Tag Archives: tromsø

Kva vil skje i Tromsø?

Den 19. oktober tar det nye regimet over styringa av Tromsø. Øyvind Hilmarsen blir leiar for eit byråd samansett av Høgre, Venstre og Framstegspartiet. Kva konsekvensar vil dette få for folk i Tromsø, og på kva måte vil Tromsø vere annleis om fire år? Her er min spådom. Eg trur vi vil sjå ei omfattande read more »

Gode venna

Eg sendte ut denne eposten i morres. Legg den og ut her: Du får denne eposten fordi du på eit eller anna tidspunkt har havna i adresselista mi. Eg stiller til val til kommunestyret i Tromsø, og eg vil gjerne bli valt inn saman med ei sterk SV-gruppe. Derfor skriv eg denne e-posten til deg. read more »

Maks 15 elevar i kvar klasse

Internasjonal skoleforsking viser talet på elevar i kvar gruppe/klasse betyr mykje spesielt i småskolen. Derfor vil SV sørge for at i første klasse i skolen i Tromsø skal ein lærar ikkje ha ansvar for meir enn 15 elevar. Det er i første klasse vi legg grunnlaget for lesing og skriving. Då må vi vere heilt read more »

Ein by open for nye idear

I middelalderen vart Venezia ein av dei største, mektigaste og rikaste byane i verda. Ein av teoriane som prøver å forklare korfor, seier at Venezia skapte seg denne statusen gjennom å vere open for alle typar folk, alle typar yrker og dei mange ideane som oppstår i møtet mellom desse. Tromsø kan lære av kva read more »

Kva er det Høgre og FrP ikkje vil ha?

Høgresida i politikken i Tromsø klager mykje. Dei klager på nesten alt i Tromsøsamfunnet, mens eg veit at det er mykje bra i Tromsø, men sjølvsagt og ting som kan bli betre. Det som kanskje forundrar meg mest er at høgresida klager på at vi har investert i skolar og barnehagar i Tromsø. Derfor spør read more »

Koalisjonen av dei villige

Så har Tromsø fått ein borgarleg allianse. Høgre, Venstre og Frp har gått saman og publisert eit manifest som dei skal styre byen etter. Dersom vi trekk frå alle honørord og det vi alle er samde om, så gjenstår to ting. 1. mistillit til kommunalt tilsette og tru på at private gjer alt betre og read more »

Rangerte skolar

Høgre er svært opptatt av å rangere skolane i Tromsø. Magnus Mæland har lagt ut tala for dette på bloggen sin. Det minste ein måtte kunne forvente er at han gjorde nokre forsøk på å analysere korfor ein skole er betre enn ein annan. Utan ein slik analyse som gjev ei retning for forbetring fortel read more »

Ja til nordnorsk samarbeid

I dag har eit fleirtal på fylkestinget i Troms, dessverre meldt Troms ut av det nordnorske samarbeidet. Ap og Høgre med heftige heiarop frå Frp har bestemt at Troms skal vere seg sjølv nok. Det er kanskje her i Tromsø vi over tid kan oppleve dei største utfordringane dersom det nordnorske samarbeidet bryt saman. Tromsø read more »