer allereie Spekter sin tariff så her er det ein solidaritetsstreik. I mitt hjarte finst ikkje større heltar enn dei som tar kampen i solidaritet med andre og ikkje for seg sjølv.

Sjukepleiarforbundet vart i årets oppgjør einige med alle andre arbeidsgivarar, men ikkje NHO. Det er viktig at NHO ikkje blir ein stad for arbeidsgjevarar som tilbyr billigare avtaler enn det som er inngått andre stader, på bekostning av de tilsette og bedrifter som ønsker å tilby sjukepleiarar gode vilkår. Ingen skal vinne anbud på sykepleiarane si bekostning.

Vi treng eit samfunn som er innretta for dei mange ikkje for dei få.

Standard
Helse og velferd,Troms og Tromsø

Satsar Helse nord på UNN?

Helse nord har laga ein Regional utviklingsplan for perioden fram til 2035. I denne planen legges ein god del av grunnlaget for kva tilbud vi som pasientar kjem til å ha. Det er fleire grunnar at vi som bur i Nord-Noreg bør vere litt bekymra for kva rolle Helse nord planlegg for UNN i denne planen. Det er særleg to ting eg har merka meg og som det er viktig at Tromsø kommune er tydeleg på overfor Helse nord.

UNN er det største sjukehuset i nord, men lite i andre samanhengar. Det gjev ekstra utfordringar. Foto: Frode Abrahamsen, UNN

Det første er at det er svært lite fokus på UNN si rolle som universitetssjukehus. Det er bekymringsverdig. UNN er eit lite universitetssjukehus som skal aksle ei svært viktig rolle for heile Nord-Noreg. Vi er avhengig av UNN dersom vi skal ha tilgang til den same kvaliteten og behandlinga som dei får i resten av landet – særleg på dei høgspesialiserte og vanskelege områda. Det å klare å halde opp kvalitet og kompetanse på UNN krev ei spesiell merksemd og satsing frå Helse nord si side. Denne planen bærer få spor av ei slik merksemd og satsing. Stort sett det einaste som blir sagt i planen om UNN si rolle er direkte avskrift frå den nasjonale helse- og sjukehusplanen. Har ikkje Helse nord eigne tankar og strategiar for utvikling av universitetssjukehuset? Mykje tyder på at det ikkje er slik.

Utdanning krev sterke fagmiljø

Planen er derimot ganske god på satsing på utdanning. Det er viktig. Det blir understreka behovet for utdanning i landsdelen for å ha legar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar i landsdelen. Det planen ikkje diskuterer er at mange av fagmiljø på UNN er små og sårbare. Det gjer spesialistutdanninga krevande. Dersom vi ikkje har eit heilt spesielt fokus på å utvikle fagmiljøa på UNN er det ikkje utenkeleg at det over tid også blir vanskeleg å halde oppe både kvaliteten og mengden av spesialistar som blir utdanna. Det vil igjen gjere det mykje vanskelegare også for dei andre sjukehusa i Helse nord å rekruttere den naudsynte kompetansen.

UNN som lokalsjukehus

Like utfordrande – spesielt for oss som bur i Tromsø og UNN sitt lokalsjukehusområdet – er at UNN som lokalsjukehus ikkje blir berørt i planen. I UNN-styret si høyringsfråsegn påpeiker dei dette. Andelen døgnopphald samanlikna med folketalet er 8% høgare ved Nordlandssjukehuset enn ved UNN, 19% høgare ved Helgelandssjukehuset, og 25% høgare ved Finnmarkssjukehuset. Til dette kommenterer UNN-styret: “En alternativ forklaring er at UNN på grunn av sine regionale funksjoner over tid har hatt mindre kapasitet til å tilby døgnopphold til innbyggerne som UNN har lokalsykehusfunksjon over

Er det slik at UNN må gjere heilt naudsynte prioriteringar av sin funksjon som universitetssjukehus og regionssjukehus og at denne prioriteringa går på bekostning av det vi som innbyggarar i Tromsø, og dei andre kommunane i UNN sitt område kan forvente av lokalsjukehuset vårt? Det er i alle fall ein heilt klar trend i retning av at dei pasientane som blir skrivne ut av UNN og sendt til kommunen er sjukare enn før og krev meir og meir avansert behandling enn før. Ein ting er at dette er dyrt for kommunen, men det kan vere verd å spørre om det er det beste for pasienten. Det kan og vere verd å lure på om det faktisk er lik tilgang på sjukehustenester.

For alle kommunane vil det bli utfordrande framover. Planen frå Helse nord legg opp til at fram mot 2035 skal 45 000 ligedøgn overførast frå sjukehusa til kommunane. Dette er ein av konsekvensane av at regjeringa reduserer løyvingane til sjukehussektoren. Kostnaden blir overført frå ein stat som vel å bruke dei største pengane på skattelette for dei som har mest frå før, til kommunar som allereie slit med å få økonomien til å gå i hop.

 

Standard