Tag Archives: høgre

Feitare politikarar – slankare elevar

Overskrifta lyg sjølvsagt, gjer ikkje alltid overskrifter det? Om politikarane blir feitare veit eg lite om, men eg veit det blir fleire og dyrare politikarar i Tromsø, medan det blir mindre pengar til skolane og elevane. Dette er kanskje hovudinntrykket etter å ha lest høgrebyrådet sitt framlegg til budsjett for 2012. I tillegg er det read more »

Kva vil skje i Tromsø?

Den 19. oktober tar det nye regimet over styringa av Tromsø. Øyvind Hilmarsen blir leiar for eit byråd samansett av Høgre, Venstre og Framstegspartiet. Kva konsekvensar vil dette få for folk i Tromsø, og på kva måte vil Tromsø vere annleis om fire år? Her er min spådom. Eg trur vi vil sjå ei omfattande read more »

Arbeidarpartiet vel Høgre

Nok ein gong ser det ut til at Troms Arbeidarparti vel å samarbeid med Høgre framfor å prøve å få til eit Sentrum/Venstre-samarbeid. Det er vanskeleg å tolke dette på noko anna måte enn som eit bevist politisk val av Troms Ap. Fylkestinget i Troms har 39 medlemmar, og valresultatet gav den følgjande samansettinga: AP    read more »

Heller eige enn leige

Høgres Øyvind Hilmarsen spør i eit lesarinnlegg om det ikkje blinker varsellamper for SV med omsyn til at gjelda er i ferd med å bli stor i Tromsø. Jo, det er ingen tvil om at det hadde vore hyggelegare å vere gjeldfri, det trur eg dei fleste av oss kan skrive under på. Men, faktum read more »

Koalisjonen av dei villige

Så har Tromsø fått ein borgarleg allianse. Høgre, Venstre og Frp har gått saman og publisert eit manifest som dei skal styre byen etter. Dersom vi trekk frå alle honørord og det vi alle er samde om, så gjenstår to ting. 1. mistillit til kommunalt tilsette og tru på at private gjer alt betre og read more »

Uetisk av Eidsmo

Eg reknar det som uetisk å seie at andre har dårleg moral, særleg når du har lite å støtte deg til av faktisk kunnskap. Nordlys skriv: Arne Eidsmo mener deler av det [sjukefråver] skyldes dårlig arbeidsmoral. Dette blir ikkje underbygd i artikkelen. Derimot viser eit par raske nettsøk fleire interessante ting. Sist gong vi diskuterte read more »

Rangerte skolar

Høgre er svært opptatt av å rangere skolane i Tromsø. Magnus Mæland har lagt ut tala for dette på bloggen sin. Det minste ein måtte kunne forvente er at han gjorde nokre forsøk på å analysere korfor ein skole er betre enn ein annan. Utan ein slik analyse som gjev ei retning for forbetring fortel read more »

Fleire barnehagar i Tromsø

I morges leste eg iTromsø og Nordlys og klarte å la meg provosere av ein privatiseringskåt Magnus Mæland frå Tromsø Høgre, iTromsø siterer han frå Nordlysartikkelen: – Den rødgrønne allergien for private barnehager har ført til store investeringer og økt gjeld for kommunen og Partiet hans ønsker nå at det legges bedre til rette for read more »