Småplukk

Juleribbe og juletapas

Det er no eigentleg litt underleg at svineribbe skal vere det ypperste å ete julekvelden. Det er så viktig at det blir politisk strid om ein foreslår å ete noko anna.

Korfor er dette underleg, jau fordi jula i dag er ei kristen høgtid, vi feiar at “det er oss en frelser født” og i følgje bibelen så skal vi ikkje spise gris:

Herren sa til Moses og Aron:  Sei til israelittane: Dette er dei dyra som de kan eta av alle dyreslag på jorda:  Alle som har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, og som jortar, kan de eta. Det er berre desse de ikkje må eta av dei som jortar eller som har klauver: kamelen, for han jortar, men har ikkje klauver, han er urein for dykk;  og fjellgrevlingen, for han jortar, men har ikkje klauver, han er urein for dykk;  og haren, for han jortar, men har ikkje klauver, han er urein for dykk;  og grisen, for han har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, men jortar ikkje, han er urein for dykk.  Kjøtet av desse dyra må de ikkje eta, og dei daude kroppane må de ikkje røra. Dei er ureine for dykk.

Så er det jo og litt artig at grashopper spesielt er tillatt å ete i følgje bibelen, men det har kanskje ikkje så mykje med norsk juletradisjon å gjere?

Juleribba er det siste bolverket mot islamsk overtaking av Noreg skal vi tru Odin56. Foto: Lars Røed Hansen

Juleribba er det siste bolverket mot islamsk overtaking av Noreg skal vi tru Odin56. Foto: Lars Røed Hansen

Men like relevant i ein diskusjon om norske juletradisjonar er det at ribba er ganske ny julemat i Noreg. Går vi hundre år attende i tida så var det mange som ikkje hadde komfyr. Og, utan steikeomn er det vanskeleg å lage seg ei ribbe. Det krev sin kokk å steike ribbe på spidd over grua. Det fanst heller ikkje så mange grisar i Noreg dersom vi går tilbake i tida.

Då blir den maniske reaksjonen til Odin56 på at dei skal spise juletapas på Stortinget ganske komisk:

 Så til og med Stortinget kryper og bøyer seg i støvet for muslimer – og gir avkall på sine juletradisjoner for at de ikke skal «støte» et kravstort brautende lite mindretall i Norge. Fy faen hvor kvalm jeg blir av feige norske politikere som ikke tør stå opp og hevde sine lange tradisjoner.

Dette er ein av dei mildare reaksjonane ein kan finne på divere forum og diskusjonssider.

Senterpartiets Sandra Borch er og tydeleg på facebooksida si:

Ser at Arbeiderpartiets Cecilie Terese Myrseth sier ja til juletapas som julemiddag på fylkestinget til neste år. Jeg advarer, jeg kommer til å protestere. Ja til juleribbe!#verdiradikal v.s #verdikonservativ

Eg må innrømme at eg ser fram til fakkeltoget utanfor fylkeshuset i protest mot juletapasen. Reknar med at protestane blir minst like omfattande som protestane mot skolenedleggingane.

Nei, skal du følgje norsk tradisjon så er det nok torsk eller graut med store mengdar heimbrygga øl som er det einaste rette.

Forøvrig synst no eg du skal spise det du synst er godt til jul. Sjølv fjellgrevling om du så skulle ønske

Standard