Tag Archives: skoledebatt

Trist for distriktstroms

I dag la fylkesrådet i Troms fram sitt framlegg til budsjett for 2010, og i samband med det foreslår dei å legge ned Skånland vgs og å samlokalisere Høgtun og Bardufoss. Dei foreslår og å starte ein prosess som kan føre til at Sjøvegan vgs og Sørreisa vgs blir historie. Eg gjekk av som fylkesråd read more »

SV legg ikkje ned skolar

I dag er det blitt brot i fylkesrådssamarbeidet i Troms mellom SV og Ap. Det var ikkje råd for oss å bli samde med AP om den framtidige skolestrukturen i Troms. Derfor har eg i dag sendt dette brevet til fylkesrådsleiaren: AVGANG SOM FYLKESRÅD Med bakgrunn i at det ikkje har vore muleg å komme read more »

Skolestruktur i Troms

Under denne ganske kjedelege overskrifta skjuler det seg enormt med politikk. I Troms var utdanningssektoren underbudsjetter med 30 millionar kroner i 2009. Noko av dette har vi klart å dekke inn i løpet av året, og noko er tilført sektoren undervegs. Det er ingen tvil om dette ikkje kan halde fram. Vi kan ikkje bruke read more »

Sluttar sommaren i morgon? Då kan vi studere digitalt

Eg veit ikkje om det er pessimisme eller ganske enkelt realisme som ligg til grunn for at næringsforeininga i Salangen slår fast at sommaren varer frå 28. juni til femte juli. I alle fall blir alle som kjem til Sjøvegan langs RV84 frå Sørreisa møtt med eit skilt som seier: «Sommer i Salangen 28.juni – read more »

Alle kan søke generell studiekompetanse

Det har blitt ein del styr etter at Utdanningsforbundet i Harstad hadde eit utspel i Harstad Tidende den 11. juni, der dei påstår at vi nektar dei siste Reform 94-elevane å ta påbygging til generell studiekompetanse. Dette er ikkje korrekt. Det som er riktig er at vi legg ned det gamle 20-timerskurset for reform 94-elevane read more »

Privatskolar og SV

I helga har landsstyret i SV mellom anna brukt tida på å klargjere kva som skal vere SVs politikk i forhald til privatskolar. Eg skreiv litt om det vedtaket landsmøtet gjorde her. Grunnen til at det var naudsynt av landfstyret å presisere kva SV sin politikk er, var at landsmøtet vedtok både å støtte dagens read more »

Fråfall og fellesskole

I dag sendte eg ut dette lesarinnlegget saman med Lena Jensen. Vi er veldig glad for at Nordlys og Fremover er opptatt av statusen til yrkesfaga. Fråfallet i vidaregåande skole – spesielt i Nord-Noreg – er eit enormt samfunnsproblem. Det har derfor vore sentralt for Troms SV å arbeide for å få redusert fråfallet, både read more »

Fråfallet, den største utfordringa

Til helga er det årsmøte i Troms SV. Eg sit og kladdar på eit forslag om vidaregåande skole i Troms. Eg tar gjerne mot forslag til korleis eg kan gjere denne teksten betre. Er det noko eh bør ta med? Er det noko eg bør endre på? Kva bør SV meine om vidaregåande skole i read more »