Tag Archives: Skole

Feitare politikarar – slankare elevar

Overskrifta lyg sjølvsagt, gjer ikkje alltid overskrifter det? Om politikarane blir feitare veit eg lite om, men eg veit det blir fleire og dyrare politikarar i Tromsø, medan det blir mindre pengar til skolane og elevane. Dette er kanskje hovudinntrykket etter å ha lest høgrebyrådet sitt framlegg til budsjett for 2012. I tillegg er det read more »

Ja, det blir høgrepolitikk

Det er jo ikkje det minste rart at vi får høgrepolitikk i Tromsø kommune i dei neste fire åra. Høgresida vann valet med klår margin. Eg synst likevel det er litt skremmande å lese i klårtekst kva byrådet har tenkt seg med Tromsø dei neste fire åra. Konkurranse og privatisering er mantraet i byrådserklæringa. Men read more »

Maks 15 elevar i kvar klasse

Internasjonal skoleforsking viser talet på elevar i kvar gruppe/klasse betyr mykje spesielt i småskolen. Derfor vil SV sørge for at i første klasse i skolen i Tromsø skal ein lærar ikkje ha ansvar for meir enn 15 elevar. Det er i første klasse vi legg grunnlaget for lesing og skriving. Då må vi vere heilt read more »

Kva er det Høgre og FrP ikkje vil ha?

Høgresida i politikken i Tromsø klager mykje. Dei klager på nesten alt i Tromsøsamfunnet, mens eg veit at det er mykje bra i Tromsø, men sjølvsagt og ting som kan bli betre. Det som kanskje forundrar meg mest er at høgresida klager på at vi har investert i skolar og barnehagar i Tromsø. Derfor spør read more »

Hurra for valfag

Eg vart veldig glad for dagens oppslag i VG om at Kunnskapsminister Kristin Halvorsen vil gjeninnføre valfaget i ungdomsskolen. Eg trur dette kan vere med på å redusere fråfallet i den vidaregåande skolen og gje betre akademiske resultat for mange. Då eg var fjorten var eg ein lesehest, og gjorde det ganske godt på skolen. read more »

SV fokuserer på læring – Høgre på sortering

Kent Gudmundsen og Høgre kan ikkje ha likt at eg påpeika at Høgre vil privatisere skolen. Han svarer i alle fall ikkje på den utfordringa. Vedstår ikkje Høgre seg sin eigen politikk? Her svarer eg på Kent Gudmundsens innlegg; «SV uten fokus på innholdet i skolen» som du finn her. Det eg har sett frå read more »

Høyre på skolebenken

Dersom Kent Gudmundsen hadde stilt til ein prøve så dårleg forberedt som lesarinnlegget hans; «Høyre er skolepartiet»; gjev inntrykk av er eg redd det hadde blitt for dårleg karakter til å komme inn på lærarskolen. Det er openbart at Høgre treng ein runde på skolebenken før dei seier noko meir om skole. Gudmundsen skriv i read more »

Sjakk, OL og skole

Visste du at dei som speler sjakk frå ung alder gjer det 14 prosent betre på skolen enn dei som ikkje speler sjakk? Ikkje eg heller, før eg i dag hadde eit møte med Susan Polgar. Polgar har vunne stort sett det som finst å vinne innafor sjakkverda og er no levande opptatt av korleis read more »