Feb 04 2008

Vidaregåande skole i Troms - debatt og innspel

Eg er veldig glad for den “nye” skoledebatten som har starta. Berre gjennom debatt og meiningsbryting kan vi komme oss vidare.

På denne sida håper eg på å få innspel til korleis den vidaregåande skolen i Troms kan gjerast betre. Eg vil og gjerne ha generelle innspel i den skolepolitiske debatten. På denne måten håper eg at elevar, lærarar, foreldre og andre kan vere med å sette dagsorden for korleis den vidaregåande skolen i Troms skal utvikle seg.

Du kan lese eit blogginnlegg om den nye skoledebatten her.

Kronikken min om framtida til Tromsø maritime skole finn du her

Denne sida har dei følgjande undersidene.

5 kommentarar to “Vidaregåande skole i Troms - debatt og innspel”

  1. Pål Julius Skogholton 02 Mar 2008 at 7:56 pm

    Denne uttalelsen vart vedtatt på årsmøtet til Troms SV:

    Vidareutvikling av den norske skolen

    Troms SV meiner at den norske skolen har mange kvalitetar som det er viktig å ta vare på. Vi har elevar som har evne til å tileigne seg kunnskap, elevar som trivst, elevar som kan tenke og resonere, elevar med mykje kunnskap, og ikkje minst har vi dyktige lærarar som brenn for arbeidet sitt. Dette gjev oss eit fantastisk godt grunnlag for å vidareutvikle den norske skolen. For sjølv om skolen er god har han og manglar. Internasjonale undersøkingar tyder på at vi ligg for lågt når det gjeld kunnskap i ein del basisfag. Det tyder at vi må satse meir på lesing, skriving og mattematikk. Dette er grunnleggande kunnskap som må til for å utvikle seg fagleg.

    Troms SV meiner at det aller viktigaste grepet for å over tid gjere den norske skolen betre er tidlegare innsats for dei elevane som slit. Det er ofte for seint å sette inn spesialtiltak når eleven nærmar seg ungdomsskolen. Skolen må ha ressursar til å sørgje for at dei som ikkje heng med i den faglege utviklinga får den naudsynte hjelpa med ein gong denne utviklinga blir tydeleg.

    Ein god skole har og plass til meir enn teoretiske fag. Meir praktisk og estetiske fag er saman med kroppsøving ein sentral del av å utvikle heile mennesket. Samstundes er det ingen tvil om at elevane treng avbrekk frå teoriundervisninga. Desse avbrekka vil gjere elevane betre teoretisk, men og gje dei mulegheita til å utvikle seg på andre viktige område. Vi skaper ikkje heile menneske gjennom lesing, skriving og matte åleine. Troms SV vil derfor oppfordre kommunane til å ta i bruk dei mulegheitene dei har for å utvide tidsbruken på desse faga. For å få dette til er det naudsynt med fleire lærarar i skolen. Samstundes må læraren si tid i størst muleg grad nyttast direkte i undervisning og minst muleg tid må gå bort i byråkrati. Troms SV meiner det er naudsynt å nøye gå gjennom korleis arbeidstida i skolen blir brukt.

    Den største utfordringa i vidaregåande skolen er at alt for mange fell frå og ikkje gjennomfører skolen. Dei som ikkje gjennomfører vidaregåande skole får stort sett ei lausare tilknytting til arbeidslivet enn andre, og har større sjanse for å bli uføretrygda i ung alder. Troms SV vil peike på at ei meir praktisk yrkesretta utdanning kan vere eit av fleire svar på denne utfordringa. Troms SV vil vere ein pådrivar for å få til ei betre yrkesretta utdanning i samarbeid med kommunane og næringslivet i Troms for ungdom som har vanskar med å fullføre ei teoretisk utdanning. Vi i SV er nøgd med at fylkesrådet i Troms har vedtatt eit nytt yrkesretta utdanningstilbod og dette vil SV fjølge nøye opp. Troms SV vil og peike på feilval som ein viktig faktor, og ber fylkesrådet få fortgang i arbeidet med betre karriere og yrkesrettleiing i samarbeid med NAV, kommunane og næringslivet. Troms SV vil likevel peike på at dette og har samanheng med ting som skjer utanfor skolen. Foreldra har ein svært viktig funksjon også for elevar i vidaregåande skole. Dei er ein viktig faktor korleis foreldre og samfunn ser på skolen, skolearbeidet og korleis dette blir følgt opp.

    Læraren sin kompetanse og entusiasme er heilt grunnleggande for fagleg god undervisning både i grunnskolen og i vidaregåande skole. Det er ingen tvil om at løn vil vere eit viktig hjelpemiddel for at vi og i framtida skal kunne tiltrekke oss dei beste lærarane.

  2. Thomas90on 25 Apr 2008 at 10:28 pm

    God kveld Pål. Mitt navn er Thomas Tennvassås og jeg er elev ved Breivika Videregående Skole i Tromsø.
    Vi var for et par måneder siden på besøk ved fylkeskommunen, og ble oppfordret til å besøke denne siden.

    Som du ser har jeg fulgt oppfordringen og har her tenkt til å ytre min mening om nøyaktig hva som kan bli forbedret ved de videregående skolene per dags dato.

    Det har seg slik at menneskekroppen fungerer optimalt med mat i magen. Mat er kroppens drivstoff, og det er allmennkunnskap at en bil uten drivstoff ikke kommer seg noen vei. Vel, slik har jeg fått merke at det er med menneskekroppen også.
    Når jeg kommer på skolen har jeg som oftest fått i meg en solid frokost, noe som gjør det lettere for meg å konsentrere meg om hva som blir sagt og rett og slett hva som foregår på tavla.
    Men ettersom timene går og kroppen har tatt opp energien som var å hente i frokosten min, merker jeg med en gang at jeg blir slapp og trøtt - noe som gjør det forbasket vanskelig å henge med i svingene.

    Ved Breivika har vi ei elevkantine, dette er vel og bra jeg synes det er topp at de tilbyr noe som metter ordentlig istedetfor å måtte ta seg tid til å smøre en matpakke om morgenen, som både blir tørr og harsk utover dagen om som ikke er noe spesielt god og spise.
    Saken er den, mat er ikke gratis - og det har jeg fått oppleve gjennom de snart to årene jeg har gått her på skolen. Til sammen bruker jeg bortimot 60-70 kroner dagen på mat og drikke, slik at jeg skal klare og følge med i timen.
    Nå vet jeg nøyaktig hvor mange skoledager det er i året, men jeg vet at prisen jeg må betale årlig for mat på skolen kommer helt opp i noen sure tusenlapper.

    Dette bringer meg fram til spørsmålet mitt til deg:
    Er det noe som kan gjøres for at maten som tilbys i skolekantinene i Troms kan gjøres billigere (eventuelt gratis)?
    De tusenlappene skulle jeg helst sett at gikk til noe annet, skjønner du.

    Jeg vil da bare avslutte med å takke for din oppmerksomhet og for at du har tatt initiativet til å lage en slik side. Er greit å vite at det faktisk er noen som leser det man skriver, lytter til det og tar det inover seg.

    Mvh,
    Thomas Tennvassås

  3. Pål Julius Skogholton 26 Apr 2008 at 6:21 pm

    Gode spørsmål som eg ikkje umiddelbart kan svare på. Behovet for påfyll av mat utover dagen er stort for mange. Eg skulle ønska vi kunne ha klart å redusere prisane i kantina. Vi skal no ha ein større gjennomgang av korleis vi driv elevkantinene, og kanskje kan vi få gjort noko med prisane. Eg vil likevel ikkje love noko. Sannsynlegvis vil det koste noko å redusere prisane, og dei pengane må komme frå ein plass.

  4. Thomas90on 28 Apr 2008 at 9:01 pm

    Ja det er jo klart, penger vokser ikke på trær som de sier. Men trodde det var meningen at skole i Norge skulle være gratis, og skolemat er jo en del av skolehverdagen er det ikke? Selv om det ikke er på GRUNN av at man går på skole at man behøver og spise, det må man jo uansett.
    Lurte bare på om det var aktuelt å gjøre noe med prisene i det hele tatt, ettersom du har bedt om innspill fra oss elever.

    TT

  5. Pål Julius Skogholton 29 Apr 2008 at 8:28 am

    Ja, det er aktuelt å gjere noko med prisen. Men eg vil nok i utgangspunktet prioritere andre ting. Vi har enno eit stykkje igjen å gå før skolen reelt sett er blitt gratis. Regjeringa har bidratt med gratis skolebøker og stipend til elevane. Det er ein god start. Vi har ein del igjen på materiell i undervisninga, PC-kostnader ol. Dette bør vi vel kanskje ta først?

Trackback URI | Comments RSS

Legg igjen eit svar

Lukk
E-mail It