Politikk, Sosialisme, SV, Val

Korfor gjekk det så galt i for SV ved valet?

Eg trur det er to hovudgrunnar og ein drøss med tilleggsgrunnar. Eg trur dei to hovudgrunnane er at det har vore alt for lite debatt og politikkutvikling i partiet, og delvis som ein følgje av det første, vi har hatt ein for lite samhandling i organisasjonen.

Eg har vore så “heldig” å få vere med i den gruppa som fekk i oppdrag frå sentralstyret i SV å analysere katastrofen. Det har vore eit interessant arbeid, og du kan lese heile rapporten vår her. Gruppa har bestått av Stein Ørnhøi, Steinar Nørstebø, Line Gaare Paulsen, Ola Elvevold, Sanja Pasovic, Pål Julius Skogholt, Andreas Halse og Vibeke Johnsen. VG skriv om raporten vår her.

I den rapporten skriv vi nokre ting som eg vil framheve:

For mykje av energien i SV vart nytta til å handtere dei debattane som dukka opp kvar einskild dag, og for lite av dei samla ressursane i partiet vart sett inn for å utvikle politikk for morgondagen. Resultatet var at vi mangla nok konkrete og tydelege nye politiske framlegg å presentere for veljarane ved valet i 2013.

Dette trur eg er heilt sentralt for å forstå korfor det gjekk så galt. Debattane i partiet har handla om det vi har gjort i regjering, og i alt for liten grad om kva vi skulle i regjering å gjere. Partiet vart fokusert på notid og fortid og for lite på framtida. I tillegg må vi innsjå at det har vore ein mangel på gode debattarenaer i partiet. Mange, kanskje dei fleste lokallaga er for små til å drive fram slike debatter som vi treng, andre har noko vore for forsiktige. Med unnatak for ei debattliste på epost har vi heller ikkje hatt ein debattarena som er tilgjengeleg for heile partiet. Det er eit stort sakn som vi må få gjort noko med.

I rapporten skriv vi:

Partiorganisasjonen vart ikkje nok involvert i politikkutviklinga og i dei strategiske diskusjonane, avstanden mellom regjeringsapparatet og fylkes-og lokallaga vart for stor. Den disiplineringa av partiet som skjedde i første del av regjeringsdeltakinga, førte nok og til at lokallag og fylkeslag i for liten grad løfta fram nye saker og utfordra regjeringa sin politikk seinare i regjeringsperioden. Fleire har og opplevd at det har vore få arena for debatt i partiet der slike ting kunne drøftast.

Eg trur og at vi lulla oss inn i ei forståing av makt som er feil. Vi trudde vi hadde makt fordi vi sat i regjering, medan realiteten er at vi var i regjering fordi vi hadde makt.

Vi skriv:

Likevel har regjeringsdeltakinga i aukande grad vore prega av dei små, men likevel viktige sigrane. Våre største politiske sigre td ingen utstasjonering av atomvåpen, folkerøystingane om EU, barnehagereforma og oljefritt LoVeSe er vunne med kombinasjonen av folkeleg mobilisering og parlamentarisk arbeid utanfor og i regjering. SV må finne svara på korleis partiet kan søkje makt også gjennom regjeringsdeltaking utan å miste truverde og folkeleg støtte.

Eg trur at løysninga for å løfte SV opp til åtte til 10 prosent ved neste stortingsval går gjennom at vi klarer å ha meiningsfylte og utviklande politiske debattar i partiet. Det er berre slik vi kan utvikle ein sosialistisk politikk som folk kjenner seg igjen i. Eg trur noko av det aller viktigaste er å sjå korleis dei styringssystema vi har i det offentlege verkar disiplinerande og er med på å redusere fagfolka si rolle i det offentlege verksemda.

Eg trur og at det er viktig at vi snakkar om mykje meir enn skole og miljø. Vi må snakke meir om arbeidsliv, arbeidsplassar (også i det private) og økonomi. Det er ganske rart at kapitalismen har vore gjennom/er i ei stor krise samstundes som ikkje diskuterer det.

Eg trur eg vil avslutte med nok eit sitat:

Analysegruppa meiner at det er strategiske val gjennom lang tid som har ført partiet dit vi er i dag, og det er berre SV sjølv som sit med nøkkelen til å reise til SV i folket. Rekordmange veljarar har valt bort SV dei siste vala, det er alvorleg for partiet. Situasjon til partiet gjer det naudsynt å halde fram den politisk nyorienteringa av SV-prosjektet, -strategien og –profilen. Situasjonen i verda krev djerve visjonar kopla med gode, konkrete løysingar lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Dette arbeidet gler vi oss til å vere med på.

Eg håper du vil komme med dine kommentarar og kanskje hjelpe til med å finne vegen vidare for SV.

Standard
Erna Solberg på valvaken. Foto: CF Wesenberg. Copyright: Høgre
Politikk, Val

Tida for spekulasjonar er forbi

Den nye regjeringa har allereie tatt til å gjere noko. Så då kan vi ta til å kommentere politikken. Og, sjølvsagt lyg overskrifta vi skal framleis spekulere. Struktur er minst like viktig som menneska. Derfor er det vel så interessant kva endringar den nye regjeringa har gjort i departementsstrukturen som kva folk som skal kle dei ulike embeta.

Den aller tydelegaste endringa er at fiskeridepartementet er årelatt. Dei bleike restane er overført til næringsdepartementet. Hamner og farleier er overført til samferdsel. Det er i seg sjølv interessant. Betyr det at vi får meir vekt på tranport og mindre vekt på fiskeri og fiskerihamner? Det blir i alle fall interessant å følgje med. Det er kanskje naturleg å overføre fiskeripolitikken til næringsdepartementet når det som gjer fiskerinæringa spesiell skal bort. Noko av det som har vore bra med fiskerinæringa er at ressursane har vore felleseige. Det skal det bli slutt på, fisken skal privatiserast for godt. Då blir skilnaden på å drive med fiske og å lage møblar liten.

Ei anna stor og viktig endring er at planavdelinga blir flytta frå miljødepartementet til det nye og store kommunaldepartementet. Eit departement som kanskje no bør skifte namn til innanriksdepartementet? Uansett er det no ei fare for at miljø blir mindre viktig i plansaker, eller så blir byråkratiet mindre effektivt. Dei fleste innsigelsane etter plan og bygningslova som kjem opp på departementsnivå gjeld miljøsaker. Eg reknar med at miljøverndepartementet framleis skal meine noko om dei? I så fall blir det meste meir tungvint. Det blir og Jan Tore Sanner i kommunaldepartementet som skal avgjere statleg plan for E8 til Tromsø, ikkje miljøvernministeren. Eg meiner dette er eit teikn på at miljø i alle fall i form av naturvern blir mindre viktig for den nye blå regjeringa.

Eg er og spent på korleis dei skal handtere EU og EØS-saker framover. Vidar Helgesen på SMK skal samordne desse. Det kan vere eit godt grep, men dei fleste EU-sakene er djupt faglege og spesifikke til eit tema. Fagkunnskapen om desse sit i dei ulike departementa, det kan kome til å bli tungvint dersom alt dette skal koordinerast frå SMK. Vi kan og fort få ein revirkamp mellom SMK og UD. Det vil ikkje vere bra.

Eit grep som eg trur kan bli bra er at klimapolitikken blir flytta til miljø. Den har i dag vore i finans og UD (regnskogsatsinga). Det er klart at finans er viktig og har tyngde i regjeringa, men det er nok likevel rett å samle dette på ein plass.

Uansett, lykke til, det kan bli spennande diskusjonar framover, og forhåpentlegvis mykje motstand mot den politikken som kjem

Sjå oversynet over alle endringar her

Standard
Erna Solberg
Politikk, Val

Mitt råd til Erna

Erna Solberg

Eg rår Erna Solberg til å lage seg ei lita regjering. Foto: Høgre (dei har copyright på biletet, og derfor gjeld ikkje den generelle CC-lisensen for bloggen min på dette biletet)

Eg har eigentleg ikkje noko tru på at Erna vil høyre på mine råd, spesielt ikkje om politikk. Eg skal derfor komme med eit råd på eit område som ikkje er partipolitikk, men som har med nye idear og betre løysningar å gjere.

Eg trur eit av dei problema mange norske regjeringar har er at det er vanskeleg å få 20 statsrådar til å trekke i same retning, langt mindre få dei til å gå i takt. Sjansen for dette er enno mindre når det er fleire parti involvert. Ein av grunnane til dette er at 20 personar er for mange. Det er ingen andre som ville finne på å ha eit dagleg operativt styre på 20 personar. Det er rett og slett ikkje effektivt. Ein av konsekvensane av dette er at du får eit underutval i regjeringa. Dette underutvalet blir den reelle leiinga av landet, medan resten av regjeringa strør sand på. Dette er problematisk. Ein ting er at underutvalet ikkje har nokon status i lov og grunnlov. Etter loven er alle statsrådane likestilte. Det andre er at underutvalet blir litt ad hoc, og får problem med å peike ut ei klår retning for regjeringa. Det blir heller ein måte å løyse kriser og konfliktar på.

Eg meiner det ville vore betre å formalisert det underutvalet viser at vi treng – ei mindre regjering. Dersom eg skulle sett saman ei regjering ville den hatt mellom sju og ni statsrådar. Helst sju. Det er lite nok til at du faktisk kan få til ei felles retning og til at du kan ha ei felles leiing av landet.

Ein konsekvens av dette ville vere at du måtte oppgradere statusen til statssekretærane til ein slags juniorministrar med ansvar for eigne saksfelt. Ein kan tenkje seg eit næringsdepartement med ein statssekretær med ansvar for skipsfart, ei for anna næring, ei for landbruk og ei for fiskeri.

Denne modellen ville sjølvsagt skape andre utfordringar. Mellom anna ville det vere eit problem at statssekretærane/juniorministrane ikkje har møterett for Stortinget. Det kan likevel la seg løyse.

Eg trur fordelen med ei tydelegare og kanskje strategisk leiing av landet vil vere større enn ulempane.

Standard
SV, Troms og Tromsø, Val

Valet i Tromsø på kart

Det er mange interessante ting når ein ser på valresultatet kretsvis i Tromsø. Det er to ting som slår meg svært tydeleg. SV er eit parti hovudsakleg for folk på Tromsøya. Medan Frp har sine beste resultat i distriktstromsø. Bjerkaker på sørspissen av Tromsøya er einaste kretsen der SV er større enn Ap. Det er samstundes MDG sin beste krets.

På dette kartet har eg teikna inn SV si oppslutning i dei ulike kretsane. To atterhald som gjeld generelt. I kartet eg har brukt var ikkje alle kretsane teikna inn. Eg har prøvd å teikne desse grensane for hand. Derfor kan grensane vere litt usikre. Dette er basert på tala slik eg fann dei på Tromsø kommune sine nettsider klokka 2200 den 11.09. Det er før stemmer utanfor krets er fordelt. Det er og verd å merke seg at førehandsstemmene ikkje er fordelt på krets. Det skaper sjølvsagt litt usikkerheit.

valkart2-SV

Eg synst det er slåande å sjå kor konsentrert til sentrum SV sine røyster er 68 % av SVs valtingstemmer kom frå sjølve Tromsøya. Det betyr at omtrent 45% av SV sine stemmer i heile Troms kjem frå denne eine holmen. Men dette betyr og at dersom SV kan løfte seg i Kroken, Tromsdalen, Tomasjord og Reinen til omtrent same nivå som på Tromsøya så har partiet eit stort potensiale. Det hadde vore interessant å lagt dette kartet over eit kart som viser utdanningsnivå, demografi og inntekt. Det får bli ein annan kveld.

Men dei raud-grønne partia generelt lir litt av det same som SV. Dei er sterkast i dei sentrale områda.

valkart2-raud-gronne

Det er berre tre kretsar der Raudt, SV, Ap og Sp kjem opp i 50 prosent samla. Desse tre er Stakkevollan, Hamna og Sommerlyst. Men parti er over 45% i alle kretsane på øya unntatt Bjerkaker der Ap gjorde eit svært dårleg val. Det er og overraskane at Senterpartiet er under seks prosent i mange av distriktskretsane i Tromsø.

Kva konklusjonar kan vi trekke av dette? For det første har vi ein jobb å gjere for å klare å kaste byrådet om to år. Men det er mogleg. Dei raud-grøne pluss Raudt og MDG har i dette valet 48% i Tromsø. Klarer vi å halde fast ved dette mot kommunevalet skal det små endringar til for å klare dette. Vi har ei samla utfordring med å heve oss på fastlandet og i distrikta. Men klarer vi løfte Tomasjord, Tromsdalen, Reinen og Kaldfjorden til 45% raud-grønt så må byrådet gå.

 

Standard