Jun 04 2008
Framtida til maritim utdanning i Troms
Dei maritime næringane er viktige i Troms. Og den maritime utdanninga er eit grunnleggande fundament for å utvikle næringa.
Eg har som fylkesråd sendt eit dokument på høyring om denne saka fordi eg ønskjer innspel på korleis vi best kan utvikle den maritime utdanninga i Troms. Dokumenta finn de her. Eg håper de tar dykk tid til å lese og reflektere over korleis vi på best måte kan utvikle utdanningane, og på best måte kan vere med på å auke verdiskapinga i næringa.
Fylkestinget vil få denne saka til handsaming i oktober. Den saka som kjem til fylkestinget vil vere basert på innkomne høyringsinnspel. Eg vil nytte høvet til å takke Tor Gabrielsen ved Tromsø Maritime Skole, som har ført denne utgreiinga i penna for eit svært godt gjennomført arbeid.
Vi veit at næringa kjem til å bli viktig i framtida, og vi veit at mange ungdommar drøymer om ei framtid i næringa. I dette dokumentet har vi prøvd å peike på ein del viktige utviklingstrekk, og kva desse vil bety for utdanningane i Troms.
Eg gler meg til å høyre frå dykk. Eg opnar for ein diskusjon og for innspel her på bloggen. Svar som kjem hit vil likevel ikkje inngå i den offisielle høyringa. Det som kjem her vil vere eit bidrag til refleksjon og forståing. Send gjerne innspela både her og til postmottak@tromsfylke.no
Eg har tidlegare skrive om Tromsø maritime skole her
Heile handlingsplanen for maritim utdanning finn du her.
Fristen for å levere høyringssvar er 1. juli. Diskusjonen her kjem til å vere open inntil fylkesrådet har avlagt innstilling.

[...] Framtida til maritim utdanning i Troms [...]