Archive for Sør-Afrika

You are browsing the archives of Sør-Afrika.

Dansande president

Dansande president

Jacob Zuma dansar, og tilhengjarane hans dansar. Til og med den største opposisjonsleiaren Helen Zille og leger i streik dansar. Alle dansar i dette landet, og ein kan ikkje alltid vete om dei er sinte eller glade når dei dansar. Men det er ingen tvil om at partileiaren for Democratic Alliance, den kvite Helen Zille [...]

Arbeid viktigare enn hus

Arbeid viktigare enn hus

Ferial og familien kjøpte eit hus for eit år sidan, men slektningane til selgjaren ville ikkje flytte så dei måtte gå rettens veg for å få dei ut. Det hjelpte ikkje heller så politiet måtte til verks. Det fortel noko om boligsituasjonen i Sør-Afrika. Dei hadde sannsynlegvis ingen plass å flytte til. Ferial har ei [...]

Juleforteljinga held fram. “Eg greidde det!

Juleforteljinga held fram.

I går møtte eg Monica. Smilande. Slank. Pynta med halskjede, øyredobbar, ettersitjande klede og ein glatt parykk. Eg hugsar frå før også at ho likte å pynte seg. Somme gonger kom ho med rastahår, somme gonger med glatt parykk og somme gonger med sitt eige naturlege småkrusa bustehår. «Eg er frisk. Heilt frisk,» seier ho [...]

Kvitvin og mannssjåvinisme

I dag spiste eg lunsj på utekafe i nabolaget med ein pensjonert professor i pedagogikk. Ho er afrikandar, og ho fortalte meg at kulturen hennar er svært mannssjåvinistisk og valdeleg. Las ho i avisen om menn som hadde drept heile familien, kunne ho sjå at det var eit afrikandarnamn. «Ja, slikt hender i dag,» sa [...]

Fotball og fred

I dag spelte det norske landslaget i fotball vennskapskamp mot det sør-afrikanske landslaget og kampen vart overført direkte på TV. Jacob Zuma, som er leiar av ANC, og president Monlanthe var begeistra til stades og helste på nordmennene etterpå, men dei kunne gratulere sine eigne. Det var dei som vann 2-1 over nordmennene. Eg kan [...]

Dalai Lama – uønska i Sør-Afrika

Dalai Lama - uønska i Sør-Afrika

Nettopp landa i Cape Town igjen etter 3 vintermånader i Norge, kastar eg meg over avisene for å prøve fange opp kva som går føre seg for tida. Reknar med at det er innspurten til valet 22.april som pregar avisene, men det er det ikkje. Nei, her er det side opp og side ned om [...]

God Jul frå Sør-Afrika

God Jul frå Sør-Afrika

Dagen startar tidleg i Sør-Afrika. I 6-tida er det fullt lys og frå 7.etasje i Twin Tower i Cape Town ser eg mosjonistane gå kappgang eller jogge på strandpromenaden ved Atlanterhavet. Eg tar på meg badedrakten og ein shorts utanpå og vandrar bortover langs havet ein kilometer for å svømme i det over 50 meter [...]