SV,Val

Asylpolitikkens Lofoten

Oddny-Miljeteig_large

Røystar du SV, lovar eg at du gjev di røyst til eit parti som aldri vil gje opp kampen for ein human asylpolitikk og som vil kjempa den kampen «hver eneste dag», kvar einaste dag! Og fremst for den kampen står asylborna og dei einslege mindreårige.Basta. skriv Oddny Miljeteig i dette blogginnlegget. Foto: Stig Marlon Weston

«Vi trenger et parti som tar miljøkampen hver eneste dag – selv om de ikke alltid vinner. Derfor stemmer vi SV den 9. september.» Slik skreiv tre miljøforkjemparar med bakgrunn frå Natur og Ungdom i Dagsavisen heilt nyleg.

Gjesteblogg av Oddny Miljeteig, Bergen

Asylpolitikken er ei av mine fremste politiske hjartesaker. Og for meg er spørsmålet om asylborna asylpolitikkens Lofoten, Vesterålen og Senja – og Mørebankane. Det handlar om kjernen, om det aller, aller viktigaste. Å kjempa for ein human asylpolitikk er eit sisyfosarbeid. Ein siger vert aldri vunnen for alltid, og ein må vera budd på nordavind frå alle kantar og dei mest nedrige og finurlege åtak. Human asylpolitikk-partia på Stortinget er SV, Krf og Venstre. Det gjev ikkje fleirtal, for å seia det forsiktig. Og alle tre partia har opplevd den nådelause kjøtvekta i regjering. Somme av oss hugsar framleis Jarn-Ernas asylpolitikk i Bondevik II. Vi hugsar også at vi fekk kjempa gjennom det fyrste «amnestiet» for asylborna under Bondevik II, initiert og kjempa fram med Bergen som arnestad. Vi hugsar at dei raud-grøne gjekk til val på ein meir human asylpolitikk i 2005, vi hugsar det andre «amnestiet» for asylborna i 2007 – og vi hugsar SVs dissens i 2008 då Ap med fylgje av SP strama inn asylpolitikken – med eit overveldande fleirtal i Stortinget bak seg. Asylpolitikkens jarntriangel i Stortinget – Ap, H og Frp – har komfortabelt fleirtal, for å seia det mildt. Då SV gjekk tilbake ved forrige stortingsval, var det ikkje minst den humane asylpolitikken som tapte kjøtvekt, og det viste tydeleg att i Soria Moria II.

I sivilsamfunnet står kravet om ein human asylpolitikk sterkt. Kyrkja er krystallklår, både når det gjeld dei papirlause og asylborna. Det humanitære Noreg, som Røde Kors, Redd Barna, Amnesty, Norsk Folkehjelp, FN-Sambandet – oppramsinga kan gjerast mykje lengre. Men dei får ikkje gjennomslag. Ikkje til kvardags. «Streng og rettferdig», har vorte mantraet – og «rettferdig» har fått den merkelege tydinga at ein meir human asylpolitikk vil vera urettvis overfor dei som til no har fått avslag. Ein slik argumentasjon gjer sosiale framsteg og reformer umoglege og definerer eigentleg norsk trygde- og sosiallovgjeving som svermeriske, historiske feilsteg.

Dei siste fire åra har vore harde for den humane asylpolitikken. Det veit SV betre enn nokon andre, for det er vi som har stått i den daglege kampen i det raud-grøne regjeringsfleirtalet. Dvs. vi veit det ikkje betre enn alle andre, for asylpolitikken handlar om einskildmenneske. Den «strenge og rettferdige» asylpolitikken har gong etter gong vist seg å «tryna» når han treffer einskildmenneske. Og mange av dei som i utgangspunktet stør ein «streng og rettferdig» asylpolitikk, dei tverrvender i møtet med einskildmenneske og familiar som dei kjenner. Difor har det oppstått støttegrupper for Nathan, Neda og Yalda – og for mange fleire. Desse har måtta kjempa også mot ei asylforvaltning, UDI og UNE, som har lagt dei strengaste fortolkingar av lov, føresegner og politiske signal til grunn – og ikkje har teke inn over seg internasjonale konvensjonar som Noreg har ratifisert og er bundne av. Barnekonvensjon, Torturkonvensjon, Flyktningekonvensjon…… dei finst, og dei gjeld, for og i Noreg.

Eg stålset meg til 10. september. Dei som seier at asyl- og flyktningepolitikken ikkje vil kunna bli verre med ei blå-blå regjering, dei kjem i bokstaveleg forstand til å oppleva ein mørke-blåmåndag. Berekraftutvalet til FRP, som behendig lekka utgreiinga si då valkampen butta imot for partiet, har ikkje arbeidd for moro skuld. Erna Solberg visste kva ho gjorde som asylminister i Bondevik II – og ho hugsar det garantert i 2013.
I dei siste fem åra har eg jamt fått høyra, når det har vore tale om asylpolitikk: «Jammen det er då din regjering!». Men eg har forvalta SV sin asylpolitikk. Som landsstyremedlem og som lokalpolitikar. Og i lag med SV på fylkesplan og sentralt har vi pressa på i stort og smått for å flytta fjell og sprengja rom for humanisme. Ridaya frå Bergen høyrer under Maria Amelie-regelen. Dei einslege mindreårige under 18 år skal koma under barnevernet – uansett kor lenge vi må kjempa. Vi gjev oss aldri. Og vi gjev oss aldri i kampen for asylborna. Ikkje nasjonalt, ikkje lokalt. Ikkje på bakromma, ikkje i det offentlege rom.

SV har fått kritikk for å vera usynlege, for ikkje å kjempa nok, for ikkje å vinna fram i asylpolitikken. Eg meir enn forstår frustrasjonen når eg veit kor desperate situasjonar støttegrupper og støttespelarar for heilt ekte menneske står overfor. Men eg er heilt viss på dette: hadde vi sett ein utveg til å få meir gjennomslag for vår asylpolitikk, ja, så hadde vi teke den vegen. Og eg har fylgt nøye med. Meir enn dei fleste. Difor er det eg går i rette med dei som meiner at asylpolitikken «ikkje kan bli verre». Det er livsfårleg å byggja kampen for ein human asylpolitikk på illusjonar. Skulle det verta forhandlingar om ei Soria Moria III, veit eg at SV vil kjempa for ein human asylpolitikk med tyngda av kvar einaste røyst vi måtte få. Vert det (mørke)blå regjering etter valet, kjem vi framleis til å kjempa for ein human asylpolitikk med all styrke vi på nokon måte kan mobilisera. Kampen for ein human asylpolitikk er ei samvitssak, ei sak om menneskeverdet, som SV korkje kan eller vil prioritera vekk – om vi vinn eller taper 9. september.

I desse dagar ser eg både godt nytt og ikkje-godt nytt i sosiale media som gjeld asylborn. BT har nett skrive at UDI vurderer Ridaya sin søknad om arbeidsløyve. Og så er det val måndag. Det er uansett også eit val om norsk asylpolitikk. Det finst ingen eigen røystesetel for asylpolitikken. Røystar du SV, lovar eg at du gjev di røyst til eit parti som aldri vil gje opp kampen for ein human asylpolitikk og som vil kjempa den kampen «hver eneste dag», kvar einaste dag! Og fremst for den kampen står asylborna og dei einslege mindreårige.

Basta.

 

 

Standard
Politikk,SV,Troms og Tromsø,Val

Dagens meiningsmåling – litt rar

torgeir Knag Fylkesnes kan bli den einaste representanten frå Troms som seier nei til oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Om alle gode kreftar samlar seg.

Torgeir Knag Fylkesnes kan bli den einaste representanten frå Troms som seier nei til oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Om alle gode kreftar samlar seg.

Kanskje er det berre vi politiske nerdar som er sjukleg opptatt av meiningsmålingar som bryr oss, men dagens måling i Nordlys var interessant.

Målinga for Troms er omtrent der eg ville forventa ut frå det vi elles veit. Det mest interessante er likevel to ting. Ap er igjen det største partiet i fylket og SV er nærmast å ta mandat. Det mandatet vil SV eventuelt ta frå Høgre. Dersom situasjonen mellom dei tre største partia blir omtrent som denne målinga indikerer (Ap 28,5, H 24,1 og Frp 18,1) betyr det at grensa for å stele Høgre sitt andremandat ligg på ca 12 prosent. Det vil seie at summen av SV 7%, Raudt 2,8% og MDG 2,3% er nok til å vinne eit distriktsmandat i Troms – med 719 stemmers margin.

Alternativet til at SV vinn eit mandat i Troms er at fylket berre blir representert av stortingsfolk som er for oljeutvinning utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Det er kanskje til ettertanke for dei som har tenkt å stemme på Raudt og MDG?

No har SV i Troms gode sjansar på utjamningsmandat, men det er no alltid litt lotto.

Målinga for Finnmark er rett og slett litt rar, spør du meg. Og, det gjer du kanskje i og med at du sit og les bloggen min? Eg har vanskeleg for å tru at Ap har 50% oppslutning i fylket. Spesielt etter at fiskeriministeren frå Ap ikkje ville stille krav til levering av fisk frå Røkke sine trålarar. I tillegg blir det spennande å sjå kva som skjer med sjukehuslista ved valet. I denne målinga får dei 10,4% (Andre, eg reknar med at det er sjukehuslista) og manglar 1250 stemmer på å stele Høgre sitt mandat i Finnmark. Men eg må innrømme at eg har vanskar med å sjå for meg eit valresultat der Ap får tre og sjukehuslista eitt mandat i Finnmark.

Dersom ein skal tru tabellane har og Raudt 31% oppslutning hos dei over 65 år i fylket, og 10% totalt. Tillat meg å tvile på det. Alt i alt, så har eg lyst til å avskrive denne målinga for Finnmark som ein ekstrem ‘outlier’ med lite informasjonsinnhald.

Nordland er meir i tråd med andre målingar og litt mindre spennande enn spesielt Finnmark. Men det er likevel store sprik hos nokre av partia mellom målingane. For SV sin del i Nordland har dei tre siste målingane vist 2,7; 8,4; og 4,2 Målinga på 8,4 kom då debatten om Lofoten, Vesterålen og Senja var på sitt heitaste. Spriket er likevel litt for stort til å tru på, kanskje ligg sanninga sånn midt i mellom. Skal eg tippe seks prosent?

Til slutt, her er mitt tips for valreusultatet i dei nordnorske fylka til hausten:

Finnmark: Ap 2, H 1 og Sjukehuslista 1 (utjamning til SV)
Troms Ap 2, H 1, Frp 1 og SV 1 (utjamning til Sp eller V)
Nordland: Ap 3, H 3, Frp 1 og SV 1 (utjamning til Krf)

Korleis trur du det blir? Skriv i kommentarane

Oppdatert: Nordlys og inFact laga ei ny måling for Finnmark. Den vart litt meir truverdig.

Standard
Michele Bachman
Feature,Politikk,Val

Primærval i Noreg?

Michele Bachman

Michele Bachman tar del i primærvala for å bli republikanarane sin kandidat ved presidentvalet i USA. Burde vi finne nye måtar å velje ut kandidatar i Noreg og? Foto: Gage Skidmore/Wikimedia

Leiaren i Unge Venstre er til ei forandring ute med eit interessant og positiv sak på TV2 i dag. Han meiner at norske parti kan ha mykje å lære av korleis amerikanarane vel kandidatane sine. Eg trur og det, men har og nokre ikkje heilt ubetydelege motførestillingar.

Politikken handlar i utgangspunktet om meiningar og visjonar for samfunnet, men det handlar og om at vi skal velje leiarar som skal sette desse visjonane ut i live.  Eg trur det er på tida at vi tar inn over oss at dei strukturane vi har for å peike ut folk og politikk – dei politiske partia ikkje lenger er masserørsler. Det er i realiteten ganske få menneske som tar vala som blir retningsgjevande for kommunen, fylket eller landet. Det bør vi gjere noko med.

Men, først, la meg ile til å seie, eg trur dei fleste som ikkje er politisk aktive ville blitt overraska over kor lite som skal til for å få reell innverknad i eit politisk parti – i alle fall når ein har lært kodene og spelereglane å kjenne. Sånn sett er det norske politiske systemet ganske opent for alle.

Men alle deltar ikkje – heller ikkje alle medlemmane i dei politiske partia.

Eg trur derfor at det er rett å ta til å eksperimentere med andre prosessar, prosessar som i større grad inviterer til deltaking. Ein eller anna form for primærval kan vere vegen å gå. Eg vart veldig skuffa då landsstyret i SV sa nei til å avgjere leiarvalet i SV gjennom ei uravstemming. Eg trur det kunne vore ein måte for mitt parti å opna opp prosessen.

Eg er likevel stolt av at vi i Troms har bestemt oss for å halde ei rådgjevande uravstemming om dette spørsmålet. Denne avstemminga vil gje råd til våre delegatar på landsmøtet. Eg er spent på deltakinga i denne avstemminga.

Eg kjem og til å foreslå på årsmøtet i Troms SV at vi skal halde ei bindande uravstemming om nominasjonen til neste stortingsval. Og, eg håper fylkeslaget vil vere med å opne opp prosessen på denne måten.

Utfordringane er likevel mange. Korleis skapar vi opne prosessar om kompliserte politiske spørsmål – det er enklare med personval?  Kom gjerne med gode innspel. Og, det kanskje aller viktigaste, korleis unngår vi at slike prosessar gjer politikken enno meir personfokusert?

Det er trass alt politikken og ikkje kandidatane som er det viktigaste – ikkje sant?

[poll id=»13″]

Eg har tidlegare skrive om korleis vi kan bruke sjølvmeldinga for å ha ei folkeavstemming om korleis vi skal bruke pengane våre. Det innlegget kan du lese her.

Standard
Feature,Miljø,Sosialisme,SV,Troms og Tromsø,Val

Gode venna

Eg sendte ut denne eposten i morres. Legg den og ut her:

Du får denne eposten fordi du på eit eller anna tidspunkt har havna i adresselista mi. Eg stiller til val til kommunestyret i Tromsø, og eg vil gjerne bli valt inn saman med ei sterk SV-gruppe. Derfor skriv eg denne e-posten til deg. Eg håper du vil stemme på SV ved valet no i haust.

Tromsø er ein fantastisk by å bu i. Vi har eit spennande kulturliv, vi er ein open og inkluderande samfunn der dei fleste kan finne seg til rette. Men, vi har og store utfordringar i byen og kommunen. Desse håper vi i SV på di støtte til å gjere noko med.

Det er tre ting vi er spesielt opptatt av. Skolane, barnehagane og SFO er gode i Tromsø, men kan bli enno betre. Vi må ta godt vare på ungane våre. SV i Tromsø meiner derfor at vi må sørge for at klassane for dei aller minste ikkje blir for store. Eg vil jobbe for at vi skal ei ei norm om at lærarane som hovudregel ikkje skal ha ansvar for meir enn 15 elevar. Vi må sørge for at alle lærer å lese å skrive så tidleg som muleg.

Den andre store utfordringa er å sørge for at bussane går oftare og blir billigare å bruke i Tromsø. Det er eit viktig klimatiltak, men det er og viktig for å gjere byen attraktiv for studentane og for at alle dei som ikkje har bil skal få eit godt transporttilbod. I tillegg må vi sørge for gode og samanhengande sykkelvegar i byen.

Den tredje store utfordringa er å klare å utvikle næringslivet i Tromsø. Det nyttar ikkje med skolar, bussar og eit godt kulturliv om det ikkje er gode arbeidsplassar i byen. Eg trur kommunen kan gjere meir for å legge til rette for at all den kunsnkapen som finst på Universitetet i større grad blir utnytta til å starte nye bedrifter.

Eg håper på din stemme og di støtte i dette arbeidet, og at du derfor stemmer SV ved valet. Vi er eit godt lag. Gunhild Johansen er ein dyktig varaordførar, og ho må få fortsette som det. Saman med meg på toppen av lista har vi ellers Ingrid Kielland, Terje Håkstad, Suzanne Heide og Jens Revold. Alle folk med kapasitet, kunnskap og engasjement. På dei to meiningsmålingane i dag i VG og iTromsø mangla SV henholdsvis 29 og 186 stemmer på det neste mandatet. Alle stemmer tel og er viktige!

Er du interessert i å finne ut meir om kva eg tenkjer, kan du lese til augo blir store og firkanta på bloggen min, www.skogholt.org eller send meg ein e-post så skal eg svare etter beste evne. Eg blir og veldig glad om du sender denne e-posten vidare, gjerne med ei personleg anbefaling om å stemme på SV.

Uansett, gode venn, bruk stemmeretten din ved valet.

Standard