Tag Archives: Kristin Halvorsen

Kva no, vesle parti?

Valet gjekk omtrent som forventa – dessverre. Her i Tromsø ser vi ein tilbakegang på 1,5 prosent. Når eg skriv dette manglar vi fem stemmer på å ta det tredje mandatet, så eg har håp til fintelling og stemmer utanfor krets. Det viktigaste er likevel at dette valet maner til ettertanke både lokalt og sentralt. read more »

Likskap for loven?

Eg vart opphissa av Dagsrevyen 21 i dag. Det var eit innslag med Jens Stoltenberg som opna valkampen med å skryte av at han vil fjerne likskap for loven og innføre stavnsband i Noreg. Stoltenberg seier til VG: – Regjeringen vil blant annet foreslå at asylsøkere som begår kriminalitet i åpne rusmiljøer i de store read more »

500 millionar til miljøteknologi

I dag varslar Kristin Halvorsen og Erik Solheim på vegne av regjeringa at Noreg vil satse 500 millionar på utvikjling av miljøteknologi frå 2011 til 2013. Dette er eit godt prosjekt, som eg er svært glad vi no får på plass. Vi vil bruke tida fram til statsbudsjettet blir lagt fram på detaljane i korleis read more »

Kva no – vesle parti?

Valet er over, og veljarane har talt. Det var godt at det framleis blir raud-grønt fleirtal i landet, men resultatet til SV plagar meg. Eg synst det er trist at ikkje miljø vart ei viktigare sak i valkampen. Eg trur likevel vi skal innrømme at vi og kunne gjort ting annleis. Kanskje ikkje i valkampen. read more »

Hadde han ikkje ein kokk?

Eg har ikkje sjekka, men eg antar dei fleste skriv om Stein Rik Hagen for tida. Det er kanskje ikkje så rart for utflyttinga har sett på spissen ein del heilt sentrale politiske spørsmål. Eg synst kanskje Jens Ulltveit-Moe (av alle!) sa det best til TV2: «– Hagen føler formodentlig at hans formue er noe read more »

Hurra for barnehagane

Frå og med neste veke har eg tre barn i Templarheimen barnehage i Tromsø. Ein av dei mange nye barnehagane i Tromsø – som eit dirkete resultat av at SV og Kristin Halvorsen var tøffe i trynet og lova barnehageplass til alle barn. Det har vi så godt som klart, og vi ville ikkje klart read more »

Finanskrisa – vi treng styring av marknaden

Finanskrisa har vist oss fleire ting. Den viktigaste lærdomen frå krisa så langt er at skal marknaden fungere så må han styrast, til tider med hard hand. Ein frislept marknad er ustabil og vil føre til kriser med jamne mellomrom. Eg er godt nøgd med korleis denne regjeringa har styrt Noreg. Vi har brukt litt read more »

Flott Kristin

I dag er eg nok ein gong stolt over partiet mitt. Det gjer godt at SV ikkje vart med på denne innstramminga. (Sjå og SV si eiga pressemelding her)Det er ei innstramming som vanskeleg kan sjåast på som noko anna enn eit forsøk på å vinne tilbake røyster frå Frp. Eg trur det vil vere read more »