Arbeid og trygd, Politikk, Sosialisme

Vil du vite kva som vil skje i 2015 dersom du ikkje blir sint? Klikk her!

Skal 2015 bli det året då du mistar rettar du ikkje eingong visste at du hadde? Rettar som er så sjølvsagte at vi ikkje eingong har tenkt over dei? Det kan skje om vi ikkje er merksame. Ja, det handlar om fisk og arbeidsmiljølov. (vil du heller sjå enn lese? Video av denne bloggen nederst i saka.)

Gjennom tusenvis av år har det vore slik at fisken og retten til å fiske har tilhøyrt kystbefolkninga og fiskarane. Fisken var vår. Sakte har dette endra seg, fisken tilhøyrer i realiteten i dag båteigarane. Det har på mange måtar vore greitt, fordi båteigaren, fiskaren og kystbuaren er den same. Men, snart vil det kanskje ikkje vere slik. Eit utval har foreslått at den såkalla deltakarloven skal opphevast. Det denne loven seier er at berre aktive fiskarar kan eige fiskefarty med rett til å fiske.

Dersom denne loven blir oppheva ligg vegen open for at reiarlag vil eige fiskefartya og dermed retten til å fiske. I realtiteten vil dei då eige fisken. Tidlegare har overskottet av fiskeria hamna i kystsamfunna og vore med på å skape det gode liv. No vil overskottet hamne hos reiarlaga, sannsynlegvis børsnoterte og eigd av amerikanske «hedge funds».

Dersom ikkje vi alle er merksame på dette vil den blå regjeringa drive dette gjennom i Stortinget. Du er utfordra til å vere med å hindre dette.

Fridom, smak på det ordet. Det minner oss alt det gode og fine, om Nelson Mandela, om Sakharov om stemmerett. Korleis kan det då ha seg at ordet blir brukt om søndagsopne butikkar og endringar i arbeidsmiljøloven. Jau, det er kanskje slik at eg får det litt friare om eg kan velje å handle søndag i staden for på laurdag. Men, samstundes betyr det uendeleg mykje mindre fridom for dei som må jobbe på søndag for å halde butikken open for meg. Og, med dei foreslåtte endringane i arbeidsmiljøloven blir det ikkje enkelt å nekte. I dag er du som arbeidstakar beskytta når arbeidsgjevar vil ha tida di. Di tid saman med familie og vener er beskytta. Arbeidsgjevaren kan berre pålegge deg å jobbe kva tredje helg, og vil han at du skal jobbe overtid så får du faktisk overtidsbetalt.

Regjeringa foreslår å fjerne mykje av den fridomen som beskyttelsen i arbeidsmiljøloven gjev. Dei vil at arbeidsgjevar skal kunne pålegge lengre arbeidsdagar delvis utan overtidsbetaling, og du skal måtte jobbe helg oftare.

Felles for desse to sakene er at milliardane til dei som allereie har mest er meir verd enn menneska som utgjer samfunnet. Det er det som er høgrepolitikk.

 

 

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

 

PS. Beklager det dårlege forsøket på clickbaiting i overskrifta

Lese meir:

 

Standard
Politikk, Sosialisme, SV, Val

Korfor gjekk det så galt i for SV ved valet?

Eg trur det er to hovudgrunnar og ein drøss med tilleggsgrunnar. Eg trur dei to hovudgrunnane er at det har vore alt for lite debatt og politikkutvikling i partiet, og delvis som ein følgje av det første, vi har hatt ein for lite samhandling i organisasjonen.

Eg har vore så “heldig” å få vere med i den gruppa som fekk i oppdrag frå sentralstyret i SV å analysere katastrofen. Det har vore eit interessant arbeid, og du kan lese heile rapporten vår her. Gruppa har bestått av Stein Ørnhøi, Steinar Nørstebø, Line Gaare Paulsen, Ola Elvevold, Sanja Pasovic, Pål Julius Skogholt, Andreas Halse og Vibeke Johnsen. VG skriv om raporten vår her.

I den rapporten skriv vi nokre ting som eg vil framheve:

For mykje av energien i SV vart nytta til å handtere dei debattane som dukka opp kvar einskild dag, og for lite av dei samla ressursane i partiet vart sett inn for å utvikle politikk for morgondagen. Resultatet var at vi mangla nok konkrete og tydelege nye politiske framlegg å presentere for veljarane ved valet i 2013.

Dette trur eg er heilt sentralt for å forstå korfor det gjekk så galt. Debattane i partiet har handla om det vi har gjort i regjering, og i alt for liten grad om kva vi skulle i regjering å gjere. Partiet vart fokusert på notid og fortid og for lite på framtida. I tillegg må vi innsjå at det har vore ein mangel på gode debattarenaer i partiet. Mange, kanskje dei fleste lokallaga er for små til å drive fram slike debatter som vi treng, andre har noko vore for forsiktige. Med unnatak for ei debattliste på epost har vi heller ikkje hatt ein debattarena som er tilgjengeleg for heile partiet. Det er eit stort sakn som vi må få gjort noko med.

I rapporten skriv vi:

Partiorganisasjonen vart ikkje nok involvert i politikkutviklinga og i dei strategiske diskusjonane, avstanden mellom regjeringsapparatet og fylkes-og lokallaga vart for stor. Den disiplineringa av partiet som skjedde i første del av regjeringsdeltakinga, førte nok og til at lokallag og fylkeslag i for liten grad løfta fram nye saker og utfordra regjeringa sin politikk seinare i regjeringsperioden. Fleire har og opplevd at det har vore få arena for debatt i partiet der slike ting kunne drøftast.

Eg trur og at vi lulla oss inn i ei forståing av makt som er feil. Vi trudde vi hadde makt fordi vi sat i regjering, medan realiteten er at vi var i regjering fordi vi hadde makt.

Vi skriv:

Likevel har regjeringsdeltakinga i aukande grad vore prega av dei små, men likevel viktige sigrane. Våre største politiske sigre td ingen utstasjonering av atomvåpen, folkerøystingane om EU, barnehagereforma og oljefritt LoVeSe er vunne med kombinasjonen av folkeleg mobilisering og parlamentarisk arbeid utanfor og i regjering. SV må finne svara på korleis partiet kan søkje makt også gjennom regjeringsdeltaking utan å miste truverde og folkeleg støtte.

Eg trur at løysninga for å løfte SV opp til åtte til 10 prosent ved neste stortingsval går gjennom at vi klarer å ha meiningsfylte og utviklande politiske debattar i partiet. Det er berre slik vi kan utvikle ein sosialistisk politikk som folk kjenner seg igjen i. Eg trur noko av det aller viktigaste er å sjå korleis dei styringssystema vi har i det offentlege verkar disiplinerande og er med på å redusere fagfolka si rolle i det offentlege verksemda.

Eg trur og at det er viktig at vi snakkar om mykje meir enn skole og miljø. Vi må snakke meir om arbeidsliv, arbeidsplassar (også i det private) og økonomi. Det er ganske rart at kapitalismen har vore gjennom/er i ei stor krise samstundes som ikkje diskuterer det.

Eg trur eg vil avslutte med nok eit sitat:

Analysegruppa meiner at det er strategiske val gjennom lang tid som har ført partiet dit vi er i dag, og det er berre SV sjølv som sit med nøkkelen til å reise til SV i folket. Rekordmange veljarar har valt bort SV dei siste vala, det er alvorleg for partiet. Situasjon til partiet gjer det naudsynt å halde fram den politisk nyorienteringa av SV-prosjektet, -strategien og –profilen. Situasjonen i verda krev djerve visjonar kopla med gode, konkrete løysingar lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Dette arbeidet gler vi oss til å vere med på.

Eg håper du vil komme med dine kommentarar og kanskje hjelpe til med å finne vegen vidare for SV.

Standard
Politikk, Sosialisme, SV

Slå saman Raudt og SV?

Etter at både SV og Raudt gjorde dårlege val er det fleire som har tenkt tanken om at vi kanskje burde slå saman dei to partia, nokre meiner og at der er verd å ta med MDG i ein slik prosess.

Bakgrunnen er naturleg nok. Dei tre partia fekk til saman åtte mandat på Stortinget. Hadde dei vore eit parti som fekk dei same stemmene ville uttellinga vore 13 til 14 mandat.

Ei samanslåing av dei tre partia er på mange måtar ein fin tanke, men dessverre feil medisin.

Ein av dei som har tatt til orde for dette er Stein Ørnhøi. Han han skriv i Manifest tidsskrift :

Problemene er for store og truslene for alvorlige til at vi som hører til til venstre for det veletablerte Arbeiderpartiet skal fortsette å slåss hver for oss. Jeg har sterke personlige følelser knyttet til SV som parti. Men jeg ser at partiet ikke er politikkens egentlige mening. Svaret på hva som må gjøres, gjør jeg likevel veldig kort: Ved kommunevalget i 2015 bør SV, Miljøpartiet De Grønne og Rødt ha felleslister i de fleste norske kommuner. Ved stortingsvalget i 2017 bør det være bare ett parti til venstre for DNA, nemlig RGV – Rødgrønt Venstre

Sjølv så besnærande som dette kan høyrast ut, så er det feil bruk av tid. Ei samanslåing vil føre til uendelege diskusjonar om politiske vegval. Sjølv om vi til slutt skulle bli samde, vil ikkje alle bli med i eit nytt samla parti. Mange i MDG vil ikkje kalle seg sosialistar eller seie Nei til EU. Mange i Raudt vil ende opp med å meine at partiet ikkje blir radikalt nok. Vi kan fort ende opp med å bruke enorme mengdar tid og energi på å skape noko nytt som kanskje ikkje gjer det så mykje betre i val enn det SV gjer i dag.

Samstundes er den energien som har blitt brukt på ei samling, energi som ikkje blir brukt på å kjempe mot høgresida i politikken, som ikkje blir brukt på å kjempe for velferdsstaten eller for internasjonal solidaritet.

Eg tenkjer at det nok er nok med eit parti til venstre for Ap, men vil heller bruke energien min på samfunnskamp enn på intern partikamp.

Men eg har eit håp om at fleire i dag brukar energien sin i Raudt heller blir med i SV. Når Raudt ikkje kom inn på Stortinget i år etter at SV har vore i regjering i åtte år, og inngått kompromiss med Arbeidarpartiet som er ganske langt frå det vi eigentleg ønska, så er det lite truleg at Raudt vil klare det i overskueleg framtid.

Ei eventuell samanslåing må skje gjennom individuelle val og ikkje gjennom ein kollektiv prosess.

Sjå og Olav Sannes Vika sitt gode innlegg

Standard
Sosialisme, Troms og Tromsø, Utdanning

Tilgang på kunnskap

Aldri før har vi hatt større tilgang på kunnskap enn no. Internett har opna dørene til uante nye kunnskapskjelder. Det er kanskje berre ein type kunnskap som ikkje er blitt meir tilgjengeleg dei siste 20 åra, kunnskapen som finst på norske universitet.

Ja, eg veit eg spissformulerer meg. Kanskje i urettferdig stor grad (Til dømes blir det jobba bra på Uvett). Men Der dei store internasjonale universiteta gjer kunnskapen sin tilgjengeleg for alle, gjer norske universitet dette i for liten grad. Der ein internasjonalt ser store nye marknader sit dei norske universiteta i stor grad i ro.

Eg har vore opptatt av dette spørsmålet lenge. Studiesenteret.no er ein av dei aktørane som prøver gjere noko med dette i Noreg, der eg har gleda av å være vara til styret. Dagleg leiar Lars Utstøl seier på bloggen sin (les den):

Noe som ikke passet inn (enn si passet seg:-). I bunn og grunn er det vi har gjort  en god offentlig samhandling (mellom kommuner, fylker og høgskoler). Som fungerer i praksis. Vi har ganske “enkelt” prøvd å reorganisere tilgangen på høyere utdanning gjennom noen “enkle” prinsipper

Universiteta og høgskolane har i alt for stor grad vore nøgd med å tilby desentralisert sjukepleiar og lærarutdanning. Dette har vore viktig, men ikkje revolusjonerande. Det er eit heilt grunnleggande viktig poeng at bur du nær eit universitetscampus så har du større og billigare tilgang på kunnskap enn alle andre. Dette er det mogleg å gjere noko med om vi berre vil. Det er mogleg å trekke kunnskapen vekk frå Campus.

The Economist hadde ein artikkel i juleutgåva si som tok opp dette. Les heile, men det viktige poenget er:

Now online provision is transforming higher education, giving the best universities a chance to widen their catch, opening new opportunities for the agile, and threatening doom for the laggard and mediocre.

Dette samsvarer og med prorektor Curt Rice sin ståstad på twitter:

jo, men spørsmålet er hvilke institusjoner kommer til å forstå dette tidlig nok til å ikke tape mange studenter og posisjon.

Eg meiner vi bør sette oss eit mål om å sprenge veggane rundt kunnskapen som finst på Universitetet i Tromsø. Dersom Universitetet i Tromsø skal vere for og til heile landsdelen så er eit opent universitet måten å gjere det på.  Eg meiner at fusjonen mellom Høgskolen i Finnmark og Universitetet bør ha dette som eit mål. Universitetet skal kunne tilby ALLE sine kurs ved alle dei nye campusa. Studentar skal kunne vere på forelesningar, delta i seminargrupper og vere med i kollokvie utan å reise til Tromsø.

Dette vil vere eit steg i retning av å gjere kunnskapen tilgjengeleg for alle, og til ein pris alle kan betale. Så trur eg at vi må reversere noko av det som skjedde då bacheloren og masteren vart innført. Det må igjen bli mogleg å lese og studere på eiga hand for dei som vil og kan det, utan å måtte vere ein del av dagens regime med innleveringar oppgåver og tilstadevering. Det vil ikkje passe for alle, men korfor skal vi ha eit system? Kan ikkje kvar einskild av oss få lære slik vi gjer best, eller slik livssituasjonen vår gjer vi kan? Kanskje kan vi få eit systemmangfald som er tilpassa at folk er ulike?

 

Standard
Kristin Skogen Lund
Økonomi, Sosialisme

Hjelp, nokon skaper verdiar!

Kristin Skogen Lund

Kristin Skogen Lund er blitt ny sjef i NHO og vil ha fleire rike som skal sleppe å betale skatt. Foto: Peer Dahl/Wikimedia

Eg er sjølvsagt ein håplaust naiv og idealistisk sosialist som ikkje skjønner korleis samfunnet heng saman. Det får så vere. Eg blir opprørt når Norsk Wavin legg ned fabrikken sin i Alta, og 20 menneske mistar jobben sin, sjølv om dei produserer eit overskott på ein halv million per tilsett.

Men eg reknar med at det ikkje gjer noko, når dei tilsette får tilbod om å flytte frå Alta til Høland i Akershus. Høland er sikkert ein fin plass, men det er noko med måten folk blir invitert til å flytte dit.

Midt oppe i denne debatten har vi fått ein ny sjef i NHO. Kristin Skogen Lund verkar som ei drivande dyktig dame, men frå første stund er det tydeleg kven ho representerer.

Ho seier til Aftenposten:

-  Jeg mener det er ganske jevn fordeling i Norge i forhold til de aller fleste andre samfunn vi kan sammenligne oss med. Jeg tror ikke vi skal være så veldig redde for å la noen bli rike heller. Det er jo et resultat av at man har skapt verdier. Det er slik man blir rik, med mindre man vinner i Lotto, sier hun.

Openbart synst ikkje eigarane av Norsk Wavin at å tene ein halv million per tilsett var nok. Ein kan og spørre; er det eigarane eller dei som jobbar på Norsk Wavin som har skapt desse millionane.

Eg er ikkje redde for at nokon skal bli rike, men eg er bekymra når den nye NHO-sjefen i same intervjuet tar til orde for at dei som får inntektane frå arbeidet som skjer på Norsk Wavin i Alta ikkje skal måtte betale skatt av pengane. Det blir realiteten for mange «rike» om formuesskatten forsvinn.

Så lever eg godt med at Torbjørn Røe Isaksen sleng nokre sleivspark på bloggen sin, og mellom anna påstår at:

SV er alltid irritert på enhver NHO-sjef, og folk i næringslivet, de med litt høy lønn, de som er for flinke på skolen eller småblå sosialdemokrater.

Både han og dei fleste andre veit at berre det framfor først komma i den setninga er sant (og kanskje det etter «eller»).

Standard